«Jeg hater nynorsk!» Tenk å bruke energi på å hate eit språk.

2 weeks ago 10



«Kaller dere det nynorsk der du kommer fra også?» er et spørsmål innleggsforfatteren har fått. Foto: Privat

Eg trur hatet mot nynorsk er blitt ein vane. Nesten ein trend.

Publisert: 03.10.2025 13:19

«Jeg hater nynorsk!» Eg har høyrt det mange gongar. Tenk å bruke energi på å hate eit språk. For det er nettopp det det er – eit språk. Og for meg er det hjartespråket mitt.

Eg heiter Sigrid, er 21 år og har budd i hovudstaden som student i litt over eitt år no. Mange blir heilt sjokkerte når eg fortel at nynorsk var og framleis er hovudmålet mitt. Eg har fått spørsmål som «What? Skriver du nynorsk frivillig?» og «Kaller dere det nynorsk der du kommer fra også?» eller «Jeg visste ikke at det var noen som brukte nynorsk engang, jeg trodde det var i eventyr».

Nesten berre austlandsdialektar

På studiet mitt på Universitetet i Oslo kom nynorsk opp som tema i ei kollokviegruppe: «Helt unødvendig.» «Jeg hater nynorsk med hele mitt hjerte.» Eg skriv ofte notat på bokmål for å tilpasse meg gruppa, men eksamen skriv eg på nynorsk av prinsipp. For meg handlar det ikkje berre om vane, men om identitet. Om å ta språket mitt på alvor.

Eg hugsar ikkje ein gong når vi starta med bokmål i skulen, for det var aldri noko nytt for meg. Det var der heile tida. På TV, i lærebøker, i barnebøker, i barne-TV. Nesten berre austlandsdialektar. I leik som barn herma vi etter det vi høyrde, og praten blei fort ein versjon av austlandsk, tilnærma bokmål. Eg trur mange frå Vestlandet kjenner seg att i det.

For meg handlar det ikkje berre om vane, men om identitet. Om å ta språket mitt på alvor.

Eg har aldri tenkt at bokmål har vore vanskelegare enn nynorsk. Det som er rart, er at for mange bokmålsbrukarar er det stikk motsett. Medstudentane mine hugsar godt då dei starta med sidemål i ungdomsskulen og at dei hata det.

Kva er eigentleg problemet?

Eg trur hatet mot nynorsk er blitt ein vane. Nesten ein trend. Når du aldri høyrer eller les nynorsk i kvardagen, blir det lett noko framandt. Og det vi ikkje forstår, mislikar vi ofte. Det handlar ikkje eigentleg om språk. Det handlar om eksponering og haldningar.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå hadde berre 11,2 prosent av grunnskuleelevane nynorsk som hovudmål i 2024. Og av desse 11 prosentane er det endå færre som faktisk brukar nynorsk i dagleglivet. Men eg er éin av dei.

I Noreg har vi to offisielt likestilte skriftspråk – bokmål og nynorsk – men det er berre på papiret. I praksis er maktbalansen skeiv. Det er krav om at minst 25 prosent av innhaldet til NRK skal vere på nynorsk (NRK, 2024), men det skjer ikkje utan motstand. Fleire eg har snakka med her i Oslo, både unge og eldre, seier at om dei får opp ei sak på nynorsk, så gidd dei ikkje lese ho.

Kva er eigentleg problemet? Latskap? Eller berre uvitskap?

Ropte «Ivar Aasen, ikke gi opp!»

På sida av studiet jobbar eg i Den Mangfaldige Scenen (DMS), eit nynorsk barne- og ungdomsteater midt i Oslo. I fjor vinter fekk eg vere med på produksjonen «Ein dag i Nynorskens Hus» saman med sjetteklassingar frå ulike Oslo-skular. Framsyninga er produsert av Den Mangfaldige Scenen i samarbeid med Bondeungdomslaget i Oslo, Norsk målungdom og Den Kulturelle Skolesekken i Oslo.

Når du aldri høyrer eller les nynorsk i kvardagen, blir det lett noko framandt

Men dette var ikkje ei vanleg framsyning. Her skulle elevane bidra med tankar og idéar og vere med på ei reise gjennom språkhistoria frå alt starta og fram til i dag.

Ivar Aasen, Knud Knudsen, Hulda Garborg og sjølvaste Pesta frå svartedauden kom til liv. Skodespelarane tok oss med gjennom historia og viste kvifor vi faktisk har to skriftspråk, og kvifor det er så viktig. Eg har aldri sett slikt engasjement rundt nynorsk som det eg såg då. Ungane lo, skreik, vart skremde og glade, og på eitt tidspunkt ropte alle i kor med austlandsdialekt:
«Ivar Aasen, ikke gi opp!»

Elevane elska det. Eg overhøyrde ein som sa «Dette er det gøyeste vi har vært med på!», og ein annan som sa «Jeg vil gjøre det igjen!»

Ei ny haldning til nynorsk i skulen

Eg skulle ønskt at eg sjølv hadde fått vere med på eit slikt opplegg før eg kom opp i språkhistorie til munnleg eksamen. Det ville gitt meg eit mykje betre overblikk, sjølv om det var på vidaregåande.

Etter berre 90 minutt sat elevane att med ny kunnskap og kunne reflektere over det dei hadde lært. Framsyninga trefte det faglege, men også det kulturelle og kreative.

Eg er overtydd om at slike opplevingar kan vere med på å skape ei heilt ny haldning til nynorsk i skulen. For det er slike positive opplevingar barn hugsar og tar med seg vidare i livet. Eg er heilt sikker på at denne produksjonen også vil kunne fungere i ungdoms- og vidaregåande skular, med litt tilpassing.

Det handlar ikkje berre om grammatikk, det handlar om kultur, historie og identitet.

Kampen er verdt å ta

Eg har tru på og håp om at hatet mot nynorsk ikkje er noko permanent. Det er ein trend, eit resultat av systematiske manglar på eksponering, representasjon og språkleg mangfald. Og det kan endrast.

Vi er kanskje berre ein prosentdel igjen som brukar nynorsk. Men kampen er likevel verdt å ta. Tenk å bruke så mykje energi på å hate eit språk. Det er nesten litt flaut.

Read Entire Article