Kyrkja tar initiativ til å gå i pride-paraden – sette fyr på kommentarfeltet

5 days ago 3



«Nei takk! Kyrkja har ikkje rom for alle lenger og eg har no meldt meg ut! Takk for laget!»

«Strålande at de stiller i paraden ❤️❤️❤️»

«Pride? Nei no må kyrkja sjå seg i spegelen, lese Bibelen, følge og vere tru til Guds ord, og slutte å flørte med vondskapens krefter.»

Det er berre tre av over 160 kommentarar på posten Volda kyrkje delte på Facebook, og mange av dei er negative.

– Eg trudde vi hadde kome så langt at ein skulle kunne akseptere det, då. Eg ser eigentleg ikkje korleis det kan vere noko som splittar.

Anbjørn Steinholm Frislid, leiar for Ørsta/Volda Bygdepride

Anbjørn Steinholm Frislid, leiar for Bygdepride, seier dei er glade for at kyrkja vil bli med i paraden.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det seier Anbjørn Steinholm Frislid som er leiar for Bygdepride Ørsta/Volda, som først blei arrangert i 2018.

Han meiner dei enno ikkje er i mål med å skape opne og inkluderande bygder.

– Spesielt i år så har vi sett at ting går feil retning. Og då meiner vi det er enda viktigare at vi står opp og seier frå at ... Vi må faktisk sørge for at alle kan kjenne seg heime her, seier han.

Skriv at dei har meldt seg ut

Leiar for Volda sokneråd, Bernt Krøvel, seier det er ulike meiningar i kyrkja deira om pride – som det er i dei fleste. Og dei har fått med seg alle kommentarane.

Krøvel seier dei har bestemt at dei saman med Ørsta sokneråd skal gå under same banner i paraden.

– Vi ønsker å stå for mangfald, og alle skal vere velkomne i kyrkja. Eg trur også det var hovudintensjonen til Jesus. Vi veit at det er folk som er homofile og lesbiske i meinigheita, og dei ønsker vi også å ta vare på.

Bernt Krøvel

Bernt Krøvel seier det er synd at folk reagerer så sterkt på at dei vel å delta i pride-paraden.

Foto: Remi Sagen / NRK

I kommentarfeltet er det minst to kommentarar frå menneske som seier at dei har meldt seg ut av kyrkja på grunn av dette.

Det har Krøvel fått med seg, og han er ikkje overraska.

– Det er ikkje uventa at folk melder seg ut på bakgrunn av dette. Det har skjedd før, og ikkje berre i Volda kyrkje.

Kva tenkjer du om at kyrkja deltek i paraden?

Ueinig i kyrkja si avgjerd

NRK har snakka med fleire av dei som i kommentarfeltet er kritiske til at kyrkja skal gå i paraden. Dei vil ikkje uttale seg i artikkelen, og fleire svarar ikkje.

Men ei som ønsker å gi ein kommentar til oss er Flora Miro. Ho skreiv kommentaren «tragisk» under innlegget på Facebook.

«Eg meiner at kyrkja bør halde seg til sin kjernebodskap om tru og åndeleg rettleiing, og ikkje blande seg inn i politiske eller ideologiske markeringar. Derfor synest eg det er veldig uheldig at dei arrangerer eller deltar i ein pride-parade», skriv ho til NRK.

Tar USA til Noreg

Ein av kommentarane seier også at kyrkja, ved å delta i paraden, blir meir ekskluderande enn inkluderande. Det forstår ikkje Frislid i Bygdepride-styret.

– At kyrkja blir ein plass der alle kan kjenne seg heime og sett – eg ser ikkje det som ekskluderande på nokon måte.

– At folk skal få vere seg sjølv og elske den ein vil, eg slit med å forstå kvifor det påverkar dei det ikkje gjeld, seier han.

Han meiner fleire av dei som er negative til pride rotar seg inn i større konspirasjonar, og trekker fram problemstillingar han meiner ikkje er aktuelle i Noreg.

– Eg har prøvd å unngå kommentarfelt dei siste dagane, fordi vi ser det er ei enorm splitting, og at språket i sosiale medium hardnar til i år. Det har blitt verre enn det har vore tidlegare år, og frontane er ganske steile nå.

– Kvifor det, trur du?

– Det er vanskeleg å seie. Vi ser nokre trendar i verda, i Trumps USA og her i Europa, i Ungarn og andre land, der skeive sine rettar blir innskrenka, seier han og legg til:

Sånne festivalar som vi har no, og prideparaden som skal vere i Volda på laurdag, det er jo no forbode i Ungarn. Så eg trur det vi ser internasjonalt påverkar også det vi opplever her i Noreg.

Kvart år er det diskusjonar knytte til regnbogeflagget. Kvifor det? Og der stammar det frå?

Publisert 06.05.2025, kl. 15.05

Read Entire Article