«Hun er levende. Elises bok» er dessverre ein trå start på den nye romanserien til Kjersti Annesdatter Skomsvold.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 1 time siden
Kjersti Annesdatter Skomsvold: Hun er levende. Elises bok. Roman. 176 sider. Forlaget Oktober
Elise var oldemora til Kjersti Annesdatter Skomsvold. Nå har Elise fått si eiga bok. Skomsvold ønsker å undersøka om denne bitre kvinna som har blitt kalla både heks og fæl, har noko meir ved seg, om ho var ein annan før ekteskap, fødslar og dødsfall reduserte henne til ei uvenleg og inneslutta kvinne.
Allereie her kjem den første innvendinga mi mot romanen inn, for stadig kjem Skomsvold tilbake til desse orda: «Bitter», «fæl» og «heks», at det er slik etterkomarane hugsar henne. Finst det for ein så dyktig forfattar som Skomsvold ingen andre merkelappar, andre ord og skildringar ho kan bruka for å få fram alt dette?
Skomsvold har vist tidlegare at ho meistrar skrivekunsten til fingerspissane, blant anna i romanen «Syke søster» som kom ut i 2023 og som eg gav terningkast seks. Då eg såg at ho hadde skrive det eg vil kalla ein historisk roman, kjente eg på ei forventning som kan måla seg med kjenslene til eit barn på julaftan. Men som kjent kan håp og forventning gjera fallhøgda svært høg, og Skomsvold har ikkje klart å følgja opp kvaliteten på språk og historieforteljing frå «Syke søster».
Verkelegheitslitteratur har nesten blitt ein eigen sjanger dei siste åra. Forfattarar set sakprosalitteraturen sine krav til etterrettelegheit og kjeldebruk til sides for å skrive om verkelege personar og hendingar i romanform. På denne måten står forfattarane fritt til å fortelja historia slik dei ser ho, noko som ofte blir møtt med kritikk og frisk debatt.
Skomsvold går i andre fella. Det verkar som om ho er så redd for at me skal tru på det som står at ho stadig bryt inn i forteljinga om Elise med metakommentarar. Ho skriv til og med ein plass: «Her må jeg bryte inn», og det kjennest ut som ei avbryting. Eg som lesar mistar flyten og tråden i forteljinga. Eg vil lesa om Elise, ikkje Skomsvold sine kommentarar til eige skriveprosjekt. Denne stadige dialogen mellom henne og historia ho skal fortelja skaper ein distanse til Elise og familien hennar. Det forsvinn bak ei tåke av atterhald og korrigeringar.
«Hun er levende. Elises bok» hadde vore ein betre, meir spennande roman om det ikkje var om den ekte personen Elise, men inspirert av den ekte personen Elise. Skomsvold klarer kunsten å få 176 sider til å framstå som ei alt for lang bok, dette i kontrast til dei mange gode historiske romanane som har blitt utgitt dei siste åra og som gir oss innsikt i levde kvinneliv. Eg skulle ønska at Skomsvold hadde klart å dikta meir, løfta blikket til samfunnet rundt Elise og gjort hovudkarakteren meir levande, slik romantittelen lover.
Det er unekteleg perspektiv i Skomsvold sin roman som er viktige. Eg trur det er underkommunisert kor mykje gardsarbeid kvinner har gjort opp igjennom og kor isolerte ein del var fordi dei ikkje hadde eigne midlar å rå over og heller ingen jobb utanfor heimen å gå til. Dette kjem fram, men fordi forfattaren stadig må fortelja oss kor usikkert det er om historia var akkurat slik, er det vanskeleg å få den sympatien med hovudpersonen som ein kanskje hadde fått i ein rein historisk roman.
«Hun er levende. Elises bok» er første boka i ein kvartett, ifølgje forlaget. Eg er spent på å lesa dei neste bøkene, men håpar både språk og flyt blir betre i neste omgang.
Publisert:
Publisert: 2. september 2025 13:08