Kva skjer med menneska i krigar og kriser som ikkje går viralt på nettet?

8 hours ago 5



DEBATT: I 2025 verkar det som om det globale engasjementet følgjer trendane i sosiale medium. Gaza og Ukraina dominerer nyheitsstraumer og kommentarfelt, medan andre konfliktar som er like blodige og like brutale, nesten ikkje finst i offentlegheita.

Menneska i Sudan, Kongo og Jemen, og alle andre gløymde kriser fortener omtanke, støtte og politisk handling. Bildet er frå Sudan. Foto: El Tayeb Siddig / Reuters
  • Ann Kristin Rabago Heske

    Elev ved St. Olav videregående skole

Publisert: Publisert:

For mindre enn 30 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Millionar av menneske lir i krigar vi knapt veit om. Dette er dei lidingane vi scroller forbi.

At enkelte konfliktar får enorm merksemd medan andre forsvinn i skuggen, er ingen tilfelle. Algoritmar løftar fram det som skapar reaksjonar og dermed også det som blir oppfatta som «viktige» konfliktar i verda. Engasjementet for Palestina og Ukraina er ikkje feil. Tvert imot viser det at internasjonalt press og deling i sosiale medium faktisk har betydning. Problemet er skeivheita det skapar og at andre menneskeliv blir mindre synlege, mindre omtala og i praksis mindre verdt.

Når nokre krigar blir «virale», medan andre blir verande usynlege, får dei gløymde ofra mindre hjelp, mindre politisk press og færre ressursar.

Kor blir engasjementet av?

Sudan illustrerer problemet tydeleg. Sidan april 2023 har 10.000 av menneske døydd, og fleire millionar er på flukt, og svolt blir medvite brukt som ein måte å terrorisere dei sivile på (FN-sambandet, 2025).

Likevel er Sudan nesten fråverande i internasjonale medium. Lidinga er enorm, og merksemda er minimal.

Også i Kongo går det føre seg ein brutal konflikt der sivile er ramma av væpna grupper, og seksualisert vald mot barn er utbreidd. Ifølgje NRK er tala på seksuelle overgrep høgare enn nokon gong. Berre i januar og februar i år er det rapportert om kring 10 000 tilfelle av valdtekt og seksuell vald. Mellom 35 og 45 prosent av dei som er ramma, er barn (FN, 2025). I Jemen har konflikten vart i over ti år og gjort landet til ein av dei mest sårbare stadene i verda. Millionar lever i svolt, sjukdom og ruinar, og humanitær hjelp når ofte ikkje fram. Likevel er innlegg, debattar og kampanjar om desse krisene nesten ikkje eksisterande.

Ute av syne ute av sinn

Og dette gjeld ikkje berre desse tre stadene. I Myanmar, Haiti og delar av Sahel-regionen føregår det kriser som knapt får overskrifter lenger. For dei som bur der, er ikkje krigen ein «gløymd» konflikt, men ein del av ein brutal kvardag prega av frykt, tap og uvisse. Dei ventar på at verda skal sjå dei, men verda ser ein annan veg.

Konsekvensane er alvorlege. Når nokre krigar blir «virale», medan andre blir verande usynlege, får dei gløymde ofra mindre hjelp, mindre politisk press og færre ressursar. Liding som ikkje blir sett, blir heller ikkje prioritert. Organisasjonar slit med finansiering, og humanitære behov aukar i stille.

Det er på tide å løfte blikket. Merksemd bør ikkje styrast av kva krigar som trendar på Tiktok eller skapar mest engasjement i feeden vår. Ho bør rettast mot alle konfliktar, for kvar krise, uansett kor ho skjer. Menneska i Sudan, Kongo og Jemen, og alle andre gløymde kriser fortener omtanke, støtte og politisk handling.

Å oversjå dei er å akseptere at nokre menneskeliv tel meir enn andre. Det kan vi ikkje godta.

Publisert:

Publisert: 10. februar 2026 20:13

Read Entire Article