– Det er ikkje heldig viss ungane får i seg denne skiten. Det ser ut som pinnar, nesten. Så det kan jo vere veldig spennande å vere borti.
Det seier Berit Solveig Hamstad, leiar i Sandvollan idrettslag. Ho står og ser utover fotballbanen.
– Nokre er kvite, nokre er litt mørkare, så det kan vere litt artig å utforske. Men det er dumt viss dei fiklar borti dette.
Berit Solveig Hamstad, leiar i Sandvollan IL, må trå forsiktig for å ikkje trakke i gåsskit.
Foto: Tariq Alisubh / NRKI staden for full aktivitet med treningar og fotballkampar, er banen dekt av skit frå kortnebbgåsa.
– Vi prøver å sette ned føtene utan å trakke i skit, men det får vi ikkje til.
Difor har dei sett seg nøydd til å avlyse sesongstarten – til dei har kontroll på skiten.
Eit velkjent problem i Inderøy har blitt ekstremt, ifølge Hamstad.
Foto: Tariq Alisubh / NRKTrønder-Avisa omtalte saka først.
– I år har det vore ekstremt
Kortnebbgås på dyrka mark er eit vanleg syn fleire stader i landet om våren. Her stoppar gåsa for å ete, før ho reiser vidare til Aust-Grønland, Island og Svalbard for å hekke.
Leiaren i idrettslaget seier det er eit kjent problem at kortnebbgåsa bæsjar på fotballbanen.
– I fleire år har kortnebbgåsa kome hit, landar på banen vår og skit ut banen.
– I år har det vore ekstremt. Det er jo dekt frå parkeringa og heile banen, legg ho til.
Difor har dei vore nøydd til å utsette fotballsesongen og kan tidlegast opne 11. mai, fortel Sandvollan.
– Det er jo eit problem. Ikkje berre litt, men eit ganske stort problem. Vi jobbar på for å få opna til 11. mai.
Kortnebbgås.
Foto: Per-Ivar Nicolaisen– Det skjer jo kvart år, men er det ekstra mykje i år?
– Eg synest det har vore meir i år enn det har vore før. I år har vi kome seinare i gang enn tidlegare.
– Ho kom så tidleg og vi fekk ikkje sett ut robotane for å klippe plenen i håp om at dei skulle skremme gåsa bort, forklarar idrettsleiaren.
Kortnebbgås i Steinkjer, eit tidlegare år.
Foto: Tariq AlisubhHåper gåsa reiser nordover no
Arbeidet med å rydde banen er godt i gang på Inderøy.
– Vi bruker ein grasklippar med oppsamlar bak, så vi prøver å få bort det meste sånn. Og viss det kjem regn, så forsvinn det. Det er jo litt gjødsel i det også, så noko positivt er det.
– Korleis er forholdet ditt til kortnebbgåsa?
– Det er eit elsk-hat-forhold. Det er jo mange bønder rundt her som også har hatt kortnebbgåsa på besøk.
– Men det ryktast at ho har ete seg god og mett no. Så vi håpar ho drar nordover i løpet av dei nærmaste dagane.
Og i mellomtida har ungane heldigvis andre stader dei kan spele fotball.
– Vi har kunstgrasbanen ved skulen, men snart kjem måkane og tar over der. Og så er det noko med å få trene på gras og det er få grasbanar på Inderøya.
Publisert 30.04.2026, kl. 20.18















English (US)