Sakrisøya i Skibbåsvær, med omkringliggande øyer og holmar, har fått ny eigar, skriv Helgelands Blad.
Den er seld for 5.070.130 kroner.
Salet har gått frå Danny Charles F D'Hooghe til Michael Gall.
Førstnemnde kjøpte eigedomen, med eitt hus på rundt 90 kvadratmeter, for 2,5 millionar kroner i 2019. No har han selt unna til det dobbelte.
Advokaten som har handtert salet seier ho ikkje kan kommentere det, til avisa Helgelands Blad.