Marita Lindal Haug
Styreleiar Hodepine Norge Rogaland
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: Visste du at det kan bli kronisk om du har hovudverk meir enn tre dagar i månaden? Rett diagnose og rett behandling tidleg nok kan hindra at sjukdomen øydelegg for ønskeleg deltaking i både utdanning, yrkesliv og fritid.
Blant dei rundt 200 ulike hodepinesjukdomane, er migrene vanlegast. Migrene finst i alle aldrar og på ulikt vis. Berre i Rogaland er det estimert til å gjelda rundt 76 000 personar. Nav betaler årleg ut over 1,6 milliardar i sjukepengar, AAP og uføretrygd grunna migrene.
Migrene rammar både kvinner og menn, men tre gonger så mange kvinner. Stor internasjonal forsking frå 2019 slo fast at migrene er hyppigaste årsaka til nedsett funksjonsevne hos kvinner i fertil alder. Dei siste ti åra er det dessutan registrert stor auke i andelen barn og unge med migrene.
På nettstadenhodepinenorge.no finn du m.a. fagartiklar, filmar og brosjyrar som kan vera aktuelle. Pasientorganisasjonen vår bygger på forskingsbasert kunnskap, og er tett knytte til NorHead på NTNU.
Ni av ti får god hjelp med hodepinesjukdomen sin hos fastlegen. Likevel melder mange av våre medlemmer at dei ikkje får den hjelpa dei treng, og at oppdatert kunnskap om hovudverk er mangelfull i hjelpeapparatet. Me veit at slik kunnskap er tilgjengeleg.
Hodepinesjukdomar er underdiagnostiserte, underbehandla og underprioriterte. Det ligg naturleg nok store gevinstar, både samfunnsøkonomiske og personlege, i å ta betre tak i dette. Me vil difor utfordra dei som kan gjera noko med det, på følgande:
1. Korleis sikrar me at barn og unge blir tatt på alvor når dei fortel foreldre, helsesjukepleiar eller lege om hodepinen sin?
2. Kva vil våre nyvalde og gjenvalde stortingsrepresentantar gjera for å sikra at menneske med migrene og andre hodepinesjukdomar får den behandlinga dei treng for å fungera i utdanning, yrkesliv og fritid?
3. Korleis sikrar ein oppdaterte etterutdanningskurs om migrene og hodepineproblematikk for legar og helsesjukepleiarar i Rogaland?
4. Korleis blir det satsa på kvinnehelse i fylket vårt?
5. Tverrfagleg oppfølging av hodepinepasientar har vist gode resultat der slike team blir etablerte. Vil dette bli jobba fram i Rogaland, mon?
Svar på desse spørsmåla håpar me å sjå som betre tider for hodepinepasientar i tida framover.
Publisert:
Publisert: 25. oktober 2025 15:27

4 hours ago
1
















English (US) ·