Når regjeringa no vil evaluere doktorgradsutdanninga, burde perspektivet vore breiare. Det er for smått å sjå på direkte arbeidslivsrelevans for norskutdanna doktorgradskandidatar.
Publisert: 05.03.2026 07:00
Regjeringa oppnemnde 2. februar eit nytt utval for å gjennomgå doktorgradsutdanninga i Noreg og korleis den bør sjå ut for å styrka kvalitet og relevans, og kome heile samfunnet til gode. Dette er vel og bra, men som leiar i ein sektor som lever og utviklar seg i eit globalt akademisk fellesskap så er det urovekkjande korleis dette arbeidet er sett opp. Eg meiner det er eit fornorska perspektiv i mandatet til det nye utvalet.
Gitt at målet er å styrka kvaliteten i norsk forsking og utdanning, må ein ha eit vidt nok perspektiv til å fanga alt som bidreg til dette. Då vert det for smått å sjå på direkte arbeidslivsrelevans for norskutdanna doktorgradskandidatar. Etter mitt skjøn er kor gode jobbar kandidatane får internasjonalt, det beste signalet på kvaliteten i forskarutdanninga.
Ny kompetanse
Slike plasseringar er eit resultat av at vi har rekruttert gode studentar, hatt ein fagstab og eit miljø som har gjeve dei god skolering og rettleiing, knytta dei til relevante internasjonale nettverk og førebudd dei på internasjonal konkurranse om dei beste forskarstillingane.
Samstundes skal vi rekruttera så godt vi kan frå den internasjonale arbeidsmarknaden både til doktorgradsutdanninga og som fagstab, også norske med internasjonal bakgrunn. Når så ein del av kandidatane reiser ut for å utvikla seg vidare i dei beste miljøa, så kan dei òg koma heim att med heilt annan kompetanse enn då dei reiste.
Forsking er ei global øving – også for norske toppforskarar. Kunnskapsfronten er ikkje lokal og nasjonal, den er felles mellom forskarar på tvers av landegrenser. Det ser vi gjennom kva konferansar, foreningar og journalar som er mest anerkjente på ulike felt, og det aukande fokuset på internasjonalt finansierte forskingsprosjekt som til dømes frå European Research Council.
Då hadde eg venta at departementet hadde hatt tilsvarande perspektiv på dette arbeidet. Ein stor del av forskarane i Noreg har internasjonal bakgrunn og erfaringar, og dette hadde vore eit glitrande høve til å gjera utvalsarbeidet på engelsk og så heller omsetja rapporten til norsk etterpå.
Mangfaldet?
Ein kunne òg ha invitert inn relevant kompetanse frå andre land til å arbeida med eit tema som slett ikkje er unikt for Noreg. Norske styresmakter har ein konservativ tradisjon for heilnorske offentlege utval, og eg har sjølv vore i tre slike, men når utfordringane er så internasjonale, burde ein ha nytta høvet til å invitera inn andre enn berre folk som er norske eller forstår norsk.
Dette er ikkje kritikk av dei enkeltpersonane som er i utvalet eller deira kompetanse, men ein generell uro over at styresmaktene aldri ser ut til å villa engasjera heile mangfaldet av kompetanse i sektoren.
Eg vil oppmoda utvalet til å bruka breidda i mandatet til å løfta sitt perspektiv på kva som gjev kvalitet i både forskarutdanninga og i forskinga – ikkje berre fokusera på talet på kandidatar, men óg kva ein kan læra frå andre land. Det kan skje til dømes ved å ha innspelsmøter på engelsk med internasjonale forskarar i Noreg og med aktuelle miljø i andre land.
Verdien av fullt internasjonalt akademisk samspel i møte med større felles globale utfordringar er viktigare enn nokon gong.

6 hours ago
3









English (US)