Makulerer stemmesetel inne i stemmelokalet: – Blir for dumt

3 hours ago 1



Det viser at «Gutta» først og fremst er ein aktør som driv med kødding, seier AUF-leiar Gaute Børstad Skjervø.

I ein video på Instagram tar Henrik Lie Viken, kjend frå YouTube- og TikTok -kanalen «Gutta AS», med seg ein makuleringsmaskin inn i eit stemmelokale.

Der vel han ut ein stemmesetel frå Arbeidarpartiet som han deretter puttar i «stemmeboksen».

– Det blir rett og slett for barnsleg og bidrar ikkje til noko god debatt, seier Skjervø.

Henrik Lie Viken makulerer ein stemmesetel.

Video: henrik_viken / Instagram

Henrik Viken eller andre frå «Gutta AS» har ikkje svart på NRK sine gjentatte førespurnader onsdag kveld eller torsdag formiddag.

Torsdag formiddag har Viken fjerna videoen frå instagram-profilen sin.

– Blir for dumt

At det er ein stemmesetel frå akkurat Arbeidarpartiet Viken makulerer meiner AUF-leiaren tydeleg viser kor «Gutta» sine sympatiar ligg.

Det er ei kjent sak at disse influensarane har ein forakt for Arbeidarpartiet på grunn av skattepolitikken.

– Og det må dei gjerne ha, men det finst mange måtar å uttrykke den på som er langt betre enn dette.

en mann i hvit skjorte

– Det viser kor privilegerte dei er, seier Skjervø om Henrik Lie Viken og resten av «Gutta».

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Skjervø meiner Viken burde bruke sin innflytelse på ein anna måte enn å lage videoar som dette.

– Eg synest dei brukar mediemakta si feil.

«Gutta» har tidlegare fått skryt for å nå ut til unge med politisk innhald, mellom anna da Sebastian «Baris»-Brevik møtte Marstein til debatt.

At Henrik Lie Viken no brukar sin posisjon på sosiale medium på denne måten, synest Børstad Skjervø lite om.

– Ein kan ikkje i det eine augeblikket snakke om demokratibygging og i det neste augneblinken legge ut slikt på sosiale medium.

Skjervø seier det er tydeleg at «Gutta» først og fremst er ute etter å tulle.

– Og akkurat når det kjem til dette køddet med det å stemme ved val, så synest eg det blir for dumt.

Velle: – Gaute må puste med magen

Før videoen blei fjerna torsdag formiddag, hadde han over 8000 likarklikk og var blitt sett over 200.000 gongar.

Ein av dei som reagerte på videoen var FpU-leiar og stortingskandidat for Frp, Simen Velle.

Simen Velle-reaksjon

Simen Velle er ein av dei som har kommentert videoen på Instagram.

Foto: Skjermdump / Instagram

Eg synest Gaute må puste litt med magen her, seier Velle til NRK.

Han er ikkje einig med AUF-leiaren om at det blir for dumt å tulle med valet på måten Viken gjer.

– Det kan han godt meine, men Henrik Viken er ikkje politikar, han er først og fremst komikar.

Velle peiker på at «Gutta» sitt prosjekt der dei intervjuar toppolitikarar har vore ein god satsing på demokratibygging.

– Også trur eg ikkje akkurat denne videoen er ein del av det.

– Ein skal jo ikkje tulle med stemmesetlar, men det får nesten stå for Henrik sin rekning.

en person som peker på en annen mann

Simen Velle seier han har høg takhøgde for at noko er humor.

Foto: Ole Berg-Rusten / NRK

FpU-leiaren seier han ikkje har nokre tankar om at det er ein stemmesetel frå akkurat Arbeidarpartiet Viken makulerer i videoen.

– Hadde du syntest det hadde vore like moro om han hadde makulert ein FrP-setel?

– Ja, seier Velle.

– Eg har høg takhøgde for at noko er humor.

Ikkje ulovleg

Tore Bø Nyland i Valdirektoratet fortel at valloven ikkje inneheld reglar som seier at det ikkje er ulovleg å makulere ein ubrukt stemmesetel.

I ein e-post til NRK skriv Nyland at dei set pris på at fleire bidrar til folkeopplysning om korleis ein stemmer ved val.

– Men her ser det ut til at Henrik Viken treng ein innføring i korleis det eigentleg går føre seg, skriv Nyland.

Dersom han tar turen innom valg.no finn han fine og korrekte beskrivingar av dette.

Publisert 21.08.2025, kl. 11.36

Read Entire Article