På flyet frå Bergen til Oslo, fekk 33 år gamle Thomas Tvedt det han omtalar som ei provoserande oppleving.
Han hadde bestilt flysete ved midtgangen, som han har gjort mange gonger tidlegare.
Men denne gongen fekk han ikkje sitte der.
Då han kom til flyplassen, fekk han beskjed om at han måtte sitte ved vindauget, og ikkje på setet han hadde bestilt.
Tvedt var på veg heim frå ein opptreden på TV-aksjonen i Bergen då han tok flyet.
Foto: Kristin Granbo / NRKTvedt er blind, og personalet i SAS-flyet meinte at det ville vere best for han å sitte ved vindauget.
Dette sjølv om han ville sitte på setet sitt ved midtgangen.
– Eg sa at det er noko av det dummaste eg har høyrt. Eg har floge mykje, og synest det var heilt urimeleg, fortel Tvedt.
Blei provosert
Tvedt reagerer på måten han blei møtt på av personalet.
Personalet sa til han at dersom ein er blind, sit i rullestol, eller har eit anna handikap, sit ein ved vindauget.
Grunngjevinga frå personalet var at det var best for han.
– Eg fekk ikkje noko meir argumentasjon. Det var berre ferdig, fortel Tvedt.
Ikkje første gong
Tvedt er ikkje den første som møter utfordringar hos flyselskapar på grunn av eit handikap.
I september blei den paralympiske utøvaren Birgit Skarstein, som brukar rullestol, nekta ombordstigning på eit SAS-fly.
Birgit Skarstein.
Foto: Anders Boine Verstad / NRKDet skjedde fordi dei meinte at det var for kort tid igjen før flyginga til at Skarstein, som sit i rullestol, kunne komme om bord i flyet.
Kjærasten hennar fekk gå om bord, medan boardingpasset hennar blei riven i to.
Etter kvart beklaga SAS hendinga overfor Skarstein.
Seier dei gjer sitt beste
Hendinga med Tvedt skjedde på veg heim etter at han hadde opptredd for TV-aksjonen i Bergen.
– Her kjem eg som ein profesjonell aktør på veg heim frå jobb, med billett på lik linje med alle andre, så blir eg omplassert utan å bli spurt fordi nokon meiner eitt eller anna dei ikkje klarer å argumentere for, seier Tvedt.
SAS på si side, meiner det var ein «omsorgsfull» løysing.
For SAS gjer sitt beste for å legge til rette for blinde, ifølge pressesjef Øystein Schmidt.
Han forklarer at dette blant anna inneber å sørge for at passasjeren har eit ledig sete ved sida av seg.
– I slike tilfelle kan passasjeren oppleve å få tildelt ein vindaugeplass.
Pressesjef i SAS, Øystein Schmidt.
Foto: Lars Holand / SASHan understrekar at det ikkje er meint som ei avgrensing.
– Meir som ei praktisk og omsorgsfull løysing.
Eit vindaugesete gir blinde passasjerar enklare tilgang til faste referansepunkt i kabinen, seier Schmidt.
– Det gir også kabinpersonalet betre oversikt og høve til å hjelpe ved behov, legg han til.
Ventar at SAS beklagar
Hendinga fall ikkje i god jord hos generalsekretær i Blindeforbundet, Per Inge Bjerknes.
Alle passasjerar har individuelle ønske for kor dei ønskjer å sitte på eit fly, meiner Bjerknes.
– Det er heilt uakseptabelt at eit selskap overprøver desse preferansane basert på at dei meiner dei veit betre kva som er best for kvar enkelt, seier han.
Generalsekretær i Blindeforbundet, Per Inge Bjerknes.
Foto: Morten Bendiksen / Norges BlindeforbundHan meiner det er diskriminering når SAS gjer dette på bakgrunn av folk si funksjonsnedsetting.
– Norges Blindeforbund ventar at SAS straks avviklar ein slik praksis og beklagar overfor passasjerane det gjeld, seier han.
Har skapt mykje engasjement
Etter hendinga på flyet, delte Tvedt eit innlegg på Facebook der han beskreiv opplevinga.
Og responsen har ikkje late vente på seg. Over hundre personar har kommentert innlegget.
– Mange har fortalt om liknande opplevingar, fortel Tvedt.
Han understrekar at han vanlegvis ikkje lèt seg krenke eller lagar ei sak ut av småting.
– Men eg blei utruleg provosert av det, seier han.
Publisert 25.10.2025, kl. 23.22























English (US) ·