Selskapet til Oddvar Haugland må gi tilbake bergenstomt og betale 1,4 millionar kroner i sakskostnader.
Saka om den ubygde og attgrodde tomta i Fana i Bergen har eit stort og komplekst bakteppe.
TV 2 følgde den sivile saka då den gjekk for Hordaland tingrett i september.
Eit eldre ektepar saksøkte laksearving og Sveits-busette Oddvar Haugland (40) fordi dei meiner tomta vart teken frå dei på urett vis.
Les bakgrunnssaken: «Kan være lurt å trekke seg ut»
Meiner dette skjedde
I sentrum av saka står ekteparet sitt barnebarn, ein mann i 30-åra. Han er også ven og tidlegare forretningspartnar med Haugland.
Han blir skulda for å ha gått bak ryggen på besteforeldra sine og pantsett og overført tomta til Haugland sitt private selskap Vortex AS.
Dette skal ha skjedd ved at han misbrukte BankID-brikka til bestefaren.
Dette gjorde han fordi han skulda Haugland pengar etter at ting gjekk ordentleg skeis i selskap dei to venene var investert i, meinte saksøkarane.
Barnebarnet sjølv nektar for å ha misbrukt BankID-brikka og har fortald at han var saman med bestefaren då tomteoverføringar vart signert.
Han sa at det var han som hadde råderett over tomta.
– Eg har arva den tomta. Eg har fått hjelp av bestefar før. Han har alltid stilt opp for meg og eg har aldri fått nei av han nokon gong. Så har dei gått tilbake på lovnader dei gav meg, sa han i retten.
Må føre tomta tilbake
No er altså dommen i søksmålet klar.
Den gir fullt medhald til det eldre ekteparet.
Bergensavisen omtala dette først.
Mannen som opphavleg eigde tomta er død, men tingretten har bestemt at enka skal få tomta ført tilbake.
Retten meiner det er sannsynleggjort at BankID-en til den no avdøde mannen er blitt misbrukt og at signeringa av «kjøpekontrakten, pantedokumentet og skjøtet» vart gjort utan hans løyve.
Difor er både pantsettinga og overføringa av tomta ugyldige, meiner retten.
I sivile saker som dette held det med sannsynlegheitsovervekt for å avgjere ei sak.
– Vi har akkurat motteke dommen og har ikkje hatt moglegheit til å drøfte den med vår klient enno. Vår oppfatning er at resultatet er feil og det vil innan ankefristen bli vurdert om det blir levert anke, seier advokat Ole Tokvam til TV 2.
Dette er Oddvar Haugland (39)
Ein av fire søner i Haugland-familien frå Austevoll utanfor Bergen. Dei har gjort det stort innan oppdrett og eigedom.
Selskapet Haugland-gruppen skal vera gode for rundt tre milliardar kroner, ifølgje Kapital.
I 2022 flytta Oddvar Haugland (39) til Sveits. Med på flyttelasset følgde 80 prosent av aksjane i familieselskapet.
Haugland: – Handla i god tru
Pantsettinga av tomta skjedde i april 2022. Nesten nøyaktig eitt år seinare, i 2023, vart tomta overført til Vortex AS.
I retten sa Haugland sine advokatar at dette var «ein familiestrid som Vortex ufrivillig vart trekt inn i».
Dei argumenterte for at bestefaren ved fleire høve samtykka til både pantsettinga og overføringa av tomta.
– Søksmålet er ein hemnkampanje frå bakmenn
Vidare meinte dei at bakgrunnen for søksmålet er at det eldre ekteparet ombestemte seg om tomta, etter å ha misforstått ein verditakst på tomta.
– Vortex AS og Haugland har heile tida handla i god tru. Verken han eller advokatane hans har hatt noko grunn til å vera i tvil om at transaksjonane er gjort på riktig måte, sa advokatane.
Det er retten usamde i. Dei meiner Vortex vinteren 2023 hadde «ei særleg oppfordring» til å gjere nærare undersøkingar.
– Unaturleg
Då hadde nemleg sonen til det gamle ekteparet tatt kontakt.
Retten meiner Vortex i det minste burde avklart om mannen i 30-åra faktisk hadde fått overdratt tomta som forskot på arv frå bestefaren sin.
I denne kommunikasjonen blei det nemleg opplyst at det var bestefaren som faktisk var eigar av tomta.
– Til trass for dette valde Vortex å utforme ein kjøpekontrakt som fastsette det motsette. Signeringslenka var utelukkande sendt til barnebarnet. Dette står fram som unaturleg, all den tid Vortex, i ein slik situasjon, burde ha forsikra seg om at bestefaren hadde lest kjøpekontrakten og samtykka til innhaldet i denne, meiner tingretten.
Nøgd
Vortex AS må også betale sakskostnader på totalt 1,4 millionar kroner.
– Dommen er grundig og korrekt, og resultatet etterlet ingen tvil om retten si vurdering. Men saka har eit trist og beklageleg bakteppe, seier advokat for saksøkarane, Jan Magne Isaksen, til TV 2.
Dommen er ikkje rettskraftig då ankefristen er på to veker.

















English (US) ·