Legar meiner operasjonen var unødvendig – Grethe får ikkje erstatning

4 hours ago 1



– Kvardagen no er veldig vanskeleg å snakke om. Den har rasa saman, og livskvaliteten min har blitt redusert. Eg må ha hjelp til det meste.

62 år gamle Grethe Garnes Sunde har vore aktiv, glad i trening, likt å gå på fjellet, og har fem barnebarn som ho er i lag med fleire gonger i veka.

Men etter to kneoperasjonar har smertene til bestemora blitt så store at ho er avhengig av enten krykker eller rullestol i kvardagen, og smertelindring via Smerteklinikken.

En bestemor og en jente som sitter i en lenestol.

– Eg liker å gå tur men henne, ha det gøy, teikne og spele kort, seier åtte år gamle Frida om bestemora.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Fekk akutte smerter etter ferietur

Dei siste åra har stadig fleire søkt om pasientskadeerstatning. Ortopedi toppar lista over erstatningssaker, ifølge Norsk pasientskadeerstatning.

I fjor behandla dei rundt 5500 søknader, men to av tre fekk avslag – og ein av dei er Grethe Garnes Sunde. Ho har tidlegare vore hofteoperert og operert i venstre kne i 2004, men sommaren 2022 fekk ho akutte smerter i det same kneet.

– Eg hadde vore på ferie, og gått ganske mykje i Amsterdam. Dagen etter eg kom heim, hovna plutseleg foten min opp, og eg fekk store smerter.

Etter ein artroskopi fekk ho innkalling til ein halvproteseoperasjon ved Ålesund sjukehus, men undervegs i operasjonen blei det sett inn ein totalprotese.

– Tida i etterkant var heilt forferdeleg. Eg klarer nesten ikkje å beskrive det. Bøye og strekke på foten, det var ikkje mogleg. Eg blei send til rehabilitering, men hadde så vondt, og måtte ta store dosar smertestillande.

En dame sitter i sofaen og leser i dokumenter om operasjonen hun har tatt.

Grethe Garnes Sunde har samla alle dokument i etterkant av operasjonane.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Sunde fortel at det var månadsvis med smerter og undersøkingar. Sommaren 2023 blei det sett inn ei kunstig kneskål ved Ålesund sjukehus, men dette gjorde smertene verre.

Helse Møre og Romsdal kommenterer ikkje enkeltsaker, men fagdirektør Erik Ganesh Søegaard seier at dei har stor forståing for at det kan vere krevjande å leve med smerter og funksjonstap.

– Vi vil på generelt grunnlag beklage dersom det har oppstått komplikasjonar i samband med ein operasjon. Det er dessverre ikkje heilt uvanleg med langvarige smerter etter proteseoperasjonar, sjølv når dei teknisk sett er korrekt utførte.

Fagdirektør Erik Ganesh Søegaard i Helse Møre og Romsdal.

– Vi har innført Trygg kirurgi-sjekklista som eit obligatorisk verktøy ved alle kirurgiske inngrep, og det har vist seg å redusere komplikasjonar stort, seier fagdirektør i Helse Møre og Romsdal Erik Ganesh Søegaard.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Meiner svikt i behandling ikkje hadde noko å seie

Sunde har i etterkant av operasjonane bede om vurdering frå tre andre legar ved andre sjukehus. I uttalen frå St. Olavs hospital står det: «Eg trur ikkje ho skulle hatt kneprotese i første omgang, og kan heller ikkje sjå indikasjon for patellaknapp.».

Sjukehuset i Volda skriv:

Grethe Garnes Sunde valde å klage inn saka til Norsk pasientskadeerstatning, og blei overraska da avslaget kom.

– Eg synest det er heilt vanvitig, og eg lurer på om dei jobbar for pasientane som har blitt feilbehandla eller helseinstitusjonar som gjer feil? Eg blir ikkje noko betre av erstatning, men eg synest rettferda skal komme fram. Saka har også sine økonomiske konsekvensar med tanke på tilrettelegging i huset.

Sunde sin fysioterapeut, Sean Kirkpatrick ved Indre Sula Fysio og Velvære As, seier til NRK at han har over 20 års erfaring som fysioterapeut.

– Eg har aldri sett liknande resultat etter kneoperasjonar.

Grethe Garnes Sunde på tur med barnebarna Grethe Garnes Sunde sitter ved vannet med et av barnebarna

Grethe Garnes Sunde på tur med barnebarna før ho fekk vedvarande smerter.

I papira frå Norsk pasientskadeerstatning står det at det har vore ein svikt i operasjonen i november 2022, og den ikkje vart utført i god medisinsk praksis. Avdelingsdirektør Kathrine Kjemphol Nygård forklarer det slik.

– Det er fordi protesen fekk ein liten feilstilling, men utover det meiner vi at proteseoperasjonen og seinare operasjon for å lindre smerter har vore utført i tråd med god medisinsk praksis.

Nærbilde av en kvinne med briller.

Kathrine Kjemphol Nygård er avdelingsdirektør for avdeling A for pasientskadesaker i Norsk pasientskadeerstatning.

Foto: Norsk pasientskadeerstatning

– Vi har vurdert at feilstillinga ikkje er den mest sannsynlege forklaringa på plagene i dette tilfellet, seier ho.

Første halvår i år har Norsk pasientskadeerstatning behandla 3600 saker, og avslagsprosenten er på heile 76 prosent.

– Kvifor er det så vanskeleg å få erstatning?

– Det er mange som får avslag fordi det ikkje har skjedd feil, eller at feilen som har skjedd, mest sannsynleg ikkje er årsak til plagene.

– Vi har eit unntak som opnar for erstatning i heilt spesielle tilfelle dersom skaden er særleg uventa. Plagene i dette tilfellet var så store i utgangspunktet, så det som har kome i tillegg som følgje av operasjonane, er for lite til å få erstatning.

Ein dame viser fram arr etter kneoperasjon. To lærere ser ser i en bok ved en pult på skolen.

Grethe Garnes Sunde er skoleassistent ved Solevåg skule, og seier dei åtte timane ho jobbar i veka er utruleg viktig for den psykiske helsa. Ho jobbar saman med lærar Julianne Dybvik.

– Ikkje noko håp utan krykker

Saka til Grethe Garnes Sunde har blitt sendt vidare til Helseklage, Nasjonalt klageorgan for helsetenesta. Dei seier til NRK at det er ti månader saksbehandlingstid.

– Er det noko håp for at du kan gå utan krykker?

– Nei, ikkje ifølgje dei legane eg har vore hos. Muskulaturen er også skada både i lår og legg, så eg må bruke rullestol meir og meir.

For å leve med smertene får ho hjelp frå fysioterapeut, og god støtte frå venner og familie.

– Det er barnebarna som held meg oppe. Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan dei.

En dame som sitter på en stol.

– Når eg står og skal lage mat, sprenger det inne i kneet og det er om knivar køyrer inne i kneet. Så eg må fort sette meg ned, og kvile foten høgt.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Publisert 21.08.2025, kl. 15.59

Read Entire Article