«Lille Floris» er på veg – farevarsel for regn, vind og skred

1 day ago 4



Det er venta sterk vind og kraftig nedbør i Møre og Romsdal. Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for vind, regn, jord- og flaumskredfare.

Eit lite lågtrykk inne i uvêret «Floris» treff Møre og Romsdal tysdag ettermiddag. Uvêret blir tilsvarande kraftig som storesøster som herjar lenger sør på Vestlandet.

– Det blir litt kortare. Men det ser ut som at nedbørsmengdene er rett i underkant. Så det er mykje nedbør og vind som også kjem her, seier vakthavande meteorolog Johanna Ordahl.

«Lille Floris» treffer Møre og Romsdal tysdag ettermiddag. Ventar vind på opp mot 33 meter per sekund, og opp mot 100 millimeter nedbør.

Kraftig vind og nedbør

«Lille Floris» vil treffe hardast på Sunnmøre, før vinden tek seg opp nord i fylket på morgontimane onsdag.

Det verste er venta frå tysdag kveld og utover natta.

– Vi har sendt farevarsel for vindkast frå klokka 17. Det vil blåse friskt. Det blir vestleg vind opp til liten storm, seier Ordahl.

Ei kvinne som går nedover gaten med en gul paraply

Folk i Ålesund kjenner på regn og vind tysdag ettermiddag.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Det er venta vindkast frå 27 til 33 meter per sekund. Det er sendt farevarsel på regn frå klokka 12. Farevarselet vil vare i 24 timar.

– Det kan kome mellom 60 og 100 millimeter på 24 timar, seier Ordahl.

Stenger Trollstigen

Vegtrafikksentralen melder at Trollstigen, på fylkesveg 63, blir stengt i kveld frå klokka 21. Det er på grunn av uvêret som er meldt i området.

Vegtrafikksentralen opplyser at vegen i utgangspunktet blir haldt stengt fram til klokka 10 onsdag føremiddag.

En bølge som slår mot en strand

Det er venta store bølgjer når «Lille Floris» treffer Møre og Romsdal tysdag ettermiddag. Dette biletet er tatt utanfor Fjørtofta på Sunnmøre.

Foto: Eldar Fjørtoft

Meteorologen oppfordrar reisande til å rekne godt med tid, ettersom vegar kan bli stengt og ferjer innstilt.

Lause gjenstandar bør også sikrast, seier ho.

– Det kan bli ein del høge bølgjer, så eg ville festa båten godt, seier Ordahl.

Kart over farevarsel for vind.

Vindkasta kan bli opptil 33 meter i sekundet i Møre og Romsdal.

Illustrasjon: yr.no

Publisert 05.08.2025, kl. 13.37 Oppdatert 05.08.2025, kl. 14.49

Read Entire Article