Ein video frå Kreml viser den russiske presidenten Vladimir Putin som står med opne armar og eit smil om munnen før han handhelsar og gjev eit høfleg klapp på armen til USAs spesialutsending Steve Witkoff.
Kreml stadfestar at denne gongen har dei snakka om forhandlingar mellom Ukraina og Russland.
– Vi har kome nærare kvarandre om Ukraina og andre spørsmål, seier ein talsperson for Kreml etter møtet.
Vladimir Putin tok Witkoff i mot med opna armar, eit smil om munnen og ein høfleg klapp på skuldra fredag.
Foto: Kristina Kormilitsyna / Reuters / NTBDet tre-timars lange møtet er fjerde gang Witkoff er i Russland sidan Trump blei innsett som president i januar.
Møtet skjer medan Donald Trump legg eit aukande press på både Moskva og Kyiv for å bli einige om ei våpenkvile.
Har nok snakka om Ukraina
I eit intervju til CBS News torsdag seier den russiske utanriksministeren Sergei Lavrov at Russland er «klar» til å bli einig med Ukraina og at avtalen skal berre «finjusterast».
Den russiske utanriksministeren Sergei Lavrov.
Foto: Tatyana Makeyeva / AP / NTBDet er likevel mykje some er uklart om kva som skjer med dei mest sentrale punkta i ein potensiell fredsavtala mellom Russland og Ukraina.
Steve Witkoff er USA og Donald Trump sin spesialutsending.
Foto: Kristina Kormilitsyna / Reuters / NTBRussland har tidlegare kome med krav om at ein fredsavtale med Ukraina skal anerkjenne den russiske annekterte Krimhalvøya som russisk.
Rett før møtet publiserte magasinet TIME eit intervju med Donald Trump.
– Krimhalvøya vil bli verande hjå Russland. Og dette forstår Zelenskyj, seier Trump i intervjuet.
Ukraina står framleis fast ved at dette ikkje er akseptabelt.
Eit anna krav frå Russland er at Ukraina skal halde fram med å vere nøytral til Nato-medlemskap.
Også andre punkt er framleis uklare, som for eksempel punkt som tryggingsgarantiar for Ukraina og europearar sitt ynskje om å ha fredsstyrkar i Ukraina.
Steve Witkoff blei frakta i kortesje etter han landa i Moskva fredag.
Foto: Maxim Shemetov / Reuters / NTBBloomberg skriv fredag at Russland kan gå med på å droppe kravet om å demilitarisere Ukraina.
Om dei to partane ikkje bli einige, har Donald Trump truga med å trekke USA frå forhandlingane innan få dagar. Dette har så langt ikkje skjedd.
Dette har skjedd dei siste 24 timane
Møtet mellom Wtikoff og Putin skjer i ei uroleg tid mellom Ukraina og Russland.
Torsdag delte Trump sjeldan kritikk av Putin etter at ein ballistisk missil trefte eit bustadområde vest i Kyiv: «Vladimir, STOPP!», skreiv han på Truth Social. 12 menneske blei drepne i angrepet.
Fredag blei ein høgståande russisk offiser drepen i ei bilbombe i nærleiken av Moskva, ifølgje fleire russiske medium. Bilen var parkert då offiseren gjekk forbi.
Det er enno ikkje stadfesta kven som står bak angrepet, men Russland klandrar Ukraina for å stå bak.
Utanfor Moskva blei ein russisk offiser drepen i ein bileksplosjon fredag.
Foto: Yulia Morozova / Reuters / NTB– Der er grunn til å tru at Ukraina sine spesialstyrkar er involverte i drapet, seier talsperson for det russiske utanriksdepartementet Maria Zakharova.
I desember skjedde også eit liknande angrep. Den russiske generalen Igor Kirillov blei drepen då ei bombe eksploderte utanfor ei bustadblokk i Moskva.
Ei kjelde i tryggingsapparatet i Ukraina sa då til fleire medium at det var den ukrainske tryggingstenesta som stod bak attentatet.
Publisert 25.04.2025, kl. 17.09 Oppdatert 25.04.2025, kl. 17.29