Motorsyklist køyrde truleg i over 320 km/t: – Risikoen er skyhøg

5 hours ago 3



18. juni var ein av UP sine patruljar på E6 Dovre for å kontrollere ferietrafikken.

Fartsgrensa på staden var 80 km/t.

– Det kom ein motorsykkel i så vanvitig høg hastigheit at vi ikkje fekk måling på laseren, seier Anders Sjøtrø, distriktsleiar for Utrykkingspolitiet (UP) i Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet sin laser kan berre måle hastigheiter opp til 320 km/t, fortel Sjøtrø.

TV 2 omtalte saka først.

en mann som står ved siden av en bil

Sjøtrø fortel at UP sin patrulje ikkje klarte å måle farta til bilen.

Foto: Randi Wilsgård / NRK

Blei forsøkt stoppa

– Antakinga til patruljen er at han køyrde utanfor laseren sin målekapasitet, altså over 320 km/t i timen, seier Sjøtrø.

Han fortel at det etter målinga blei gjort et forsøk på å stoppe motorsyklisten på Dombås. Der stakk han frå politipatruljen.

– Til slutt blei han stoppa av lokalt politi på Sel.

Sidan politiet sin laser ikkje klarte å måle hastigheita, måtte politiet gjere ein gjennomsnittsberekninga av farta frå den første målinga til han blei stoppa.

– I ettertid er han meldt til politiet for å ha køyrd i 218 km/t, fortel Sjøtrø.

Politiet har tatt beslag i motorsykkelen og mobiltelefonen til føraren vil bli etterforska for å prøve å slå fast kva som var den reelle hastigheita.

UP kontroll på Lågendalsveien i Larvik.

UP varslar at dei vil gjere fleire kontrollar i løpet av sommaren. Her frå ein kontroll i Larvik.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Risikoen er skyhøg

Sjøtrø fortel at han aldri har opplevd noko liknande i sin tid i UP.

– Det er heilt... Det er svært unormalt.

– Når du køyrer i 320 km/t, om det er det ein har køyrd, så er det langt utanfor det som er forsvarleg.

Ifølge patruljen på staden skal det ha vore ein del trafikk på Dovrefjell denne dagen.

– Risikoen er skyhøg, det skal ingenting til før noko veldig alvorleg kan skje med han eller andre.

Politiadvokat i Innlandet politidistrikt, Julie Dalsveen, fortel at dei har gjort avhøyr av mannen og at saka no er under etteforsking.

– Spørsmålet om straffskyld har den sikta ikkje tatt stilling til foreløpig.

 Fredrik Hagen / NTB

Pål Anders Ullevålseter har mellom anna blitt europameister i Enduro og verdsmeister i ørkenrally.

Foto: NTB

– Han øydelegg for alle

Motorsportutøvar Pål Anders Ullevålseter har i sin tid køyrd fort på motorsykkel.

– Men 320 km/t det er fort altså. Det er heilt hinsides.

Han fortel at han akkurat har kome over 200 km/t på det raskaste. Korleis det er å køyre betydeleg raskare er vanskeleg å sette seg inn i, seier Ullevålseter.

– Du ser jo ikkje noko i 320 km/t?, spør han retorisk.

Det må jo vere som å sjå gjennom botnen av ei gammal colaflaske.

Ullevålseter

Pål Anders Ullevålseter kom i sin tid opp i over 200 km/t da han køyrde ørkenrally. Her frå Rally Dakar.

Foto: SCANPIX

At nokon køyrer så fort er dumt for alle som er interessert i motorsyklar, seier Ullevålseter.

Eg tenker først og fremst at når ein er så uforsvarleg så er det først og fremst andre sine liv du sett i fare.

Alle vi som køyrar motorsykkel må tenke litt på kvarandre, og kva rykte vi har.

Køyring i høge hastigheiter bør gå føre seg i kontrollerte former, meiner den tidlegare verdsmeisteren i ørkenrally.

– Sjølv om eg kanskje køyrer som det nokon vil kalle ein villmann sjølv, så er det i alle fall i ordna former.

– Neste gong han skal køyre fort på motorsykkel – det blir vel ein stund til det – kan han heller køyre på banar borte frå folk, seier Ullevålseter.

Publisert 25.06.2025, kl. 09.06 Oppdatert 25.06.2025, kl. 10.30

Read Entire Article