Kosetur blei monsterøkt på elleve timar: – Var i transe

3 hours ago 1



– Det var nesten så eg sovna ned Kjerkebjerget der, da var eg heilt i transe, seier Vetle Sjåstad Christiansen.

Vi spolar tida elleve timar tilbake. Oslo-baserte Sturla Holm Lægreid, Vetle Sjåstad Christiansen og Endre Strømsheim møtest ved Bogstad Camping klokka 09.00.

Sykkelruta er nøye planlagd, og sekken er fylt med næring der hovudingrediensen er sukker. Planlagt tidsbruk er eigentleg 8–9 timar.

– Vi gjer jo dette for at det skal bli nyttig til vinteren. At blodårene lengst ute i vevet skal bidra til å frakte oksygen, og det tar litt tid og da må ein trene lenge. Dette er billige treningstimar, det bygger toleevne, og så er det sosialt, forklarer Christiansen.

tre menn sammen

BEHELDT HUMØRET: Elleve timar etter at dei la ut på turen, kom Endre Strømsheim (til venstre), Vetle Sjåstad Christiansen og Sturla Holm Lægreid tilbake til Oslo – noko slitne.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Det har blitt midten av august og skiskyttarane har starta ein av dei viktigaste fasane for å finne forma til ny sesong der OL er hovudmålet. Men treningsøkta dei skal ha denne dagen, skil seg litt frå ein vanleg dag – for dei aller fleste vintersportsutøvarane.

Framfor dei ligg ikkje berre 120 kilometer på sykkelsetet på grusvegar. Dei skal også springe opp dei høgaste toppane i Nordmarka:

  • Oppkuven (704 moh.)
  • Ringkolltoppen (702 moh.)
  • Svarttjernshøgda (717 moh.)
  • Lamannshaugen (705 moh.)
  • Helgehaugen (706 moh.)
  • Kjerkebjerget i Oslo (631 moh.)

Men at det er ei ekstremøkt, vil dei (foreløpig) ikkje gå med på at det er.

Koker eigen sirup

Klokka har blitt nesten 12.00 når NRK møter dei på Ringkollen i Ringerike kommune. Dei skiftar sko og set i veg opp til toppen, bortsett frå Lægreid, som har trøbla litt med eit kne sidan samlinga på Blinkfestivalen. Han syklar seg nokre ekstra rundar i staden.

Det er behageleg å trene sånn, men det seier eg etter to timar, så får vi sjå korleis eg kjenner meg etter sju–åtte. Det er herleg å variere korleis ein trenar, at ikkje alle økter er to timar sykling eller tre timar rulleski med skyting, fastslår Lægreid.

  • mann spiser skolebolle

    Sturla Holm Lægreid spiser skolebolle under treningsturen.

    Foto: Hanne Skjellum / NRK
  • mann drikker brus

    Vetle Sjåstad Christiansen sikrer næringsinntaket underveis i økta.

  • fire menn rasteplass

    Vetle Sjåstad Christiansen, Emil Sørgård, Sturla Holm Lægreid og Endre Strømsheim tok en pause på Ringkollen.

    Foto: Hanne Skjellum / NRK

Nokre dagar må vere spesifikt for skiskyting, men det er herleg med sånne økter, meiner Strømsheim, som er kjent for ekstreme treningsmengder.

Det utøvarane er mest bekymra for, og klar over, er å ete nok. Posen med bamsemums er tom, og skolebollar og brus er neste på menyen. Lægreid viser fram ei drikkflaske med spesiallaga sirup.

Utøvarane har også snakka med ernæringsfysiolog med tanke på inntak under lange økter.

– Vi kan ete ein kilo reint sukker på ei sånn lang økt. Det er ikkje noko å anbefale til sofaen, men her i skogen er det bra, legg Strømsheim til og tar ein bit smågodt.

Måtte avlyse planar

Christiansen følger ekstra med på eigen kropp. Han har opplevd å «gå tom» tidlegare, og med det aukar restitusjonstida og treningseffekten kan bli mindre. I sommar har han kjent seg i godt slag, lagt ned mange treningstimar, og unngått sjukdom.

mann med sykkelhjelm

SPESIAL-LUNSJ: Vetle Sjåstad Christiansen viser fram ein del av matpakken; to polarbrød med Nugatti, kvit sjokolade og ballerinakjeks.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Eg er mykje flinkare til å tilpasse næringsinntaket på dei lange turane nå enn eg har vore før, seier han, før turen fortset.

Det har gått nesten tre timar til når NRK igjen møter gjengen, som har fått selskap av Emil Sørgård i Skiskyttarforbundet undervegs. Christiansen har fått eit skrubbsår på kneet etter eit ufarleg sykkeluhell, men elles er motet framleis på topp sjølv om dei allereie har halde på i seks timar.

– Det er langt heim igjen. Vi er vel så langt unna som vi kan vere nå, her ytst i marka med utsikt over Jevnaker, seier han.

utsikt

UTSIKTSPUNKT: Vetle Sjåstad Christiansen, Endre Strømsheim og Emil Sørgård på toppen av Lamannshaugen på Jevnaker.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Estimert målgang i Oslo er nå forskoven til 19.00. Lægreid må avlyse ein planlagd spelkveld, og pulsklokka har gått tom for straum.

– Men det er ein fantastisk dag å vere ute i marka, meiner førre sesongs verdscupeinar.

fire menn på sykkel

NORDMARKA RUNDT: Skiskyttarane passa på å legge inn nok pausar undervegs.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Elleve timar seinare ...

Nokre minutt før klokka 20.00 trillar Strømsheim, Lægreid og Christiansen inn på parkeringsplassen på Frognerseteren i Oslo. Det er nå elleve timar sidan dei reiste.

Tala viser 120 kilometer effektiv sykling med 2100 høgdemeter, og 16 kilometer springing med 1100 høgdemeter. Effektiv treningstid er 8,5 time og dei har ete opp mot éin kilo reine karbohydrat kvar.

– Eg har aldri hatt ei så lang treningsøkt før, seier Lægreid.

– Denne økta sat! Du skulle sett Vetle på Kikut. Da trong han sukker, seier Strømsheim.

Først og fremst var det ei fantastisk oppleving, men også veldig slitsamt. Eg var litt usikker på om eg kom til å få i meg nok næring. Og det røyk på siste toppen, opp Kjerkeberget der. Da var eg svimmel og trøytt. Men så venta det lefse og smågodt i botn, og så tok vi ein omveg om Kikutstua, og der var det sjølvbetening med to skolebollar igjen, så dei fekk eg og Sturla, så eg berga meg, utdjupar Christiansen.

– De ville ikkje vere med på at det var ei ekstremøkt, men nå spør eg igjen?

– Eg må ha vore drita da eg svarte, for meg er det i alle fall ei ekstremøkt. Endre er jo vand til å trene sånn, så det var herleg at han var med og kunne gi litt motivasjon på slutten, svarer Christiansen.

mann i skog

I FARTA: – Eg kjenner meg betre trena enn i fjor, seier Vetle Sjåstad Christiansen.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Trenaren ringde

Dei fortel at treningsøkta var godkjent av trenar Egil Kristiansen.

Han ringde oss på Kikutstua og lurte på korleis det gjekk. Først og fremst med tanke på kneet til Sturla, men han er heilt for å gjere det ekstreme av og til, han òg, så lenge det ikkje blir det som blir normalen kvar dag, da, seier Christiansen.

Eg har jo bygd mykje av treningsfilosofien min rundt desse lange øktene om sommaren dei siste åra. Du får liv i mitokondria, og det har positiv effekt for blant anna blodgjennomstrøyming. Og så har det jo mykje å seie for toleevna, påpeikar verdsmeister Strømsheim.

Dagen etter venta fem timar staking på rulleski og ei skyteøkt for skiskyttarane. Det er framleis seks månader til OL.

– Vi synest dette er gøy, men vi gjer det jo ikkje utan grunn, forsikrar Christiansen.

Publisert 21.08.2025, kl. 11.01 Oppdatert 21.08.2025, kl. 11.59

Read Entire Article