Nicolai Budkov Kjær møtte hard motstand – ute av Swedish Open
Nicolai Budkov Kjær er ute av ATP-turneringa Swedish Open i Båstad, Sverige.
18-åringen kjempa for ein kvartfinale i ATP 250-turneringa, men møtte hard motstand. Argentinske Sebastián Báez er ranka som nummer 37 i verda, medan Kjær er på 298. plass.
Det såg lenge lyst ut. Bygdøy-mannen vann det fyrste settet overlegent, men argentinaren svarte med same mynt i andre sett. Då Kjær kunne serve inn sigeren på ein 5–4 leiing i det avgjerande settet, braut Báez.
Etter ein jamn kamp på grusen i Sverige, vann Báez til slutt med settsifra 3-6, 6-2, 7–5.
Turneringa i Båstad er nordmannen sin fyrste ATP-turnering, og difor karrierebeste for 18-åringen frå Bygdøy.