Kryssar grensa for å fylle drivstoff: – Eg flyttar til Sverige snart

1 week ago 22



Roar Kristiansen har tatt turen over svenskegrensa til Hemavan for å fylle bensin på både bilen og i kanner.

– Det er bra dei senkar prisen i Sverige. Da køyrer vi nordmenn hit og fyller. Eg fyller opp kannene her som du ser.

Sverige halverer matmomsen frå 12 til 6 prosent og senkar avgiftene på bensin og diesel.

Bensinprisen blir kutta med éi svensk krone per liter, mens dieselprisen blir 40 øre billigare per liter. Kutta gjeld frå mai til desember.

Eg flyttar til Sverige snart. Berre dei hadde skrudd ned straumprisen også, ler Kristiansen.

Samtidig er dieselprisen i Noreg på 30 kroner literen enkelte stader. Bensinprisen er godt oppe på 20-talet. Det skjer som følge av krigen i Midtausten.

Drivstoffprisene i Sverige

Slik var drivstoffprisane i Hemavan i Sverige tysdag.

Foto: Frank Nygård / NRK

Det har også Merethe Hundnes gjort. Ho synest det er sjukt at ikkje Noreg også kuttar i avgiftene.

– Alt er så dyrt. Eg synest dei kan hjelpe til der dei kan, seier ho og legg til:

– Det blir meir til Sverige. Eg drar lett hit for å handle.

Merethe Hundnes fyller drifvstoff i Hemavan i Sverige

Merethe Hundnes seier ho lett drar til Sverige å handlar nå når prisane der går ned.

Foto: NRK

Likevel held regjeringa tilbake på å innføre tiltak.

– Eg kan godt forstå folk sin frustrasjon. Noreg er eit rikt land og vi har mykje pengar på bok. Vi har råd til å gjere det, men så må ein sette spørsmålsteikn ved om det er lurt, seier samfunnsøkonom og førsteamanuensis ved BI, Ivar Gaasland.

– Eit politisk spørsmål

Matmomsen i Noreg er på 15 prosent og gir mellom 25 og 30 milliardar kroner inn i statskassa kvart år.

Samfunnsøkonomen har ikkje trua på svenskegrepet i Noreg.

– Det er ikkje spesielt effektivt for økonomien. Det er også usikkert på om det er treffsikkert.

  • Forsker Ivar Gaasland, inne på BI

    Ivar Gaasland

    • Førsteamanuensis, institutt for samfunnsøkonomi ved Handelshøyskolen BI

– Det gjer at ein eventuell momsreduksjon ville komme næringa og ikkje forbrukarane til gode. Ein reduksjon i avgifta på import av matvarer til Noreg ville vore ei betre løysing, meiner Gaasland.

Han trekker fram Sverige sitt EU-medlemskap, ein annleis konkurranse blant matkjedene og politiske prioriteringar som årsakene bak momskutta.

– Det er eit politisk spørsmål. Politikarane gjer ofte det som er populært, og ikkje nødvendigvis det som er bra for samfunnsøkonomien.

– Det svir

– Eg synest det er rein galskap, eigentleg. Det heng ikkje på greip. Med tanke på kva vi eigentleg sit med av ressursar i landet. Eg synest ikkje det er forsvarleg.

Det seier Frode Lyngstad. Han bur på Halsa i Meløy kommune i Nordland, og reagerte kraftig på at dieselprisane måndag bikka 30 kroner literen.

– Så det svir godt. Det gjer det, seier Lyngstad.

Han meiner at Noreg bør gjere som svenskane.

Frode Lyngstad fyller drivstoff

Frode Lyngstad seier at drivstoffprisar opp mot 30 kroner literen svir.

Foto: Per-Magne Steen / NRK

– Sverige har gode statsfinansar og dei har råd til å redusere matmoms og avgifter på bensin- og diesel. Noreg har også råd til å redusere matmoms og avgifter, men regjeringa seier at dei foreløpig meiner det ikkje er nødvendig.

Det seier UiO-professor Steinar Holden på spørsmål om kvifor svenskane kuttar.

Til liks med Gaasland viser han til at det rett og slett handlar om politiske prioriteringar.

– Forskjellen mellom Sverige og Noreg heng i stor grad saman med kva for nokre politiske parti som sit i regjering i dei ulike landa.

  • Steinar Holden

    Steinar Holden

    • Professor ved økonomisk institutt, UiO

– Kor treffande er tiltaka for folk flest?

– Reduserte avgifter på bensin og diesel vil ha høg treffsikkerheit til å kompensere dei som blir ramma av høge bensinprisar, men det vil samtidig bidra til å halde bensinforbruket oppe.

– Det taler for at eventuell kompensasjon blir gitt på andre måtar, som reduksjon i andre skattar og avgifter, legg han til.

– Må ikkje kopiere Sverige

Senterpartiet er ueinige med ekspertane og meiner Noreg absolutt bør sjå til «søta bror»

Partiet har i lang tid tatt til orde for å senke matmomsen i Noreg. Dei er også for å senke avgiftene på drivstoff i ein mellombels periode.

– Senterpartiet har vore for lågare avgifter heile tida, seier partileiar Trygve Slagsvold Vedum.

Han opnar til og med for å støtte eit forslag frå Høgre.

– Vi skal sjølvsagt sjå på det forslaget. Også skal vi gjere flest mogleg grep for å få ned drivstoffkostnadene, og også hjelpe norsk anleggsbransje.

NRK Forklarer-video om kvifor svenskane boikottar matbutikkar i veke 12. På grunn av auka matvareprisar har ei grasrotrørsle spreidd seg i Sverige, der folk blir oppfordra til å ikkje handle daglegvarer i ei heil veke. Boikotten har også blitt gjord og fått støtte i andre land, som Kroatia og Montenegro.

Tysdag foreslo nemleg Høgre å suspendere vegbruksavgifta mellombels for å lette på prispresset.

Ifølge finanspolitisk talsperson Nikolai Astrup (H) vil det føre til eit kutt på fire kroner for bensin og tre kroner for diesel.

– Dette er strakstiltak som skal styrke folks kvardagsøkonomi, seier Astrup.

Men finansminister Jens Stoltenberg meiner ikkje Noreg skal gjere som Sverige.

– Ein må ikkje alltid kopiere Sverige. Vi kan lære av andre land, men Sverige har for eksempel ei vesentleg dårlegare straumstøtteordning enn det vi har i Noreg. Dei har mykje høgare arbeidsløyse, derfor er det ikkje sånn at vi skal kopiere Sverige, men lære av Sverige på godt og vondt.

Torsdag skal Stortinget stemme over forslaget til Høgre.

Publisert 25.03.2026, kl. 09.37

Read Entire Article