Laurdag annonserte antikorrupsjonsbyrået NABU at dei hadde avslørt det dei kallar ein storstilt korrupsjonsring.
Ein ukrainsk parlamentsmedlem, to lokale tenestepersonar, fleire i nasjonalgarden og direktøren i eit droneselskap, er blant dei som skal ha deltatt i korrupsjonen. Fire personar er arresterte.
Deltakarane i den organiserte gruppa skal systematisk ha tileigna seg pengar meint til å kjøpe dronar og utstyr til elektronisk krigføring i perioden 2024 og 2025.
Store beløp skal ha blitt fordelte mellom deltakarane i korrupsjonsringen. Dette biletet er publisert av NABU i samband med etterforskinga.
Foto: NABU / NABUSkal ha kjøpt dronar til kunstig høg pris
Ei av dei ulovlege ordningane som blei avdekka, skal ha gått ut på å blåse opp prisen på statlege kontraktar for innkjøp av elektroniske krigføringssystem.
I gjengjeld for å sette opp prisen, skal tenestepersonane ha fått 30 prosent av verdien igjen som bestikkingar, skriv NABU.
Liknande metodar skal ha blitt brukte i anskaffing av FPV-dronar.
Avisa Ukrainska Pravda skriv detaljert om ein av de mistenkelege kontraktane: Eit ukrainsk selskap skal ha fått ein statleg kontrakt for å produsere og levere FPV-dronar for 2,4 millionar kroner, ifølgje avisa.
Totalt skal rundt 440.000 kroner frå denne kontrakten ha blitt fordelte mellom medlemmane i korrupsjonsringen.
Ukraina har i mange år vore eitt av dei mest korrupte landa i Europa, ifølgje Transparency International.
Ein ukrainsk dronepilot testar ein FPV-drone i Ukraina i juli i år. Piloten har på seg briller med ein integrert skjerm, noko som gjør at han kan sjå gjennom samtidig som han flyr den.
Foto: TETIANA DZHAFAROVA / AFP / NTBNorske milliardar til dronekjøp
Dronar er ein svært viktig del av krigføringa i Ukraina.
Den norske regjeringa har nyleg kunngjort at dei vil kjøpe dronar for 6,5 milliardar norske kroner til Ukraina. Pengane skal mellom anna gå til ukrainsk våpenindustri.
Forsvarsminister Tore O. Sandvik møtte president Volodymyr Zelenskyj i Kyiv i juni.
Foto: Pressebilde/president.gov.uaNRK har spurt Forsvarsdepartementet om pengar frå Noreg kan ha blitt misbrukte av korrupsjonsringen som no er blitt avdekt.
Forsvarsminister Tore O. Sandvik skriv i ein e-post til NRK at departementet vil følgje opp saka.
– Vi vil følgje opp saka gjennom Forsvarsmateriell sitt samarbeid med ukrainske innkjøpsstyresmakter og vår ambassade i Kyiv, skriv Sandvik.
– Norsk militær støtte til Ukraina er ein del av eit breitt internasjonalt samarbeid. Generelt er det forhøga risiko knytt til denne støtta. Ho er likevel heilt nødvendig for å bistå Ukraina i deira legitime forsvarskamp mot Russland, seier ministeren.
Den norske foreininga Fritt Ukraina har finansiert innkjøp av dronar til frontlinja i Ukraina.
Generalsekretær Natalia Antonia Golis er ikkje uroa for at pengar frå norske givere har blitt misbrukt.
– Vi har ikkje grunn til å tro at nokon av våre dronar har blitt kjøpt inn til overpris eller kommen på avvege, seier Golis til NRK og peikar på omfattande rutinar.
Nyleg gjenvunnen uavhengigheit
I ein tale laurdag, kommenterte president Volodymyr Zelenskyj avsløringa.
– Dette gjeld diverre svindel i anskaffinga av elektronisk krigføring og FPV-dronar. Absolutt umoralsk. Dei ansvarlege må stå til rette for dette, sa han, og takka NABU og SAPO for arbeidet.
Anti-korrupsjonsmyndigheitene NABU og SAPO kom med kunngjeringa to dagar etter at nasjonalforsamlinga gjenoppretta uavhengigheita deira.
Det skjedde etter at eit lovforslag om å gi riksadvokaten større kontroll over etterforskinga deira, gjekk gjennom i parlamentet, og blei møtt med massive demonstrasjonar.
President Zelenskyj godkjende først den innskrenkande lova, før han deretter signerte kontralova etter stort press frå sivilsamfunnet og EU.
Blant dei som no blir skulda for å ha tatt del i korrupsjonsringen, er ein av dei som stemte for den første lova, som ville ha innskrenka myndigheita til korrupsjonsjegerane.
Frå Zelenskyjs parti
NABU og SAPO har ikkje sjølv identifisert dei arresterte offentleg, men fleire ukrainske medium gjer det, basert på lukka kjelder.
Ukrainska Pravda namngir mellom anna parlamentsmedlem Oleksij Kuznietsov, som tilhøyrer regjeringspartiet Folkets tenar.
Leiaren for Folkets tenar si parlamentsgruppe sa søndag at også Kuznetov vil bli utestengt frå gruppa medan saka går i retten.
– Dei som er skuldige i korrupsjon, må bli straffa, uavhengig av status eller stilling, sa David Arakhimia.
Den ukrainske avisa namngir også tidlegare guvernør i Luhansk, Serhij Haidai, og guvernør i byen Rubizhne, Andrij Jurchenko.
Jurchenko er avskjediga av Zelenskyj, det same er Haidai.
Innanriksminister Ihor Klymenko seier til The Kyiv Independent at Nasjonalgarden har fjerna dei mistenkte frå sine postar og satt i gang ei intern etterforsking.
Publisert 03.08.2025, kl. 21.35