Kva skjedde med haikinga?

1 hour ago 1



KOMMENTAR: Spør ei 15 år gammal jente foreldra om ho får lov til å haika i dag, er svaret truleg tvert nei.

Hurra for haikinga! Eller kanskje ikkje? Foto: Shutterstock
  • Heidi Hjorteland Wigestrand

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Då eg var ung jente, haika eg mil etter mil langs aude vegar, og eg var ikkje åleine. Du ser nesten ikkje unge haikarar langs vegane lenger. Haikinga skjer i dag helst gjennom førehandsavtalar på nett. Betyr det at alt er blitt farlegare no? Eller er det bare me som har blitt reddare?

Fridom i ein tommel

Haike-tommelen gav meg ei sildrande kjensle av fridom. Når ein er oppvaksen i grisgrendt bygd der rutebuss berre var- og er- eit ord i ordboka, var synet av ein bil som seinka farten, noko som fylte meg med glede, og slett ikkje skrekk.

I dag blir mange moderne foreldre urolege om det går ein time utan svar på ein snap. Kva kan ha skjedd? Har ho mista telefonen? Er han slått ned?

I dag ville nok mange frykta eit rovdyr bak rattet som bråsnur bilen og skrensar inn på ein aude grusveg, der alle dører blir stengde, før det endar tragisk for den livredde haikaren. Det heile får deretter namnet haikar-drapet og blir true crime i beste sendetid året etter. Den slu haike-mordaren blir ikkje tatt, naturlegvis, og snart er ein ny haikar drepen, og ein til og ein til.

Me visste heldigvis ikkje om highway serial killers på tidleg 80-tal i fjellbygdene. Ikkje hadde me highways, heller. Men høva til å bli drepen langs lange aude vegstrekk var i høgste grad teoretisk til stades. Gøymestadene for ein død kropp var mange. Men sidan me ikkje hadde skjermar med fri flyt av skrekktainment frå den store skumle verda, var me ikkje så skvetne, korkje barn eller foreldre.

Og det viste seg jo også at risikoen for å mista livet som bilhaikar i Norge har vore forsvinnande liten, faren var større for at bilen du haika med skulle køyra av vegen, enn at sjåføren kidnappa eller gjorde ende på passasjeren sin. Ingen drapssaker i Norge kan knytast direkte opp til haiking.

Uflidd mann med madrass

Årsaka til at Norge har vore skånt for haikardrap er nok at me er få innbyggarar, har låg valdskriminalitet og at haikebølga på 70 – og 80-talet ebba ut, utan at kriminelle miljø eller seriemordarar rakk å utnytta reiseforma systematisk.

Eg og andre unge tommel-reiste rundt med stor tillit, og bilkupeane tok oss varmt imot, gjerne med eit hint av wunderbaum.

Mennene som eg haika med, for det var nesten utelukkande menn som stoppa, verka takksame for å få ein passasjer og prata med. Kanskje hadde dei fått bandspagetthi i kassetten, eller gnagsår i hjernen av eigne tankar. Uansett passa det visst godt at eit truskuldig gudsord frå landet, tok plass i bilen.

Då eg sjølv fekk bil betalte eg ei stund tilbake på haike-gjelda mi ved å ta opp alle slags eksistensar som haika. Ved eit høve plukka eg opp ein fjellvandrar med ein skiten madrass under armen som han fekk buksert inn i bagasjerommet på min knallgule Ford Escort. Hadde eg stoppa for ein slik framtoning no? Aldri i livet! Hadde eg råda barna mine å gjere det? Langt ifrå!

Me må stola på einannan

Men fyren var jo fullstendig fredeleg og harmlaus, trass i sin interessante odør. På eit eller anna tidspunkt slutta eg å ta opp uflidde menn med madrassar langs vegkanten, fordi eg fekk for meg at eg kunne få ein kniv i sida med beskjed om å køyra lenger enn langt.

Kor kom den forteljinga frå? Haiking handlar eigentleg om ein fin tillit, som jo går begge vegar. Haikaren trur sjåføren vil vel, og sjåføren trur haikaren har dei beste hensikter, sjølv om han plukkar fram litt ekstra bagasje som han har gøymt bak ein busk, etter du har stoppa bilen.

Di meir me veit om moglege farar, til reddare blir med. Til fleire sjekkpunkt me har, til meir kontrollerande blir me, ser det ut for.

15 og eit halvt år gammal reiste eg og ei venninne til Brighton på tre vekers språkreise. Eg kan ikkje hugsa at nokon vaksne var spesielt skeptiske til det. Dette var i 1985, altså lenge før det fanst eit Snap-kart å følgja med på, eller ein mobil å ringa frå.

Foreldra våre fekk sporadiske rapportar frå ein britisk telefonkiosk via noteringsoverføring, men vanlegvis var livsteikna få frå dei håpefulle, anten dei var på interrail nedover Europa, eller installerte på hyblar i byen.

Opplevd fare, innbilt fare

I dag blir mange moderne foreldre urolege om det går ein time utan svar på ein snap. Kva kan ha skjedd? Har ho mista telefonen? Er han slått ned?

Å leva her på jorda er å stå i den hårfine balansen mellom det som kan skje og det som faktisk skjer, og å kunna sjå forskjellen på dei to. Det grufulle skjer, men som oftast ikkje. Ein må tørra å leva som om ein trur på at det ikkje skjer.

Å stå støtt i den spagaten verkar å bli vanskelegare når me heile tida er påkopla nettet, og kan sjekka når våre kjære sist var aktive på diverse meldingsappar.

Uroa styrer åtferda vår. No gir folk beskjed om dei skal på tur i eit område utan dekning, slik at slekta ikkje skal gå bananas. Og svært få vel å gå frå mobilen heime om dei skal på fjelltur i eit område med dekning. For kva om ein i turfølge blir alvorleg sjuk eller skada. Vil ein då ikkje bebreida seg for å ikkje vera i stand å ringa 113 og få tak i legehelikopter? Jo, det ville ein. Resten av livet. Men risikoen for eit slikt utfall er truleg svært lite.

Me kunne ikkje dyrka ei slik redsle utan alle desse verktøya som skaper trong til og høve for kontroll. Truleg treng me øva oss i å sitja litt på hendene og minne seg sjølv på at livet for dei fleste ikkje endar opp som eit spektakulært plot på Netflix.

Publisert:

Publisert: 13. juli 2026 09:48

Read Entire Article