Knust av Canada etter «kunststein»: – Turneringas stein

2 weeks ago 13



8. mars 2026 kl. 18:32

Rosenborg med kjempesmell – slått ut av cupen

Rosenborg trudde dei hadde avansert vidare i cupen då dei leia 2–1 mot Bryne når 90 minutt var spelt.

Men så dukka Bryne-spelar Sjur Jonassen opp fem minutt på overtid og utlikna til 2–2.

– Eg synest vi speler ein bra 2. omgang, og fortent utlikna vi. I ekstraomgangane er det ikkje tvil. Då er vi betre enn dei, så det er fortent, oppsummerte Bryne sin trenar Ørjan Heiberg til TV 2.

I ekstraomgangane snudde laget frå Jæren kampen. Etter 104 minutt sette Nicklas Strunck inn 3–2 før Jonassen scora sit andre mål for dagen like før slutt.

Bryne vinn 4–2 mot Rosenborg på Jæren, i cupens 4. runde.

– Det er for dårleg, så klart. Beklagar til alle RBK-fans. Vi skal gjere det betre, seier Rosenborg-spelar Aslak Fonn Witry til TV 2.

Rosenborg sin trenar, Alfred Johansson, var fornøgd med starten på kampen, ikkje siste halvdel.

– Den siste halvtimen av andre omgang synets eg vi fell i nivå. Dei blir meir offensive og sett på freshe spelarar med fysikk. Det er mykje trafikk rundt stopparane våre. Vi hamner for langt frå kvarandre og vinn for lite andreballar.

– Det er ein stor kamp og veldig gøy. Vi er ein veldig fin gjeng, sa Brynes tomålsscorar Jonassen til TV 2 like etter kampslutt.

En fotballspiller står med armene i siden, synlig frustrert etter en situasjon. Han har på seg en svart drakt med grønne detaljer. I bakgrunnen kan man se spillere i røde drakter som forbereder seg til å spille. Omgivelsene ser ut til å være en fotballbane med dårlig belysning. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Carina Johansen / NTB
Read Entire Article