Meninger
Debattinnlegg
Såg du Ingrid Gjessing Linhave sitt utbrot etter turen på “71 Grader Nord?”
EQ-terapeut
I det “virale” klippet ligg Ingrid Gjessing Linhave på bakken etter ein lang og slitsam tur.
Ho fyrer laus mot alt og alle.
Særleg dei som likar å gå på tur.
Tenkte du at det var veldige reaksjonar ho kom med?
At slike utbrot høyrer heime i barnehagen?
Lurte du på kvifor ho meldte seg på, eller kvifor ho ikkje trekte seg viss det var så jævla tungt og vanskeleg?
Kunne ho ikkje berre halde kjeft, slik dei andre deltakarane klarte?
Vel — då er du ein del av problemet som kvinner strevar med i dag.
Kroppane våre er skapte for å ha utløp for kjensler.
Dei er ikkje skapte for å vere kjenslefengsel — det er eit menneskeskapt konsept.
Særleg for kvinner har det vore viktig å dysse ned kjenslene, slik at normer har vakse fram for å halde oss nede.
Tronge normer, som det er umogeleg å leve opp til.
aJabNei
Innestengde kjensler skaper kaos i kroppen. Vi blir oftare og meir sjuke, engstelege og irritable.
Vi får hjernetåke og gløymer viktige ting, fordi vi brukar hjernekapasiteten på å kjempe den indre kampen mellom instinkt og genar.
Instinkta våre seier: “SEI IFRÅ NO!”
Genane våre seier: “DET ER LIVSFARLEG Å SEI IFRÅ — HALD DET INNI DEG!”
Du har kanskje høyrt om kva som skjedde med kvinner som sa ifrå for 100, 200 og 400 år sidan?
Tvangsinnlegging, tvangsmedisinering, lobotomering, vald, overgrep, brenning på bål — og tvangsbruk av torturreiskap som Scold’s bridle.
Kroppane våre hugsar denne frykta. Ho ligg i genane våre.
Hjernen oppfattar kjensla som ekstrem fare, og sender ut alarmsignal for å unngå trugselen. Det gir traumeresponsar i kroppen — det gjer vondt i magen, og vi får vanskar med å puste.
Å seie ifrå er forbunde med eit enormt ubehag i kroppen.
Men no lever vi i ei tid der det faktisk ikkje lenger er farleg å seie ifrå.
Og sjølv om vi prøver å jobbe imot desse instinkta, vil det framleis kjennast ubehageleg når folk rynkar på nasen av oss. Når folk blir sure.
Det er sjukt ubehageleg å bli oversett eller utestengd fordi vi oppfører oss på ein måte som bryt med normene.
Her oppstår det ein indre konflikt mellom urgamle instinkt og dagens samfunnsstrukturar:
Då folk blei avviste av flokken i steinalderen, var det gjerne ein dødsdom.
Når vi blir avviste i dag, er det ikkje det same. Men KJENSLA er heilt lik. Vond, tung og øydeleggande. Og i sum: undertrykkjande.
NO ER DET IKKJE LENGER FARLEG!
Eg vil at kvinner skal halde fram med å vere føregangspersonar, gå i bresjen — og ta det sosiale ansvaret for kvarandre som krevst for å skape endring.
Dette er endringar som må til for å hindre at kvinner og mødrer mistar stemmene og rettane våre fullstendig.
Det ser vi igjen og igjen og igjen.
La du merke til det Ingrid sa etter kjensleutbrotet?
Det ho tek med seg vidare, er alt det fine og positive med det.
Om ho hadde halde sinnet inni seg, hadde det vore det som blei med vidare.

 9 hours ago
                        2
                        9 hours ago
                        2
                    















 English (US)  ·
                        English (US)  ·