«Så lenge det er tosifra, kan vi ikkje klage!»
Høyrt dette før?
Ein fattig trøyst for mange når gradestokken viser 12 grader i juli – noko han har gjort mange stader i Noreg denne sommaren.
På Austlandet har det blåst mykje, medan Vestlandet og Nord-Noreg har hatt det særskilt vått.
Ellers har det eigentleg vore en ganske normal norsk sommar.
Det viser mai- og juni-rapportane frå Meteorologisk institutt.
Samstundes har Europa kokt.
Sånn kan ein klassisk norsk sommar sjå ut.
Her frå Gravdal i Lofoten.
12 grader og regn: – Mange synest vi er heldige
Sjølv om dei siste dagane har vore solfylte i nord, ser det førebels ikkje ut til å bli ein reprise av fjorårets legendariske sommar. Dessutan har det vore grått i sør.
Førre veke la påverkar, turgåar og Lofot-buar Helene Myhre (28) ut eit bilde på sin Instagram-story med teksten:
«Eg kan bekrefte at hetebølga i Europa ikkje har kome til Lofoten».
Responsen var stor, også frå utlandet.
Ein gledeleg start på juli!
Foto: Privat– Alle misunner oss!
Dagen før ho la ut bildet, då det var 12 grader, møtte ho ei frå Roma.
«Å gå tur her er ein draum», hadde ho sagt. «Ein orkar ikkje gjere noko i 40 grader».
Det kan norsk-italienske Sara Causarano (39) bekrefte:
– Det er forferdeleg! Vi får ikkje puste.
Causarano og familien bur i Oslo, men er i Roma fordi dei ventar ein tredje son og vil vere med familien. Men dei er mykje inne, fortel ho på telefon frå Italia.
– Det er uuthaldeleg varmt. Det hjelper ikkje at eg er høggravid, ler ho.
IKKJE KOM HIT PÅ SOMMAREN: Reis heller til Italia på våren eller hausten, er rådet hennar. Dei stortrivst i Oslo, og synest temperaturen der er passeleg.
Foto: Privat... men ho forstår godt kvifor nordmenn klagar
Sara Causarano si mor er frå Haugesund. Dermed er italienaren godt van med kalde somrar.
– Eg veit jo at det kan vere surt og vått langs kysten, og forstår veldig godt kvifor nordmenn klagar på vêret. Men for meg er det betre enn hetebølger, seier ho.
Likevel er det ikkje berre berre å bu i Noreg
– Vinteren er lang, mørk og streng. Eg kunne ønska meg litt meir sommar, innrømmer ho.
Heldigvis har hetebølga byrja å minke.
Helene: – Lett å gløyme at vi eigentleg er heldige
– Sjølv om det ikkje er typisk «sommarvêr», må vi tenke at vi er heldige, uansett om det er 20 grader i Oslo eller 12 i nord, seier Helene Myhre i Lofoten.
– Mykje handlar dessutan om forventningar. I fjor var det jo ein fantastisk sommar i nord, men vi kan ikkje forvente det kvart år. Tenk i staden på kva du kan gjere!
Det er akkurat slik ein bør tenkje, meiner klimapsykologen.
GLAD I NORSK KLIMA: Helene Myhre har flytta til Lofoten på grunn av naturen. At vêret er litt ruskete, gjer ikkje noko.
Foto: Trude Furuly / NRKKlimapsykolog: – Handlar om haldningar
– Det er naturleg at vi blir skuffa dersom sommaren blir grå og kjølig. Men det handlar også mykje om korleis vi forheld oss til verda rundt oss.
Det seier psykolog Knut Ivar Karevold.
For det har vore ein lang og mørk vinter for mange.
Det er ikkje rart at mange av oss har lyst på ein skikkeleg smak av sommar.
Dessutan er nok sollys viktig for helsa.
Kva synast du? 14 eller 40 gradar?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Men når alt kjem til alt, får vi ikkje gjort noko med vêret i dag eller neste månad.
– Då er spørsmålet korleis vi skal forhalde oss til det, seier psykologen.
Knut Ivar Karevold
Turglade Knut Ivar Karevold er organisasjonspsykolog og klimapsykolog. Han har ein doktorgrad i beslutningspsykologi, som blant anna handlar om forventningar.
– Kva skal ein gjere da, om ein er vêrsjuk og sommaren ikkje blir betre?
– Det er spesielt to ting, seier han:
Men det er kanskje grenser for kor optimistisk ein kan vere?
Å ta til takke med «tosifra» (altså å vere fornøgd så lenge det er meir enn 9,9 grader) ein heil sommar, kan tære på sjølv dei mest hardhause optimistane.
På ferjekaia i Bodø, på veg til Moskenes og Lofoten, har NRK møtt fleire turistar som synest dei låge temperaturane er helt topp.
Det er jo ikkje lenger så oppsiktsvekkande ...
Men vi fann også ei som ikkje var tilhengar av kulda.
Stefanie frå Tyskland
– Liker du kjølig vêr?
– Nei, eg hatar det. Men det er for varmt i Tyskland no.
– Kva synest du om nordmenn som klagar på vêret?
– Flytt sørover?
Diego frå Spania
– Eg flykta frå hetebølga og kom på ferie hit. Eg føretrekker 10 gradar. No kan eg kle på meg og framleis gjere noko.
– Bør nordmenn vere meir takksame?
– Eg veit ikkje, det er nok annleis å bu her.
Jesse og Sienna frå Australia
– Varmt vêr er noko drit. Det er frisk og deilig luft her i Bodø.
– Kva gjer de når det er veldig varmt i Australia?
– Er ved bassenget, i havet, held oss inne.
Mathilde Eiksund frå Noreg
Er for tida på interrail i Frankrike med kjærasten.
– Det vart for varmt i Paris, så vi sjekka kartet og er no på veg til Bordeaux, kor det er kjøligare. Eg set pris på å kunne reise til varmen, i staden for å ha han rundt meg heile tida.
Foto: Privat
Og til deg som slettes ikkje synest vêr handlar om handlingar:
No kjem varmen! (I alle fall den norske utgåven.)
Publisert 06.07.2025, kl. 19.06 Oppdatert 06.07.2025, kl. 19.23