Publisert: Publisert:
For mindre enn 30 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: No skal det sparast i kommunen. Kommunedirektøren går hardt til verks. Blant dei felta som skal få kjenne sparekniven er sjukeheimar. 96 plassar skal vekk og dekningsgraden for sjukeheimsplass går ned til 14,2 prosent.
Som om trongen til sjukeheimsplass vipps går ned. 40 plassar på Blidensol skal bort, er framlegget. Ein velfungerande super sjukeheim med veldig dedikert personale som gjer alt dei kan for at bebuarane skal trivast best mogeleg. Som har ein flott park/hage med tilrettelagde gangvegar slik at dei eldre kan rusle rundt med rullatoren, eller sette seg i ein solstol og bare nyte synet av buskar, tre og blomar.
Alt dette er det framlegg om å rasere, med det resultat at mykje god og solid kompetanse forsvinn og smuldrar bort. Alt fordi Stavanger kommune over tid har levd over evne, samstundes som dei bygger eit «slott» til seg sjølv.
Eg er pårørande og har vore ein del på Blidensol. Alt mens du går inn døra kjenner ein roa og den lune atmosfæren. Skuldrene senkar seg, for her har dei eldre det utruleg godt. Så politikarar, det er som regel ikkje for seint å tenkje seg om, for det er dessverre ikkje alltid noko nytt er til det beste!
Publisert:
Publisert: 29. oktober 2025 15:15

6 hours ago
1


















English (US) ·