Ein mann i 60-åra er frakta med luftambulanse til Bergen etter ei valdshending i Etne i Vestland, opplyser politiet.
Skadeomfanget er ikkje kjent, seier dei.
Politiet fekk melding om at ein person var utsett for vald i ein bustad søndag kveld.
Gjerningspersonen var ikkje på staden då politiet kom fram.