Nairobis skeive undergrunnskyrkje

3 hours ago 2



Lovsong, bøn og felleskap. Det er søndag.

Gudstrua er sterk blant dei som har funne vegen til kyrkja.

Ei kvinne står i døra til kyrkja for homofile i Nairobi

Staden er eit pusterom for skeive kristne i Kenya.

Folk ber til Gud i eit industrilokale i Nairobi. Kyrkja er for skeive, i eit land der homofili er ulovleg.

Dei fleste som er her vil vere anonyme - for homofili er ulovleg i Kenya.

Eit kors og eit regnbogljos står i ei kyrkje for skeive i Nairobi

– Gud er kjærleik. Og om dei dømmer oss, angrip oss og er homofobiske, så er ikkje det kjærleik. Det er ikkje bodskapen som Gud har gitt dei, og som dei er sett til å spreie vidare.

Lawrence har tenkt mykje på dette: Korleis andre kristne møter slike som kjenner ein kjærleik både til Gud og folk av same kjønn. Slike som han.

Skeiv forsamling

Han har opplevd at kombinasjonen kan vere utfordrande. På ungdomsskulen var det folk som la to og to saman. Det førte til at rektor bad han starte ein konverteringsprosess.

Det gjorde han aldri.

– Kvifor skulle eg det, spør Lawrence.

Ein ung kenyansk mann med mørk hud og eit stort smil ser mot kamera. Han ser snill ut, kledd i ei kvit skjorte. Han står i eit rom med store fargerike tepper framfor vindauga.

Lawrence har funne ein fellesskap i den skeive kyrkjelyden i Nairobi.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Han har fortalt familien at han er homo, og han har funne seg ein stad der han kan vere skeiv og kristen utan problem.

Og når NRK først møter Lawrence står han framfor den vesle forsamlinga og syng lovsong av full hals.

«Nakuabudu yesu. Wastahili sifa za moyo wangu»

«Eg tilbed deg, Jesus. Du fortener ros frå mitt hjarte»

Forsamlinga syng med. Nokre av dei er kvinner med kort hår, kledde i maskuline dressar. Andre er transkvinner som har teke på seg den finaste søndagskjolen dei har.

Men dei fleste har berre møtt opp i ganske så vanlege klede, kanskje med eit regnbogeband synleg rundt handleddet.

Caroline Omolo er pastor i ei skeiv kyrkje i Nairobi

Kvar søndag møtest dei til gudsteneste i eit fabrikklokale i Nairobi.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Møter motstand

I Nairobi er det ofte ubehageleg å vere skeiv. Av og til er det også farleg. Men på hemmelege stader møtest dei og der kan dei senke skuldrene.

– I andre kyrkjer har eg som skeiv møtt motstand og fiendtlege haldningar. Dei ønsker deg ikkje velkommen. Mange skeive sluttar å gå i kyrkja, fordi dei føler seg forbigått og diskriminerte. Men når eg kjem hit kjenner eg ei sterk tilknyting til Gud, seier Lawrence.

Eit kjærestepar klemmar kvarandre i ei kyrkje for skeive i Nairobi

Eit lesbisk par gjer kvarandre ein klem medan kyrkjelyden ber saman.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Gudstenesta vart halden i eit anonymt industribygg. Men straks du er på innsida blir det avslørt at det er noko annleis med bygget. Eit trappegelender er måla med regnbogefargar, og nokre etasjar møter eit regnbogeflagg deg ved inngangen.

Om du kjem på ein søndag er det gudsteneste, og vertskapet står klare for å registrere deg i protokollen. Kanskje får du også ein klem og eit «Karibu sana».

Mange av dei som kjem hit har tidlegare opplevd å bli avviste.

Avviste av kven?

Av kyrkja og folk som preikar i kyrkjene. Å bli avvist er veldig sårande, og det fører til trauma og i verste fall sjølvmord.

Caroline Omolo er pastor i kyrkja og har utmerka seg som ein menneskerettsaktivist. Ho har gått offentleg ut mot den utbreidde bruken av konverteringsterapi i religiøse miljø i Kenya.

Caroline Omolo har lenge vore ansiktet utad for den skeive kyrkja i Nairobi

Pastor Caroline Omolo er ei av dei som taler i kyrkja, og som utgjer leiarskapet i undergrunnskyrkja.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Er det vanskeleg å vere ein skeiv kristen i Kenya?

Eg trur det både er vanskeleg og lett. Det er vanskeleg om du ikkje har godteke deg sjølv og kven du er. Det er lett om aksepterer deg sjølv som skeiv og lærer deg å leve med deg sjølv. Då vil du elske deg for den du er og det du gjer, i staden for å lytte til kva folk seier bak ryggen din, seier Omolo.

Gudstenesta starta ut med nokre få menneske, men etter eit par timar med lovsong, preike og bøn er rommet fylt opp.

I eit anonymt lokale i Nairobi held kyrkjelyden til

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Må fotografere forsiktig

NRK har fått streng beskjed om å spørje alle som kan bli avbilda. Dei som svarer ja til å vise ansiktet er klarert. Resten skal få bli verande anonyme og kjenne seg trygge i kyrkjelyden.

Ei av dei som tek bilete er Shukuru. Ho er innhaldsskapar for kyrkjelyden, og er godt van med å ta foto som ikkje viser ansikt til menneske som vil vere anonyme.

Shukuru er lesbisk, og bur i Kenya der slikt er ulovleg. Som kristen set ho pris på at det finnest ein kyrkjelyd for slike som ho.

Shukuru flytta for kort tid sidan til Nairobi, og oppsøkte tidleg kyrkja som har blitt hennar nye «familie» i Nairobi.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Ho er ein del av fellesskapet som har betydd mykje for ho etter at ho fekk seg jobb i Nairobi og flytta frå heimlandet Rwanda.

Med familien så langt unna har denne kyrkja vore ein familie for meg. Å vere skeiv i Kenya er ikkje enkelt. Ein må vere klar for kva som helst. Du må vere klar til å møte alt det negative, seier Shukuru.

Ho har høyrt mange historier om andre skeive som blir kutta ut av familiane sine når dei kjem ut av skapet.

Når du er skeiv følgjer det med ein «skeiv skatt». Det betyr at du må klare deg veldig godt økonomisk, fordi du risikerer å bli kutta ut av familien. Om du blir avvist må du ha ein stabil jobb som gjer at du kan betale for matvarene dine og alt sjølv, seier Shukuru.

At det er vanskeleg å klare seg utan støtte frå familien gjer til at mange held det hemmeleg at dei er skeive. Fleire av dei som deltek i gudstenesta i Nairobi fortel NRK at dei ikkje er opne for familiane sine.

Ved inngangen til ei skeiv kyrkje i Nairobi heng eit regnbogeflagg

På utsida er bygget anonymt, men når ein først kjem seg inn i lokalet er det liten tvil om kva type forsamling som held til her.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Lovverk rundt LHBT blir stadig debattert

I Kenya er homofili ulovleg. Lova stammar frå den tida landet var kolonisert av Storbritannia, og lova vert nesten aldri brukt til å straffeforfølgje homofile i Kenya.

Men den sosiale kostnaden er stor, fordi mange er negative til homofili. For få år sidan var homofili også eit debattert tema i landets parlament. Parlamentspolitikar George Peter Kaluma foreslo fengselsstraff på opp mot 50 år, men også fleire andre tiltak som alle hadde som mål å avgrense omfanget av homofili.

Eit stearinlys i regnbogefargar og eit kors i ei kyrkje for skeive i Nairobi

Religion og homoseksualitet er \ein vanskeleg kombinasjon i Kenya, både blant kristen og muslimar.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Lovforslaget vart kalla «Family Protection Bill», og det fekk mykje merksemd. Men det vart til slutt aldri vedteke i parlamentet.

I andre afrikanske land, som Ghana og Senegal, er det derimot kome strengare lovar dei siste åra. Men andre stader går det i motsett retning. Namibia, Angola, Gabon og Botswana er land der lovar mot homofili nyleg har blitt fjerna.

I kyrkjelyden i Nairobi har deltakarane håp om ei endring inn i framtida. Fleire meiner at dei ser ei endring blant dagens unge kenyanarar, der homofili har blitt vanlegare å snakke om.

Eg drøymer om ei verd der eg ikkje alltid treng å bevise at eg er god nok, sjølv om eg er skeiv, seier Shukuru.

Pastor Caroline trur mykje går i riktig retning, sjølv om det også er ein del utfordringar.

Eg trur me vil bli meir aksepterte i framtida. At me kan oppsøke alle delar av samfunnet utan å kjenne på at me blir dømde. Det er ein prosess å komme dit, men ein dag vil me oppnå målet, seier pastoren.

Read Entire Article