Ei kartlegging utført av BBC avslørte at hans 27 reiser med eit privatfly i gruppespelet av VM tilsvarte utsleppet av det gjennomsnittlege årlege klimaavtrykket til 78 menneske globalt.
Ifølgje BBC var Infantino til stades på 24 gruppespelkampar og til dels vart observert i ulike arrangørbyar same dag. Han skal ha brukt meir enn 66 timar i privatfly under det drygt to veker lange gruppespelet.
– Eg har ikkje sett meg inn i den logistikken, men eg observerer at han reiser rundt på veldig mange kampar, seier Lise Klaveness til NRK.
– Han kom jo på vår Senegal-kamp i det 85. minuttet rett frå ein annan kamp. Så det høyrest jo ut som ein reiseplan som er litt kontroversiell.
PRESIDENT: Lise Klaveness har eit greitt forhold til FIFA-sjef Gianni Infantino, men synest hans mange flyturar under VM er kontroversielt.
Foto: Håvard Greger Hagen / NRKFotballpresidenten fortset:
– Ein ting er berekraftsdelen av det. Men det må jo ha ei eller anna forankring, ei avgjerd. Det har ikkje vore sånn før at ein er på 1. omgang ein stad og på 2. omgang ein annan stad og må fly imellom. Så det er jo kontroversielt. Det er ikkje sånn vi ville ha gjort det.
Dette svarer Fifa
NRK har vore i kontakt med Fifa for ein kommentar til utsegnene frå Klaveness. I eit svar til NRK seier fotballforbundet at dei har eit «rammeverk for reiser og flygingar for alle Fifa-representantar».
Eit utval av Infantinos besøk på VM-kampar kan du sjå her:
20. JUNI: Her står FIFA president Gianni Infantino saman med Japans Hisako, prinsesse Takamado under kampen mellom Tunisia og Japan på Monterrey Stadium i Guadalupe, Mexico.
Foto: JULIO CESAR AGUILAR / AFP / NTB20. JUNI: Same dag stod Infantino klar for avspark mellom Nederland mot Sverige på Houston Stadium i Houston.
Foto: PAUL ELLIS / AFP / NTB21. JUNI: Her står Infantino på tribuna under kampen mellom Uruguay og Kapp Verde på Miami Stadium i Florida.
Foto: Marco Bello / Reuters / NTB22. JUNI: Saman med Irak sin fotballpresident, Younis Mahmoud, så Infantino kampen mellom Frankrike og Irak på Philadelphia Stadium i Philadelphia.
Foto: ROBERTO SCHMIDT / AFP / NTB27. JUNI: I kampen mellom Colombia og Portugal på Miami Stadium, Florida, møtte presidenten USAs utanriksminister Marco Rubio (t.v) og FBI-sjefen Kash Patel (t.h).
Foto: Paul Childs / Reuters / NTB28. JUNI: Her står FIFA presidenten klar for Sør Afrika mot Canada på Los Angeles Stadium i California.
Foto: KIRBY LEE / Reuters / NTB29. JUNI: I kampen mellom Brasil og Japan var FIFAs president synleg på Dallas Stadium i Texas.
Foto: David J. Phillip / AP / NTB30. JUNI: På Noreg sine kampar har også FIFA president Gianni Infantino vore å sjå. Dette var på Dallas Stadium i Texas.
Foto: Reuters2. JULI: På Los Angeles Stadium i California var Infantino klar for 16-delsfinalen mellom Spania og Østerrike.
Foto: KIRBY LEE / Reuters / NTB
«Fifa-presidenten reiser regelmessig, saman med relevante representantar, i forretnings- og turneringssamanheng, og strevar etter å besøke Fifas medlemsforbund så ofte han kan.
Nokre gongar organiserast reiser med kommersielle flyselskap (inkludert lågprisselskap), og andre gongar med privat charter, avhengig av kva som er mest effektivt og kostnadseffektivt under dei gitte omstenda. Fifa dekker reisekostnadane».
I DALLAS: Fifa-presidenten på tribunen med Lise Klaveness og Karl-Petter Løken for Elfenbeinskysten og Noreg.
Foto: ReutersKlaveness vakte kraftig merksemd med sin tale på Fifa-kongressen i 2022. I innlegget tok Noregs fotballpresident eit kraftig oppgjer med Fifa og deira tildeling av Qatar som vertsnasjon for fotball-VM.
– Ikkje personleg
– Korleis er forholdet mellom dykk to?
– Dette er jo ikkje ein person eg har eit personleg forhold til. Han har jo vore president i heile mi tid, og vi er jo medlemmer i Fifa. Eg håper og trur at han veit veldig godt at våre bekymringar og dei tinga vi har uttalt oss om ikkje er personleg. Og det er det heller ikkje. Eg veit at media og den ytre logikken prøver å gjere det personleg, men det er ikkje sånn vi jobbar. Vi berre prøver å vere veldig saklege heile tida.
DET OVALE KONTOR: Infantino har dyrka eit nært forhold til Trump. her er han på besøk i Det kvite hus i august 2025.
Foto: ANDREW CABALLERO-REYNOLDS / AFP,NTBNFF har heile tida vore kritisk til at Infantino under VM-trekninga i desember gav ein fredspris til USAs president Donald Trump.
– Utanfor Fifas mandat
– Det har ingen forankring i styret, og det er utanfor Fifas mandat. Og at det er veldig stor fare for at det blir politiske bindingar med den typen påskjønningar til statsoverhovudet, for det blir jo fort statsoverhovudet som kjem i ein sånn posisjon, seier Klaveness.
FØLGER ALT: Lise Klaveness er til stades med landslaget under heile VM. Her er fotografert saman med teamleiar Are Hokstad på ein trening i Greensboro, Nord-Carolina.
Foto: Fredrik Varfjell / NTBHo lagar hermeteikn med fingrane når ho omtalar «fredsprisen»:
– Kan Infantino ha redda fotball-VM med sitt nære forhold til Trump – at Trump elles ville ha kuppa meisterskapen politisk?
– Det får analysen i ettertid vise. Du må uansett ha eit nært forhold til statsoverhovudet når du har eit meisterskap. Det gjeld uansett kvar det er. Du er nøydd til å jobbe tett med landets styresmakter. Det gjaldt også kvinnenes Champions League-finale vi hadde i Oslo. Vi jobbar veldig tett med Oslos lokale styresmakter og norske styresmakter for å få det til.
– Kvifor?
– Flyplassar, vegar, det invaderer jo landet ditt. Så vi er nøydde til å jobbe tett med statsoverhovudet. Det har alle før han gjort også. Så meiner vi det vi meiner om det som skjedde med utdelinga av den såkalla fredsprisen. Det meiner vi var unødvendig.
Publisert 03.07.2026, kl. 12.30 Oppdatert 03.07.2026, kl. 12.39














English (US)