Kvinna som blei funnen medvitslaus i Alver død – utvidar siktinga mot mannen

4 hours ago 3



Ei kvinne i 50-åra vart torsdag kveld funnen medvitslaus i eit bustadhus i Alver.

Ho blei sendt til sjukehus, og har lege på intensiven.

No opplyser politiet at kvinna døydde på Haukeland sjukehus laurdag kveld.

Fredag morgon vart ein mann i 30-åra pågripen, sikta for drapsforsøk. Siktinga mot han er no utvida til drap.

Den avdøde kvinna og mannen som er sikta var i familie.

et skilt på et vindu

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Utvidar siktinga

Mannen i 30-åra som er sikta i saka blei avhøyrt på fredag.

På laurdag blei han framstilt for varetektsfengsling.

Han blei då varetektsfengsla i fire veker, med brev og besøksforbod. Dei to første vekene er i isolasjon, og han får ikkje omgå andre fangar. Bakgrunnen for fengslinga er fare for øydelegging av bevis.

Han erkjente seg ikkje skuldig under fengslingsmøtet i går.

Politiadvokat Eli Valheim kan ikkje seie kva kvinna døydde av.

– Vi meiner at det er skadar påført av sikta som no har ført til dødsfallet, seier Valheim.

Ho vil ikkje seie noko om motivet til den sikta.

Kvinna vil bli obdusert så snart som mogleg.

Politiet jobbar no vidare med gjennomgang av elektroniske spor og avhøyr av vitne. Det blir mellom anna gjort kriminaltekniske undersøkingar av den sikta sin bil.

Både avdøde og den sikta er norske statsborgarar. Kvinna var svigermor til den sikta.

Ei tragisk hending

– Det er eit stort sjokk og ein tragedie for familien.

Det seier bistandsadvokaten Kjetil Ottesen. Han representerer den avdøde kvinna og barna hennar.

Han fortel at dei sit igjen med mange spørsmål om korleis dette kunne skje, og kvifor.

– Det viktigaste for familien er å få svar, og dei ønsker ro i tida framover, seier Ottesen.

Brukte dronar og helikopter

Fleire naboar fortalde fredag til NRK at bustadområdet er eit roleg område, og at dei aldri har opplevd noko liknande tidlegare.

– Det var roleg i går kveld fram til vi plutseleg høyrde helikopteret som flaug over huset vårt i halv nitida, seier ein av naboane i området.

Torsdag kveld var politiet til stades både i Åsane og i Alver med fleire patruljar, hundar og drone.

Eit vitne i Åsane fortalde også til Åsane Tidende at politiet sperra eit køyrefelt og stod klare med spikarmatte.

Publisert 19.10.2025, kl. 13.00 Oppdatert 19.10.2025, kl. 13.42

Read Entire Article