Mistenker avføring eller toalettvann i blodet: – Verda rasa saman

3 hours ago 1



Kvinna i 30-åra er tiltalt for å ha tilført bakteriehaldig materiale i venekateteret til dottera medan ho som eittåring var innlagt på sjukehus, både i Bergen og på Rikshospitalet i Oslo.

Ho møtte i Hordaland tingrett i Bergen måndag. Ho var tydeleg prega, men fatta og tydeleg då ho nekta straffskuld.

– Eg har ikkje gjort ho sjuk. Eg har ikkje sprøyta tarmbakteriar inn i blodet hennar. Eg er ikkje skyldig, sa kvinna i sin frie forklaring.

Då hadde ho i rundt 40 minutt gått grundig gjennom sin oppvekst, familieforhold og bakgrunn.

Og til slutt om det to månadar lange sjukehusopphaldet med dottera som enda i politimelding og no ein alvorleg tiltale om grov mishandling.

Skal ha forgifta dottera (1): – Var i livsfare

– Kunne døydd

– Ein lege fortalde meg at dei mistenkte at eg påførte infeksjonane hennar. Då rasa verda mi saman, sa kvinna til retten.

Den då eitt år gamle jenta hennar var hausten 2022 inne på sjukehus fleire gongar. Ho hadde hatt vasskoppar med høg feber og det var kome infeksjon i nokre av dei.

Men frå 24. november 2022 til og med 16. januar 2023 var jenta samanhengande innlagt på sjukehus. I den perioden hadde den vesle jenta i alt åtte blodbaneinfeksjonar. 

Tre gongar utvikla det seg til livstrugande sepsis (blodforgifting).

– Det er ein svært alvorleg og livstrugande tilstand. Ubehandla har den nær 100 prosent dødelegheit. Med tilgjengeleg behandling kan tilstanden også føra til dødsfall, sa statsadvokat Benedike Høgseth til retten.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
STATSADVOKAT: Benedikte Høgseth i Hordaland tingrett. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

– Toalettvatn i blodet

Påtalemakta meiner mora har fått det bakteriehaldige materiale inn i blodbana til dottera ved å bruke ei sprøyte.

Men etterforskinga har ikkje avdekka kva type materiale jenta kan ha fått sprøyta inn seg. 

Medaktor Farzad Izadi presenterte likevel nokre moglegheiter.

– Det er truleg ulike kjelder, men det kan vera snakk om avføring, avløpsvatn eller vatn frå toalettet. Bevisføringa vil vise at dette var tilgjengeleg, sa Izadi.

– Det er viktig å vite at jenta var eit bleiebarn og at ho hadde mykje diaré då ho var innlagd på sjukehus. Ho vart skifta bleie på ganske mykje i sjølve senga, så dette blir eit naturleg tema i saka også, svara forsvarar Kim Brügger Villanger.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
MEDAKTOR: Politiadvokat Farzad Izadi aktorerer saka saman med statsadvokat Benedikte Høgseth. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Fatta mistanke

Statsadvokaten gav også ei oversikt over alle dei ulike behandlingane jenta måtte gjennom medan helsepersonell prøvde å finne svar på kvifor dei gjentekne infeksjonane skjedde.

Til slutt, etter ei alvorleg blodforgifting på julaftan 2022, byrja sjukehustilsette å mistenke at svaret kunne ligge urovekkande nært barnet.

Påtalemakta meiner nemleg at fenomenet «medisinsk barnemishandling» (eller Münchhausen by proxy) er til stades i denne saka. 

Münchhausen by proxy

Fra Store Norske Leksikon:

Münchhausen by proxy brukes om situasjoner hvor en person, oftest omsorgsperson, påfører en annen, oftest et barn, sykdom eller skade for at vedkommende selv kan få oppmerksomhet og medfølelse på grunn av dennes skade eller sykdom.

Eksempler er nesten-kvelning av barn eller tilførsel av skadelige medikamenter eller andre kjemiske stoffer. Overfor hjelpere som tilkalles kan overgriperen fremstå som helt uvanlig omsorgsfull og uegennyttig overfor barnet og får derfor ekstra sympati og støtte. Den eksakte forekomsten av slik adferd er ukjent.

Dette handlar om ei liding der omsorgspersonar mellom anna påfører sjukdom på sine eigne barn, for å oppnå medkjensle og merksemd.

– Alt som skal bli tatt opp no i denne saka, blir tolka som om eg har Münchhausen og at eg har skada henne og gjort henne sjuk, sa kvinna då ho adresserte dette.

– Men eg har ikkje gjort ho sjuk. I dag og dei neste dagane vil eg få mange spørsmål om kva som skjedde med dottera mi, men det kan jo ikkje eg svare på, sa kvinna sjølv.

Det blei ellers opplyst i retten at jenta i dag er fire år, går i barnehage og framleis bur heime hjå mor og far. Barnevernet har gjort undersøkingar.

– Men jenta har aldri blitt omplassert eller forsøkt omplassert. Det har ikkje vore fremja av barnevernet. Det er heller ingen andre instansar som tidlegare har levert bekymringsmeldingar knytt til tiltalte som omsorgsperson, påpeika Villanger.

Skrytte av sjukepleiarane

Under heile perioden barnet låg på sjukehuset, var den tiltalte mora til stades. Ho sov også på rommet hennar.

Til dette svara mora at eittåringen var aller sterkast knytt til ho og at ho og mannen hennar elles jobba hardt for å oppretthalde ein normal kvardagssituasjon for resten av familien heime.

I si frie forklaring, skrytte kvinna av oppfølginga dei fekk på sjukehuset. Ho byrja å grine då ho fortalde om korleis sjukepleiarane pynta på rommet til dottera til jul og at dei fann fram leiker til ho.

– Eg følte heile tida at ho var godt varetatt, legane stod på for å finne ut kva det kunne vere. Eg følte vi fekk god hjelp og at sjukepleiarane hadde stor omsorg for dottera mi og meg, sa ho tydeleg prega.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
VARSLA POLITIET: Legar ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen varsla politiet om mistanken sin 10.januar 2023. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Oppretta tilsyn

I romjula vart det bestemt at sjukehuset skulle halde både jenta og mora under oppsyn. Etter at dette vart avslutta 29. desember, fekk jenta nye infeksjonar.

Sokalla fastvakt vart difor gjenoppretta 2. januar 2023. Dagen etter vart jenta flydd til Rikshospitalet i Oslo for ei undersøking der. 

– Ved to tilfelle i Oslo fekk tiltalte vera aleine med barnet på toalettet for bleieskift. Rett etter vart jenta akutt sjuk igjen, sa statsadvokat Høgseth til retten.

– Stirra på meg

Tiltalte seier sjølv til retten at det var i Oslo ho skjønte at ho var under mistanke og at ein lege til slutt fortalde henne det.

Då opplevde ho å vera under oppsyn konstant.

– Dei stirra på meg medan eg sov. Så gale var det, fortalde ho retten.

Tilbake i Bergen dagen etter vart det innført kontinuerleg fastvakt som heldt mora og jenta under oppsyn. 

Då friskna jenta til.

Forsvarar Kim Brügger Villanger påpeika derimot at jenta etter nokre dagar, 9. januar 2023, på nytt fekk eit sjukdomsforløp som legane ikkje fant noko godt svar på.

– Det er ikkje alltid ein finn svar i medisinske samanhengar, sa Villanger.

Åtvara om stadfestingsfelle

Så kom han med ei særs kraftig åtvaring til retten om å knytte saka til fenomenet «medisinsk barnemishandling».

Han meiner det då kan vera lett å hamne i ei stadfestingsfelle og bad retten gjennom saka heile tida undersøke om det finst andre forklaringar på det som skjedde med jenta.

– Ein kan ikkje berre tolke alt i ei retning. Då er vegen kort til justismord, sa Villanger.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
ÅTVARA RETTEN: Forsvarar Kim Brügger Villanger minna retten på at dei ikkje skal stille diagnose i saka, men avgjere om det er bevist at kvinna faktisk mishandla dottera si. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

«Unødvendig smerte»

Ei rekkje med sjukehustilsette frå både Haukeland universitetssjukehus og Rikshospitalet i Oslo skal vitna i saka.

Konsekvensane av å få bakteriar i blodbana var store for den vesle jenta.»

Dei livstrugande blodforgiftingane førte til «høg feber, frostanfall, høg puls, høg respirasjon og slappheit», heiter det i tiltalen.

Sidan det vart jobba iherdig med å finne ut kva som gjorde eittåringen så sjuk, blei ho også utsett for undersøkingar og behandlingar som påførte ho «unødvendig smerte, otte, ubehag og risiko», meiner påtalemakta.

Det er sett av 18 dagar til rettssaka. 

Read Entire Article