Kvinne funnen medvits­laus i Alver – ein person sikta for drapsforsøk

1 week ago 8



Siste: Politiet har pågripe ein person, som førebels er sikta for forsøk på drap.

Det er ikkje venta fleire pågripingar i samband med saka no, ifølgje politiet.

– Detaljar rundt den som er pågripen, kan me ikkje gå ut med no, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord til NRK.

Uklart kor skadd kvinna er

Kvinna som blei funnen medvitslaus, er frakta til Haukeland sjukehus. Det er uklart korleis tilstanden hennar er.

Politiet fekk melding av AMK klokka 20.25. Då NRK var på staden torsdag kveld, hadde politiet sett opp sperringar rundt bustadhuset.

Politiet var til stades både i Åsane og i Alver med fleire patruljar og drone.

Politiet har avhøyrt personar

I ei oppdatering kl. 03.23 skriv politiet at ei av hypotesane dei jobbar ut frå, er at kvinna er utsett for noko straffbart. Men dei er framleis usikre på kva dei står overfor.

Det var personar som kom til staden, som meldte frå til politiet om at kvinna var medvitslaus.

– Me har avhøyrt personar som har tilknyting til kvinna. Og også personar som har kome til staden i samband med at kvinna blei funnen medvitslaus, seier innsatsleiar på staden, Tom Johannessen.

et nærbilde av en bok

Politiet jobba på staden der kvinna blei funnen torsdag kveld.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Politiet melde tidlegare i natt at dei prøvde å koma i kontakt med ein namngitt person, men vil ikkje seia om det er denne personen dei no har pågripe.

Det er planlagt at kriminalteknikarar frå politiet vil gjera åstadundersøkingar i løpet av føremiddagen.

Publisert 17.10.2025, kl. 05.37 Oppdatert 17.10.2025, kl. 07.48

Read Entire Article