I morgon vil kyrkjeklokker i heile landet ringe i solidaritet med den palestinske sivilbefolkninga i Gaza.
Det set KrF-leiar Dag Inge Ulstein i ein skvis, som også blir oppfordra til å bli med på å reise ein «bønnehær for Israel».
Bønnekampanjen har same mål med valkampen som KrF – å byte ut dei som sit ved Kongens bord med ei meir Israel-vennleg regjering.
Initiativtakarane seier det er makt i dei folda hendene, og at innsatsen vil bli krona med regjeringsskifte i september:
– Regjeringa fører ein anti-israelsk politikk. Sånn kan det ikkje fortsette. Her må kristenfolket på banen for å be, seier leiar i IKAJ, Dag Øyvind Juliussen.
– Eit tankekors for partiet som kallar seg sjølv for kristeleg
På toppen av kyrkjeklokkene og bønnehæren må KrF-leiaren sjonglere sprikande «råd» frå partifellar:
– Mange av oss synest fordømminga av Israel si uakseptable framferd på Gaza burde vore klarare, sa tidlegare KrF-leiar Kjell Magne Bondevik i juli.
I andre enden skriv nestleiar i partiet, Jorunn Gleditsch Lossius at KrF bør markere seg som det mest Israel-vennlege partiet på Stortinget.
– Om Hamas frigir gislane, legg ned våpena og gir frå seg makta i Gaza, vil krigen raskt ta slutt. Det har KrF vore ganske aleine om å påpeike, skriv ho i Fædrelandsvennen.
Innlegget var respons på ein kommentar i same avis om at det var blitt «ein djup avgrunn mellom biskopane og KrF i synet på Israel».
– Det bør vere eit tankekors for det einaste partiet som kallar seg sjølv for kristeleg, kvitterte politisk redaktør i avisa, Vidar Udjus.
Førstekandidat for KrF i Hordaland, Joel Ystebø, er kjent med bønneaksjonen for ei meir Israel-vennleg regjering, men har ikkje vore med på nokon av bønnemøta. – Eg synest det er veldig bra at kristne ber for valet, seier han.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRKUlstein: – Viktig å spele ned forskjellane mellom KrF og Frp
Søndag melde NTB at Ulstein «for første gong» opnar for Sylvi Listhaug (Frp) som statsminister.
Bakgrunnen var eit intervju i TV 2 der Ulstein uttalte «no er ikkje tida for å utdefinere» og at det er «viktig å spele ned nokon av dei litt oppkonstruerte forskjellane mellom KrF og Frp».
«Mellom Skylla og Kharybdis»
Tre kilometer skil Sicilia frå det italienske fastlandet. Den korte avstanden er utgangspunktet for myten om sjøuhyra Kharybdis og Skylla.
Tre kilometer
Segl på trygg avstand frå det seks-hovuda monsteret Skylla, og du hamnar i gapet på Kharybdis.
Eller legg inn sikkerheitsmarginen mot Kharybdis, og Skylla glefsar til.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein
Denne valkampen må KrF-leiar Dag Inge Ulstein styre unna Kharybdis utan å falle i hendene på Skylla.
Til NRK presiserer Ulstein at han føretrekker Erna Solberg (H) som ny statsminister, og at det er lite sannsynleg at Framstegspartiet blir så store at dei utgjer eit eige tyngdepunkt i ein borgarleg regjeringskonstellasjon.
– KrF er både avgjerande for og ein garantist for regjeringsskifte. Vi meiner Høgre best representerer tyngdepunktet i ei ny regjering og eit nytt politisk fleirtal, seier han.
Han avviser at han har bevega seg frå kategorisk avvisande til open for ei Listhaug-leidd regjering.
– Ingen bør utdefinere nokon som ønsker å sørge for eit skifte. KrF skal sikre at det faktisk blir nettopp dette – ei ny regjering, seier han.
Snitta av målingane i sommarmånadene juni og juli viser at Frp ligg an til fleire mandat på Stortinget enn Høgre, KrF og Venstre til saman.
Sjå kva partifellane seier om «Listhaug-presiseringa» under.
Lars Ramsli Søyland, KrF
Det er arrogant, og på grensa til frekt å kalle seg eit sentrumsparti om KrF endar med å støtte den mørkaste mørkeblå regjeringa landet har sett i moderne historie. Nå må sentrumsveljarane samle seg og seie tydeleg frå: Stemmene våre skal ikkje gå til ei mørkeblå regjering leidd av Listhaug!
Sondre Dalaker
Trude Brosvik (KrF), fylkestingsrepresentant i Vestland
Det er store skilnader på delar av politikken til KrF og Frp. Det er viktig at det kjem fram i ein valkamp der partia skal vise primærstandpunkta sine. Om det er aktuelt å gå i regjeringsforhandlingar etterpå, vere støtteparti eller berre parlamentarisk grunnlag for eit skifte av regjering, så er det viktig for veljarane å vite kvar ein vil forhandle med klare krav.
Nils Ole Refvik / NRK
Gustav Johan Nydal, Bremanger KrF
Det viktigaste er at KrF kjem over sperregrensa og er med på å sørge for at Erna Solberg blir statsminister. KrF som medlem av ei regjering der Sylvi Listhaug er statsminister er utenkeleg for meg.
Jonatan Hurthi, førstekandidat Sogn og Fjordane KrF
Det er forskjellar mellom KrF og Frp, og dei skal vi ikkje spele unødvendig opp. Men vi skal vere tydelege på kva som er KrFs politikk. Det som er viktig her er jo å få KrF over sperregrensa, for det er eit KrF over sperregrensa som kan vere med og skaffe eit fleirtal på ikkje-sosialistisk side.
Per Byrknes
Joel Ystebø, førstekandidat Hordaland KrF
KrF driv valkamp for KrF og våre saker bygde på kristne verdiar. Da kritiserer vi Frp om aktiv dødshjelp, Høgre om eggdonasjon, Arbeidarpartiet om friskolar og SV om utvida abortgrense. Likevel er det heilt avgjerande med eit regjeringsskifte, sett saman av partia på høgresida. Da har vi peika på Erna som ein naturleg statsministerkandidat. Eg støttar Ulsteins linje heilhjarta.
Synne Lykkebø Hafsaas
Per-Erik Gåskjenn, leiar Vestland KrF
Eg ser ikkje på Sylvi Listhaug som noko reelt alternativ så lenge både KrF, Venstre og sjølvsagt også Høgre stiller seg bak Erna. Det viktigaste for KrF fram mot valet vil vere å få vist fram vår eigen tydelege og verdiforankra politikk. Det vil da ikkje vere behov verken for å spele «opp» eller «ned» nokon av desse forskjellane.
NRK
Jon Olav Økland (KrF), fylkestingsrepresentant i Vestland
Eg støttar Dag-Inge Ulstein i at vi ønsker eit politisk skifte med Erna Solberg (H) som statsminister etter valet. Samtidig meiner eg vi ikkje treng å dempe eller spele ned forskjellane mellom KrF og Frp. Desse forskjellane er reelle, og nettopp derfor er det viktig å kommunisere dei tydeleg til veljarane. Det understrekar kvifor KrFs rolle ved ei ny regjering blir avgjerande.
Svein Sundsdal
Nils Olav Larsen (KrF), ordførar i Vennesla
Eg synest Ulstein var klar på at kandidaten vår er Solberg. Personleg er nok det mitt alternativ til statsminister. Historia har vist oss at eit nært forhold mellom KrF og Frp passar begge partar svært dårleg.
Lars Eie / NRK
Per Sverre Kvinlaug (KrF), ordførar i Kvinesdal
Det vil bli heilt avgjerande for å få ei ny regjering at KrF kjem over sperregrensa. KrF og partileiaren vår er heilt tydelege på at statsministerkandidaten vår er Erna Solberg og rundt om i heile landet gjer tillitsvalde våre nå ein stor jobb for at det skal lykkast.
Arne Normann (KrF), fylkestingsrepresentant i Vestland
Når vi først er hamna ettertrykkeleg på borgarleg side, bør me finna saker som me kan samarbeida om – alle fire partia. Betre det enn å forsterka det me er ueinige om. Vi skal truleg samarbeida i fire år.
Publisert 06.08.2025, kl. 06.21