Manglar 10.000 bøsseberarar til årets TV-aksjon

3 hours ago 1



– Du gir to timar av ettermiddagen din, og går eller rullar årets viktigaste søndagstur.

Det seier fylkesaksjonsleiar for NRK TV-aksjonen Helene Knutsen Fosso.

Ho fortel at Agder ligg forholdsvis likt an med resten av landet på antal bøsseberarar, men at dei gjerne skulle vore fleire.

– Kristiansand peiker seg ut i Agder som byen som manglar flest bøsseberarar, omtrent 500, seier Fosso.

Farsund, Lindesnes og Arendal har også behov for fleire.

en person som holder en bok

Helene Knutsen Fosso håper fleire melder seg fram mot startskotet går klokka 16.00 i dag.

Foto: FOTO: NRK TV-aksjonen

– Mindre organisasjon, men like viktig

Fosso meiner det er skilnad frå kommune til kommune på kor krevjande det er å fylle opp bøsse-kvoten.

– Det er nok enklast for kommunane som arbeider med idrettslag og skoleklassar.

I tillegg trur ho det kan ha noko med formålet å gjere.

– Atlas-alliansen er ein litt mindre og ukjent organisasjon for mange, men den er like viktig, seier Fosso.

Også Buskerud manglar bøsseberarar.

Det seier Hege Ramm, fylkesaksjonsleiar for Buskerud, Akershus og Østfold.

Det er spesielt i Drammen og Kongsberg det manglar folk som kan gå med bøsse.

– Totalt manglar det cirka 400 bøsseberarar i fylket, 220 av desse berre i Drammen. Og det er spesielt i tidlegare Nedre Eiker mangelen er størst, seier Ramm.

Kommunane i Hallingdal har god dekning, ifølge Ramm.

Litt spesielt år

Marte Jansen er Fylkesaksjonsleiar i Vestland. Der manglar dei omtrent 1000 personar.

– Vi håper at fleire melder seg av dei som ventar på om dei skal eller ikkje, seier Jansen.

en hund som sitter ved siden av en person i rullestol som holder en bøsse

Årets TV-aksjon samlar inn pengar til Atlas-alliansen, og alle blir oppfordra om å gå, eller rulle, med bøsse.

Foto: FOTO: NRK TV-aksjonen

Det er spesielt områda rundt Bergen som manglar bøsseberarar.

– Det er i Øygarden, Alver og ein del i Askøy. Og så er det i bydelane Fyllingsdalen og Laksevåg her i Bergen. Elles begynner det å bli ganske god dekning dei aller fleste stadene.

TV-aksjonen blir arrangert kvart år, men Jansen opplever at det er litt spesielt akkurat dette året.

– Vi pleier å ligge litt betre an enn vi gjer i år. Men vi håper at fleire melder seg nå i innspurten.

Fylkesaksjonsleiar Fosso i Agder kan også fortelje at dette året har vore litt trått i forhold til i fjor.

– I fjor var det vanvettig med trykk både i Agder og rundt omkring i Noreg, men det er litt vanskeleg å samanlikne.

Ifølge Fosso er det meir krevjande for dei som er avhengige av lokalbefolkninga sitt engasjement.

Nå legg ho lit til nettopp det engasjementet.

– Eg håper det kjem ein straum med bøsseberarar i siste liten, seier Fosso.

Publisert 19.10.2025, kl. 14.24 Oppdatert 19.10.2025, kl. 14.40

Read Entire Article