Liverpool tapte igjen i absurd drama – måtte byte dommar

6 hours ago 1



– Kan vi få nok drama i denne kampen?, seier Ally McCoist, fotballekspert hjå TNT Sports.

VAR-straffe, Liverpool-krise og ein dommar som måtte bytast ut med skade. Brentford sin siger over Liverpool var på mange måtar ein kamp som hadde det meste.

Liverpool gjekk på sitt fjerde ligatap på rad, og dommen frå ekspertane var ikkje nådig.

– Dei har vore veldig, veldig kaotiske og litt overalt til tider, seier tidlegare Liverpool-spelar Steve McManaman om Liverpool sin første omgang.

Sjå oppsummeringa frå den elleville kampen her:

Trump møtte emiren av Qatar for å diskutere den skjøre våpenkvilen i Gaza. Israel med målretta angrep inne i Gaza i dag

– Så mange dårlege pasningar. Dei skapte ingenting. Dei såg sårbare ut i forsvaret, seier fotballekspert Ian Burchnall i Viaplay sitt studio.

Liverpool sin sjef Arne Slot var heilt einig at dette var ein kamp der dei absolutt ikkje var gode nok.

– Det mest bekymringsfulle er at du tapar fire kampar på rad. Etterpå kan du vurdere prestasjonen, og i dag var den, etter mi meining, den verste av alle fire, seier Slot.

– Eg har ei klar oppfatning av kvar vi må bli betre, men det har ikkje vore tilfelle i andre kampar. Vi gjorde ikkje det grunnleggjande rett i dag, seier Slot.

Men det var ikkje berre Liverpool som fekk seg ein smell i laurdagens kamp.

en mann i hockeyuniform

FRUSTRERT: Arne Slot var tydeleg frustrert i første omgang.

Foto: Dave Shopland / AP / NTB

Dommarbyte

For vi kan jo alle ordtaket som startar med: «ut med dommaren ... osv.».

I pausen så måtte faktisk hovuddommaren kaste inn handkledet og forlate bana.

Det viste seg nemleg at Simon Hooper hadde fått seg ein skade og måtte bytast ut.

En gruppe menn i sportsuniformer

DOMMARBYTE: Tim Robinson tok over som hovuddommar i andre omgang.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Andre omgang vart fleire minutt forseinka som følgje av situasjonen, men til slutt kom ein ny hovuddommar springande inn på bana. Da hadde Hooper bytta plass med dagens fjerdedommar, og Tim Robinson hadde teke over ansvaret ute på bana.

– Vi får håpe han ikkje spring på seg ein strekk i starten her, kommenterte Viaplay sin kommentator Roar Stokke muntert.

Trur du Liverpool vinn ligaen?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

VAR-straffe

Han unngjekk kanskje strekken, men tidleg i andre omgang kom den nykomne hovuddommaren i fokus.

For fyrst fekk Brentford frispark rett utanfor 16-meteren da Dango Ouattara gjekk ned etter eit spark frå Virgil van Dijk.

Men så viser det seg, ifølgje VAR-dommarane, at det var såpass innanfor 16-meteren at dei endra det til straffespark.

– Foten til spelar nummer fire (Virgil van Dijk) er på linja. Avgjersle er difor straffespark, proklamerte dommarinnbytar Robinson over anlegget på stadion.

– For ein situasjon. Arne Slot skjønar ingenting. Dommaren som starta kampen, Simon Hooper, såg overraska ut han også, kommenterte Viaplays Roar Stokke.

Etter kampen var Liverpool-kaptein Virgil van Dijk naturlegvis skuffa.

– Eg veit ikkje. Dommaren sa at ballen var på linja, og så markerte han staden to meter utanfor boksen. Eg visste eigentleg ikkje kva som føregjekk. Til slutt gir han det, og det er tydelegvis ikkje bra, seier van Dijk til TNT Sports.

X tok også Viaplays ekspertkommentator Lars Tjærnås til tastaturet.

– Dømminga i PL (Premier League) denne kvelden hadde knapt heldt mål under sommercup på Larkollen camping.

En gruppe menn som spiller fotball

STRAFFESCORING: Igor Thiago var sikker frå 11-meteren.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Arne Slot var etter kampen tydeleg på at straffa var veldig marginal.

– Eg trur ikkje han planla å gi straffe for det. Men sidan det var inne i feltet, vart det omgjort til straffe, seier Slot.

Igor Thiago var sikker frå kritmerket, og sette sikkert inn 3–1.

Liverpool fekk seg eit håp rett før fulltid da Mohamed Salah scora, men kampen enda likevel i skrøpelegdom for Liverpool som tapte 3–2.

32 meter innkast

For Liverpool fekk ein marerittstart på kampen da eit langt innkast frå Brentford enda med mål.

Michael Kayode kasta langt inn i feltet. Der var Kristoffer Ajer han som hoppa høgast og stussa til bakre stolpe der Dango Ouattara lura som gjedda i sivet og sette inn 1–0 til Brentford.

en person som spiller fotball

2-0: Kevin Schade var sikker åleine med Liverpool si målvakt.

Foto: Paul Childs / Reuters / NTB

I Viaplay sitt pausestudio viste dei fram at kastet frå Kayode var heile 32 meter langt.

– Det er heilt rått Brentford har gjort dette sesong etter sesong. Dei har vel åtte scoringar førre sesong og denne som kjem frå innkast, seier Viaplay-ekspert Nils Johan Semb og held fram:

– Det er enorme tal frå Brentford. Det er ikkje nokon forskjell på dette og at dei får hjørnespark. Dette er meir effektivt, i alle fall når dei vinn stussen, slik som Ajer gjer her

Rett før pause skulle vondt bli til enda verre for gjestane frå Liverpool. For djupt inne på Brentford sin banehalvdel så mista Liverpool ballen. Mikkel Damsgaard såg kjapt framover i bana der Kevin Schade allereie er på tur inn i Liverpool sitt rom.

Pasninga frå dansken var perfekt og åleine med målvakta var Schade sikker og senda Brentford opp i 2–0.

Rett før pause gav Milos Kerkez likevel Liverpool eit håp. Conor Bradley vart spelt fri på Liverpool si høgre side, han slo hardt inn i feltet og på ein eller annan måte gjekk ballen gjennom heile feltet før han hamna hjå venstrebacken Milos Kerkez. Han breisida ballen i mål og gav Liverpool eit håp inn i pausepraten.

Etter laurdagens tap ser det verkeleg ikkje bra ut for Liverpool, som vann ligaen i fjor.

– Om du skal halde på ligatittelen, kan du ikkje tape fire ligakampar på rad. Det går berre ikkje, seier Ally McCoist.

Publisert 25.10.2025, kl. 23.09 Oppdatert 25.10.2025, kl. 23.54

Read Entire Article