Millionbot for å ha bygd ulovlege skogsvegar

2 hours ago 4



– Dette er ein viktig dag for kampen mot øydelegging av naturen. Avgjerda er ein stor siger for Naturvernforbundet, lokale foreiningar og eldsjeler, seier styreleiar Tom Skauge i Naturvernforbundet Hordaland til NRK.

Naturvernforbundet Hordaland har i fleire år jobba for bevise at skogsbilvegar har blitt bygd ulovleg. Då har dei vist til at vegar er fulle av boss, at dei går over historisk postveg, og at nokon av dei er fulle av betongavfall.

Etter at dei politimelde ei rekkje aktørar, har desse blitt etterforska.

I går kom tiltaleavgjerda frå Statsadvokaten:

Steinsenteret Åsane Sand og Singel AS får 1 million kroner i bot, og får inndratt 500.000 av midlar dei har fått frå Skogvei Vest AS.

Selskapet har fått statleg støtte for å bygge skogsbilvegar, og har gjort det utan gyldig løyve.

Det er eit heilt eintydig signal om at dette ikkje er akseptabelt i ein sivilisert kommune. Me meiner øydeleggingane og kostnadene for å rydde opp, er langt større, så me skulle gjerne sett at desse bøtene var høgare, seier Skauge.

Grunnlaget for bøtene er brot på plan- og bygningslova og naturmangfaldlova. Statsadvokaten legg vekk moglege brot på forureiningslova etter bevisets stilling.

Synnøve Spangelo

På få minutt fann Synnøve Spangelo i Naturvernforbundet dette bosset lett tilgjengeleg mellom steinane i skråninga langs ein skogsbilveg, og i steinhaugane.

Foto: Eva Neteland / NRK

Personlege bøter

Statsadvokaten la seg på å gi førelegg, då det hadde gått lang tid sidan lovbrotet, og fordi saksbehandlinga har tatt lengre tid enn rimeleg, både med etterforsking og påtalebehandling.

Vidare meiner Statsadvokaten, at dersom avgjerda hadde blitt gjort innan rimeleg tid, ville vilkårslaus fengselsstraff vore rimeleg.

Ifølge Skauge blir også fleire saker dei har meldt, lagt vekk av ulike årsaker. Dei vil vurdere å anke dette, men først skal dei i samtale med advokaten deira.

Tom Skauge

Styreleiar Tom Skauge i Naturvernforbundet Hordaland.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Det som er spesielt i disse sakene, er at nokon har hatt ein genial forretningsidé. For å unngå å bruke pengar på tippavgift for desse massane, så har dei alliert seg med ein del skogeigarar og bønder, og fått lov å fylle veldig store rivingsmassar i naturen, seier Skauge.

Søppel i vegfylling på skogsbilveg på Fanafjellet i Bergen

Forureina massar på Fanafjellet i Bergen. Det var slike funn som gjorde at Naturvernforbundet politimelde bygging av skogsvegar, men moglege brot på forureiningslova er lagt vekk på bevisets stilling.

Foto: Synnøve Spangelo/Naturvernforbundet

Ifølge Skauge blir også Roald Toppe, som er dagleg leiar i Åsane Sand og Singel AS, dømt til å betale personleg bot på høvesvis 30.000 kroner. Ein annan person får bot på 10.000 kroner. Dette får dei for sine roller i bygginga av skogsbilvegar på Fanafjellet og Veten.

Også dei små bøtene har ein viktig symbolverdi og sender eit sterkt signal til skogeigarar, entreprenørar og til Bergen kommune. Dei burde også vore større, seier Skauge.

Synnøve Spangelo asfalt

I det populære turområdet ved fjellet Veten på Hordvikneset vart skogsvegen bygd.

Foto: Eva Neteland / NRK

Meiner han ikkje har skuld

Roald Toppe skriv i ein e-post til NRK at han meiner han ikkje har skuld i sakene.

Som dagleg leier i Åsane Steinsenter Sand og Singel AS har han ikkje tatt stilling til førelegga han har fått, eller førelegget og inndraginga for selskapet hans.

Roald Toppe

Dagleg leier Roald Toppe i Åsane Steinsenter Sand og Singel AS.

Foto: Elise Angell

Han meiner at det i saka er snakk om to veldig korte vegstrekningar, ein på 100 meter frå godkjent veg på Fanafjellet og utbetring av ein eksisterande traktorveg på Veten.

– Me har bygd fleire kilometer med veg. At det skal vere straffbart å lage ein liten tilleggsveg og utbetre ein traktorveg, synest eg er rart, seier Toppe.

Han skriv at dei var bedt om å søke om inngrepa frå grunneigar og prosjekterande som stod for søknadane.

Eg hadde ingen grunn til å tru at bestillinga ikkje var lovleg, seier Toppe.

Visste ikkje om innhaldet

Toppe skriv at han synest det er trist at «noko som var meint positivt, har blitt negativt», og at inngrepa er i eit område med skogsvegar som blant anna er meint som turområde.

Han skriv han også har fått førelegg for å innført svartelista arter, og han avviser å kunne ha visst noko om innhaldet i massane.

– 90 prosent av massane som er køyrt inn på desse skogsvegane er frå offentlege prosjekt, bybane, skule, sjukeheim med meir. Det er grunneigar i prosjekteringsfasen som er ansvarleg for at massane ikkje er av ein art som tilseier at dei skal behandlast på ein spesiell måte, seier Toppe.

Han skriv at det er ei rutine frå Bergen kommune si landbruksavdeling at det er grunneigarar av skogsbilvegar som skal ha ein sprøyteplan, og skal gjennomføre sprøyting om det skulle kome uønskte artar inn på skogsvegen.

Han skriv at dette gjeld for alle skogsvegar, og ikkje berre Fanafjellet.

Tips gjerne!

Hei! 

Har du innspel eller tips etter å ha lese denne saka?

Ikkje nøl med å ta kontakt. 

Publisert 13.05.2025, kl. 23.13

Read Entire Article