GJESTEKOMMENTAR: Me må berre akseptera at nokre kulturforskjellar er for store til at dei kan overskridast. Som dei mellom Stavanger og Bergen, mellom Viking og Brann.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Denne hausten har det skjedd noko uvanleg. Noko som er så sjeldan at det er verdt å skrive inn i minneboka. Både Bergen og Stavanger har denne hausten fotballag for herrar som slost om å vinna den øvste divisjonen. Og ikkje berre det, begge laga, Viking og Brann, har samstundes spela kampar i europeisk fotball. Og som om ikkje det var nok, så skjer altså dette for andre år på rad.
Det må vera dette naturstridige fenomenet som har sett i gang den fyrste verkelege rivaliseringa mellom Bergen og Stavanger sidan me fekk olja heim. Normalt ligg dei to vestlandshovudstadane heilt i fred for kvarandre. Bergen er for opptatt av å vere bitter på at Oslo vart gjort til hovudstad ein gong på trettenhundretalet, og Stavanger er for opptatt med å vere bitter på at statsbudsjettet vert lagt fram i Oslo, til at ein eigentleg bryr seg så mykje om kvarandre. Strengt tatt så møtast ein oftare i felles agg mot austmenn, austlendingar og sentralmakt, enn i nærstrid med kvarandre.
Pengelens i flosshatt
Ja, det er irriterande for samfunnets støtter i Stavanger at alle ungdommane dreg til Bergen for å studera og gå på fylla etter vidaregåande, men strengt tatt forstår ein jo kvifor. Som studentby ligg Bergen milevis føre alle andre i Norge. Og ja, det er jo irriterande for borgarskapen i Bergen at dei går blakke rundt i «Prosesjonen» med flosshatt på syttande mai, medan bønder frå Jæren og Ryfylke har tent seg styrtrike på utvikle den norske oljeindustrien, men strengt tatt forstår dei nok fornufta i akkurat det, dei og. Kven vil legga den økonomiske framtida si til ein by som har vald både Herman Friele og Trude Drevland til ordførar? Ikkje ein gong bergensarar vil eigentleg det.
Så lenge eg kan minnast er det berre fotballen som har fått fram noko som liknar på hat og vonde kjensler mellom dei to byane eg likar best i Norge. For det siste er jo sanninga. Eg studerte sjølv i Bergen i fem år. Eg likte meg så godt der at det var ei rein glede når eldste dotter mi valde Nygaardshøiden som heim for si studietid. Eg kjende meg heime i Bergen kvar einaste dag, bortsett frå då Viking spela bortekamp i Bergen. Då gjekk eg i lange svingar rundt fotballpuben på Vestre Torgalmenning for å unngå det far min opplevde ein generasjon før. Ein eksaltert bergensar som slo han med paraplyen i det Brann skåra på Sverre Andersen i Viking-målet på Brann Stadion.
Kamp på kniven
Men når sant skal seiast, så var ikkje fotballen heller eit så stort problem. For i den tida Viking var gode, dreiv Brann for det meste og rykka ned i lågare divisjonar. Og når dei hadde ein stabil periode kor dei var sånn nokolunde akseptable, var det helst Viking som kava på den nedste delen av tabellen. Men no, no er ting annleis. No kjempar Brann og Viking, Bergen og Stavanger om noko som tel. Gull, sølv eller bronse i Tippeligaen, og moglegheit for Champions League- spel, på anten Lyse Arena eller Brann Stadion. Liverpool til Jåttå eller Nymark, heider og ikkje minst pengar nord eller sør for Hardangerfjorden.
Dette sto på spel for to veker sidan då Viking fillerista Brann og tok sigeren heim med 3–0. Det gav meg og alle andre frå Viking sitt omland ein indre fryd som varte gjennom heile haustferien. Og for ein vestlending er det ein eksepsjonelt lang periode å fryda seg. Eg kan ikkje hugsa sist det skjedde.
Svaret er nei
Men for bergensarane gav det openbart ein indre og ytre frustrasjon som har gitt seg utslag i eit ordgyteri og ei kjefting som enno ikkje har tatt slutt. Tapet på fotballbanen må på ein aller annan måte kompenserast, og det gjer bergensarane med å fortelja verda og kvarandre kva slags elendige fotballtilhengjare me er i Stavanger. Dei tapte på banen, men dei vann visst på tribunen.
Kva dei vann på tribunen var noko meir uklart, men i kjølvatnet av desse påstandane frå meir eller mindre forfriska bergensarar, med og utan eigen podkast i Bergens Tidende, har me i Stavanger gått inn i ei form for sjølvransaking. Kan det stemma at me ikkje feirar nok og ropar høgt nok no som Viking tidvis spelar vedunderleg fotball? Den sjølvransakinga kan ta slutt med ein gong, for det openberre svaret på spørsmålet om det er noko feil med oss er nei. Me er berre ikkje bergensarar.
Sjau og spetakkel
Når bergensarane ropar og skrik og ber seg før, under og etter fotballkampar, har det ingenting med fotballen å gjere. Dei lagar berre lyd fordi dei er nett det, bergensarar. Dei hadde ropa like høgt om det gjaldt Ulriken basket, et halvdårleg bogekorps frå Kalfaret eller Trude Drevland på Skal vi danse.
Dette vart tydeleg illustrert etter kampen mot Viking. Brann vart rundspelt og audmjuka. Hadde det vore Viking som spelte slik, ville alle i blå drakt gått stille heim med hovudet senka. Men bergensarane har ikkje den eigenskapen inne. Dei er berre ekspressive, dei grunner ikkje, dei snakkar, og dei snakkar alltid høgt. På Torgallmenningen i Bergen skrik folk private hemmelegheiter til kvarandre på femti meters avstand, heilt uaffiserte av at halve byen høyrer kven dei har loge med og om dei i det heile tatt fekk det til.
Slik lever dei der
Slik har dei det der, slik vil me ikkje ha det her.
Det har vore tider eg har tenkt at me godt kunne laga litt meir lyd på stadion når Viking spelar. Og det har vore tider kor me ikkje har vore eit særleg godt heimepublikum. Dei tidene er ikkje no. Me lagar lyd, me støttar laget vårt, me sit på nåler og vert kvalme av spenning. Men me er ikkje bergensarar, me tenker før me snakkar, og me veit at alt kan gå til helvete når som helst.
Det er vår kultur, det er derfor me tek oss av olje, gass og økonomi medan Bergen har fått ansvaret for høge flosshattar og lange sløyfer på syttande mai.
Publisert:
Publisert: 18. oktober 2025 09:42