Stadig fleire nordmenn kastar seg på den eine treningstrenden etter den andre.
Løp blir utselt, pulsmålarar sel som aldri før, og ivrige mosjonistar brukar pengar på naseplaster, aura-ringar og måler søvn-skår.
Men kva med myten som har blitt diskutert i løpeforum i ei årrekke?
Trenden er i alle fall ein del av konkurranserutinen til alle Ingebrigtsen-brørne: Dei barberer beina før konkurranse.
– Ein presterer betre og klarer å få eit betre fokus når ein kjenner seg bra. Så det å kjenne seg bra er veldig nyttig og lurt når ein skal prestere over tid, seier Filip til NRK.
Den mellomste broren er usikker på om det faktisk har ein fysisk effekt, men eldstebror Henrik Ingebrigtsen er klar i sin tale:
– Alle løparar med respekt for seg sjølv gjer det, seier han til NRK.
Han får også støtte av minstebror Jakob Ingebrigtsen.
– Eg tenker det er ei haldning, og eventuelt eit haldningsproblem. Eg tenker at om du ikkje har barbert beina, då vil du ikkje lykkast, seier Jakob til NRK.
NYBARBERT: Jakob Ingebrigtsen under VM i Tokyo i september.
Foto: ReutersUsikker på effekt
Effekten har blitt diskutert hyppig på diverse løpeforum i ei årrekke. Han har også blitt forska på.
Minstebror forklarer at alle ting som kan gjere løpinga di betre, bør gjerast dersom du skal vere best.
– Om du ikkje barberer leggane og det gir meir luftmotstand, så blir jo det plutseleg ein risiko, og han er eg ikkje villig til å ta, seier Jakob.
TETT PÅ: Kvart hår skal vekk frå Filip Ingebrigtsens bein.
Foto: Prime VideoFilip seier han er usikker på om barberinga har ein rein effekt fysikkmessig, men at ein kjenner seg raskare – og at ein ofte derfor blir raskare.
– Då kjem ein litt inn i konkurransemodus òg, når ein har ein rutine. Og når ein får ein del massasje, så er det litt ubehageleg å ha mykje hår på beina.
Brørne einest om at høvel-seremonien er ein del av fleire sjekkpunkt som må gjerast før konkurranse:
– Ta fram heildrakta, sjekke at piggane er skrudd på piggskoa, barbere beina, ete tre timar før. Alle dei tinga er med på at ein førebur seg og kjem inn i bobla med fullt fokus, forklarer Jakob.
Natacha Pisarenko / AP / NTB
Forsking på fysiologiske og aerodynamiske effektar
Ein studie frå 1988 publisert i Journal of Applied Physiology undersøkte effekten av barbering på svømmarar. Etter at utøvarane barberte armar, bein og overkropp, blei laktatkonsentrasjonen etter svømming ved same hastigheit redusert med opptil 28 prosent. Dette blei tolka som ein faktisk reduksjon i motstand og ikkje berre ein psykologisk placeboeffekt.
Daniel Cole / AP / NTB
Fungerer for syklistane
Ein annan kjent vindtunnel-test utført av sykkelprodusenten Specialized viste at barberte bein kunne redusere luftmotstanden med 4–5%, noko som sparte omtrent 50–70 sekund på ein 40 km tempoetappe. Triatleten Lionel Sanders rapporterte under liknande testforhold ein effekt på 13 watt spart, tilsvarande nesten et minutts forbetring i tidsløp.
TV 2 har også omtalt effekten for syklistane.
Brede Bleiklie Thomassen / NRK
Psykologiske og sosiale aspekt
Barbering kan også ha ein identitets- og motivasjonsdimensjon, hevdar fleire. Innan sykling signaliserer glattbarberte bein tilhøyring, profesjonalitet og til og med mentalt fokus – mange utøvarar seier at det følast «raskare» og gir ein konkurranseinnstilling. Det same som Ingebrigtsen-brørne påpeiker.
Kort sagt støttar forskinga at barbering av leggar og kroppshår kan gi små, men reelle fysiske fordelar i idrettar der motstand speler stor rolle – særleg svømming og sykling – i tillegg til praktiske og mentale effektar som mange utøvarar verdset.
Men Henrik er ganske overtydd om at effekten eigentleg ikkje er så stor for løping – reint fysisk.
– Mest mentalt, trur eg. Men om du får massasje på leggene, så er du nøydd til å barbere håret på leggene. Det er ikkje sjanse om ikkje, seier Henrik.
Er det noko for deg?
Men om du for eksempel tar deg ei søndagsøkt på banen på Bislett stadion, så hevdar Jakob Ingebrigtsen at han fort kan spotte om du er ein seriøs løpar eller ikkje.
– Det er litt som med sokkar i piggsko, og å ikkje springe i heildrakt. Det er mange ting der ein kan sjå at: «OK, du prøvar ikkje». Det er vårt syn på det, og sånn vi tenker sjølv. At om vi gjer alle tinga så godt som mogleg, så har vi størst sjanse for suksess.
Du skal altså ikkje ha sokkar i piggskoa, om du lurte. Og ifølge Henrik, så skal du helst ikkje møte opp med hårete leggar heller:
– Eg kjenner det blir som ein syklist med hårete bein. Det ser berre uproft ut.
NY SERIE: Dei tre brørne og alle konene deira møtte pressa i samband med ein ny sesong av dokumentarserien «Born to run» på Prime Video.
Foto: Brede Bleiklie Thomassen / NRK– Anbefaler du barbering til mosjonistar også?
– Eg veit ikkje om det er så mykje å hente der, så eg veit ikkje om eg anbefaler det. Men kvifor ikkje? Om du likar å barbere beina dine, så køyr på. Gjer det du vil, svarer Henrik.
– Er ikkje dei veldig glattbarberte, da? Eg veit ikkje om eg vil anbefale det. Det blir kanskje å strekke det litt langt. Men eg veit ikkje, seier Filip.
Om den mentale og fysiske effekten ved å barbere leggane fungerer, får du rett og slett teste sjølv.
NRK-profil Nicolay Ramm har dei siste åra blitt biten av løpebasillen. Han tar jamleg med dei 68.000 Snapchat-følgarane sine på løpeturar og konkurransar.
Ramm blir sett ut når han høyrer om barberingstrikset til Ingebrigtsen-brørne.
OVERRASKA: Supermosjonist Nicolay Ramm visste ikkje om hårfjerningstrenden.
Foto: Nicolay Ramm– Dette var nytt for meg. Her er det potensielt noko å hente. Eg var kjent med at dette var vanleg i sykling og svømming, men at også løparar skal kanskje ta tidelar på å ta fram barberhøvelen, var nytt for meg, svarer Ramm og ler.
– Men du har allereie levert ganske brukbare tider, som mosjonist, med hårete legger? Er dette verkeleg nødvendig?
– Tenk deg dei tidene eg får nå, da. Kroppen min er jo over snittet hårete og, så her har eg nok tapt mykje tid, svarer han lurt.
Dei beste råda for å lykkast med løping er i alle fall desse, ifølge den mest Henrik Ingebrigtsen: Tren meir, sov meir og jobb mindre.
– Da skal du sjå at resultata kjem så lett som ingenting. Kjempelett. «Henriks fire tips for suksess», seier Henrik Ingebrigtsen med eit smil.
Publisert 27.10.2025, kl. 11.39
























English (US) ·