Nye tal frå Forsvaret tyder på at mange rekruttar ikkje toler belastninga dei går gjennom i førstegongstenesta.
Publisert 08.04.2026 11:03 Sist oppdatert 14 minutter siden
For første gong har Forsvaret gjennomført ein systematisk gjennomgang av skadeomfanget i førstegongstenesta.
Det dei fann, overraska overlege og forskar frå Forsvarets sanitet, Kaare Midtgaard.
– Det som overraska mest var det høge omfanget. Vi har over tid sett at over femti prosent av rekruttane vil ha ein eller fleire muskel- og skjelettskadar i løpet av året dei er i førstegongstenesta, noko som er svært høgt.
Mest belastningsskadar
Forsvaret ønska meir informasjon om kva type skadar rekruttane får, slik at dei kan sette inn tiltak og tilpasse treninga ved behov.
Kartlegginga vart utført dei første sju vekene av rekruttperioden. I løpet av denne perioden fekk 34 prosent av rekruttane minst ein skade.
81 prosent av skadane var belastingsskadar.
– Det er klart at når ein er i aktivitet, er ein meir utsett for skadar. Ein del av dei kan sannsynlegvis unngåast, og det er vår jobb å identifisere dei og sette i verk tiltak, seier Midtgaard.
Dette har Forsvaret undersøkt
Undersøkinga blei gjennomført ved rekruttskulane på Terningmoen og Madla i treningsvekene to til sju.
Flest rekruttar rapporterte om ein skade i treningsveke 5, med 21 prosent.
Lågast andel skadar blei meld i veke 2, med 15 prosent.
Kne var den mest utsette kroppsdelen gjennom heile perioden, med totalt 190 rapportere skadar. Deretter følgde ankel og legg.
I alle treningsveker var det belastningsskader som var den største skadegruppa. Dette omfattar skadar knytt til overbelasting, langvarig ståing, utilstrekkeleg restitusjon eller trening utan tilstrekkelege pausar.
Pilotprosjektet starta hausten 2025 og blei gjennomført ved rekruttskulane på Terningmoen og Madla.
Antal deltakarar per veke varierte mellom 389 og 998, med ein gjennomsnittleg svarprosent på 54 prosent.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Forsvarerts helseregister, forskarar frå Noregs idrettshøgskule og rekruttskulane ved Sjøforsvaret og Hæren.
Kjelde: Forsvarets sanitet
Dårlegare form?
Studien er den første av sitt slag, og det går dermed ikkje an å slå fast korleis skadeomfanget har utvikla seg over tid.
Men tilsette i Sjøforsvaret ser tydelege teikn til at utviklinga går feil, veg.
Tal frå Noregs største rekruttskule på Madla viser at stadig færre klarar Nato-kravet om å springe 3000-meteren på 15 minutt.
Tala blei presentert av ein bekymra André Ringdal, sjef for Sjøforsvarets idretts- og treningssenter og øvste fagperson for militær idrett og trening i Forsvaret.
– Vi ser redusert fysisk form og ein auka skaderisiko blant rekruttane. Spring du på 16.30 har du 80 prosent høgare sannynlegheit for å bli skada, uttalte Ringdal i TV 2-dokumentaren «Pappatreneren.».
Han er blant fleire som har ropa varsku om at stillesittingspandemien no får synlege konsekvensar.
– Folk må lære å gå
På løpetur i skogen i Ski, møter TV 2 oberstløytnant Bjørnar Dullum, som har fagansvar for militær idrett og trening ved Hærens våpenskole.
Han er klar i talen:
– Folk trener som før, om ikkje meir enn før, men den daglege stillesittinga er blitt altfor lang. Det er ikkje naturleg for eit menneske å vere så mykje i ro.
Han meiner det er eit stort samfunnsproblem at gåing i større grad er blitt erstatta av elsparkesyklar, rulletrapper og heis, og at folk brukar store delar av dagen framfor ein skjerm.
– Gåing er naturleg. Folk må lære seg å gå! Det er kjernen i bevegelsen til eit menneske, seier han.
For når formen til dei som kjem inn er dårlegare, blir det meir utfordrande for Forsvaret å trene dei opp.
– Rekruttane er eit resultat av dei ungdommane vi får inn i Forsvaret. Viss nivået er for lågt, blir det ei formidabel oppgåve for Forsvaret å bygge dei opp. Vi er avhengige av eit minimumsnivå.
Urovekkande utvikling
Dullum har lang erfaring i Forsvaret, mellom anna som fagsjef for militær idrett og trening ved Hærens våpenskole, der han no jobbar.
Også han er uroa for utviklinga.
– Vi ser nedadgående fysisk form. Særleg uthald og kondisjon har gått ned betrakteleg. Det er det som er det viktigaste arbeidskravet i Forsvaret, seier Dullum.
Han meiner inaktivitet er den største trusselen mot helse og fysisk form, og at det ikkje er nok å bruke timevis på treningsstudio.
– Det handlar ikkje nødvendigvis om kor mykje du tar i benk, eller om kor fort du klarar å springe, det handlar om å tole belasting over tid. Det er ikkje ungdom vane med.
Han slår eit slag for meir gåing, løping og friluftsaktivitetar som ein sentral del av løysinga.
– Det er den daglege aktiviteten som herdar sener, knoklar og bein. Muskulatur bygger vi rakst opp, men skjelettet tar år å bygge opp.
Har mykje å seie
Overlege Kaare Midtgaard ser ikkje like mørkt på utviklinga.
Medan forma blant rekruttane i Sjøforsvaret og Luftforsvaret ser ut til å ha blitt dårlegare, viser testane at forma til rekruttane i visse greiner i Hæren faktisk har blitt betre.
Midtgaard meiner likevel ikkje det er eit stort problem for forsvarsevna i Noreg at forma dalar hos rekruttane i enkelte forsvarsgreiner.
– Ein må sjå på kva jobb dei er selektert til å vere i. Sjølv om den fysiske forma har falle noko, betyr ikkje det at dei ikkje kan gjere jobben på ein veldig god måte, meiner Midtgaard.






English (US)