Landslagsløpar sendt til røntgen etter fall under Toppidrettsveka

4 hours ago 1



Jan Thomas Jenssen må på røntgen etter at han datt før sprinten under Toppidrettsveka.

– Eg skal til Orkanger og ta røntgen, så eg kjem ikkje til å starte, seier Jenssen til NRK.

Landslagsløparen skulle eigentleg gått prolog, men datt i den eine svingen i sprintløypa.

– Eg tok meg for med høgrearmen. Eg hadde «jækla til fart». Det var vondt med ein gong, seier Jenssen som har ein ispose på armen.

– Eg tryna i ein av svingane nedi her. Vi har medvind nedi her. Og det er ikkje ein særleg artig sving å ta berre når ein er aleine, seier Jenssen og legg til:

– Eg er veldig spent på når det skal bli sendt ut fem-seks herrar og damer her.

Read Entire Article