Jakob Ingebrigtsen (24) vann forsøket på 1500 meter i innandørs-VM i Kina på tida 3.39.80.
– Jobben er gjort. Eg trur ikkje er diska. Så det må vere godkjent i dag. Det handlar om å kome seg vidare til finale og ikkje gjere noko dumt, seier Ingebrigtsen til NRK rett etter målgang.
40 sekund tok det frå Ingebrigtsen gjekk i mål til han stod klar til intervju med NRK.
– Det er utruleg at han kan gjere eit intervju så kjapt etter å ha sprunge 3.39 og vere så lite andpusten, seier friidrettskommentator i NRK Jann Post.
– Ja, det er heilt fascinerande, legg friidrettsekspert Christina Vukicevic Demidov til.
Ingebrigtsen heldt seg roleg lenge i heatet ved å ligge bakarst, men da det stod att 250 meter sette han på turboen.
– Det er jo eit VM, så ein skal ikkje tulle. Eg prøver å springe på litt margin og teste om beina funkar og det gjer dei, fortel han.
På spørsmål om han tar sitt første VM-gull i innandørsmeisterskap kryssar Ingebrigtsen fingrane og seier:
– Det får me håpe. Eg er klar i kvart fall.
Ingebrigtsen kjem frå EM-gull på distansen tidlegare i mars. 13.15 på sundag er finalen, og Ingebrigtsen er den store favoritten. Den kan du sjå på NRK 1.
Ingebrigtsen skal også springe 3000 meter. Finalen er 12.33 på laurdag.