Ja, til det grøne skiftet – men ikkje til ein kvar pris

12 hours ago 2



Setesdalregionen har vore ein stor bidragsytar for energiproduksjon. No kan vindkraft vere neste steg.

Det grøne skiftet må ikkje bli eit nytt naturinngrep, skriver Margit Dale i dette innlegget. Foto: Frode Verpe

Det bør ikkje skje på kostnad av urørt natur og lokalsamfunn. Energiomstillinga må byggje på rettferd, respekt for naturen og lokal sjølvråderett.

Store ulemper

Vasskrafta har gjeve inntekter, men òg store ulemper for villrein, dyreliv, vassdrag, landskap og natur. Krypsiv øydelegg Otra utan at regulanten tek nok ansvar. Kraftselskapa tener enorme summar, medan grunneigarar sit att med lite og kommunane opplever at kraftinntektene stadig minkar. Det er heller ingen garanti for at kommunane får behalde inntektene fordi storsamfunnet prøver å få kloa i desse inntektene kvart år. Samstundes har innbyggjarane og næringslivet i Setesdal dei høgaste straumprisane i landet, og store delar av krafta me produserer vert eksportert ut.

Naturen er livsgrunnlaget vårt

No kan det sjå ut som om vindkraftutbygging står for tur. Når vindkraft vert bygd ut i urørt natur, står energivinsten ikkje i høve til dei store areal og natur inngrepa i landskap og økosystem. Det er verken forsvarleg eller berekraftig. Slike utbyggingar trugar fugleliv, dyreliv, villrein, reduserer landbruksareal og øydelegg viktige jakt- og friluftsområde. Landskapet vert prega for alltid.

Hva med helseaspektet i vindkraft?

Åpen

Skal ein etablere vindmølleparkar i dei mest sårbare fjellområda med urørt natur? Eg meiner bygging av vindmøller må skje der skaden er minst – på grå industriområde, nær vegar eller i tilknytning til eksisterande anlegg. Det grøne skiftet må ikkje bli eit nytt naturinngrep, men heller ei bærekraftig og lokal verdiskaping. Eit grønt skifte krev at vi utnyttar energien betre. Energisparing, solenergi på tak og grå flater, bioenergi og småkraftverk er tiltak som gjev energi utan store naturinngrep.

Sjølvråderett

Naturen er livsgrunnlaget vårt. Som senterpartipolitikar meiner eg at lokalsamfunna må ha styring over utviklinga i sine eigne områder. Eg ynskjer likevel å uttrykke min personlege meining og mi oppmoding er klår: Kostnaden er for stor til å byggje vindmøller i dei urørte og mest sårbare naturområda ein har.

Read Entire Article