KOMMENTAR: Når ser me den første husmora i verdsrommet? Flinke jenter dreg nemleg til verdsrommet om dagen, spesielt om dei kjenner nokre søkkrike ambisiøse menn.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Romturistane flyg ut i det store inkje for å få eit overblikk på eige liv og eigen klode. Det burde vera midt i blinken for kvinner som gjer rundt 75 prosent av jordas husarbeid.
Tenk å setja seg på toppen av ein rakett og stikka av i ein romkapsel midt mellom fjerde og femte skiftet? Tenk å få krangla litt med g-kreftene i staden for ein jordisk mopp, å bli pressa flat som ei vaskefille under ein elefant, til risting, bulder og brak frå flammebrølet under rumpa di, før du til slutt endar opp i den store stilla.
Lettare å bli astronaut enn pave
Heller ikkje for menn er det kvardagskost å bli drylte tvers gjennom atmosfæren og ut i kosmos. Per dags dato har knappe 700 menneske gjort det, av desse er ca. 600 menn og ca. 100 kvinner. Tala viser dermed eit visst potensial for likestilling, og det er trass alt enklare for ei kvinne å bli astronaut enn pave.
Dei siste vekene har kvinnetalet faktisk auka med åtte stykk, blant desse er norske Jannicke Mikkelsen og dei seks kjendisbertene med Katy Perry i spissen. Sistnemnde leika astronautar i 10 minutt.
Denne lynvisitten i universet som skulle vera ein slags feministisk aktivisme, blei fort skoten ned. Få let seg imponera av at overpriviligerte kvinner i tettsitjande drakter, let seg skyta ut i ein penisliknande farkost betalt av ein steinrik mann. Men det er nok stas å ha type som kan spandera rakett på deg og syklubben når de treng ei ny stove.
Perry skulle prøvd Vostok 6
Romfarten treng sikkert fleire kvinner, men ikkje fleire som desse. Sidan det finst ein utriveleg plass for kvinner som ikkje støttar medsøstrer, i dette tilfellet må det bli ein tur til Mars, skal dei rosast for å ha våga å setja livet på spel for dette stuntet, som jo er posering for ein kvasi-feminisme som er heilt uoppnåeleg for husmora og kassadama. Trofedamene ville heller ikkje hatt ein nubbesjanse i romskipet Vostok 6, der 26 år gamle Valentina Tereshkova frå Sovjetunionen steig inn i 1963.
Tenk å våga å dra ut i verdsrommet i ei tid då dataalderen berre var i sin spede start. Å la seg skyta opp i noko som målt etter dagens standard ser ut som sovjetisk skrammel, er rett og slett ellevilt.
Valentina var nummer fire i rommet totalt og ho er per dags dato den einaste kvinna som har vore på solotur der ute. Visstnok skal ho ha kjent seg som ei potet i ein sekk då ho blei skoten opp i eit fartøy ho nesten ikkje hadde kontroll over. Kodinga var også så som så, for då ho var skoten opp, fann ho ut at Vostok 6 var programmert for å berre stiga, i staden for å gå i bane rundt jorda, men ho var ei snartenkt potet og bad kontrollsenteret laga ein ny kode, slik fekk ho sirkla rundt kloden i ca. tre dagar. Eit av måla med turen var å finna ut av korleis kvinnekroppen takla kosmos.
Sovjetisk girlpower!
Seinare sa Valentina at ho gjerne hadde meldt seg til ein ekspedisjon til Mars også, sjølv utan returbillett. Her snakkar me sovjetisk girlpower som luktar svidd.
Neste kvinna entra universet først 20 år seinare, då Sally Ride frå USA blei skoten opp i 1983, i romferja Challenger. Ni år etter drog den første afroamerikanske Mae Jemison med romferja Endeavour. I 2012 var det kinesiske Liu Yang sin tur. I 2014 og 2022 drog italienske Samantha Cristoforetti, ho kan skilta med å ha vore over 200 dagar på den internasjonale romstasjonen (ISS).
Amerikanske Christina Koch som for ut i 2019–2020, har kvinnerekord i samanhengande tid i kosmos, med 328 dagar. Saman med Jessica Meir (USA) føretok dei den første heilkvinnelege romvandringa. Sistnemnde ligg no i trening til framtidige ferder.
Peggy Whitson (USA) er den mest erfarne kvinnelege astronauten. Ho har vore over 660 dagar i verdsrommet, og var den første kvinnelege sjefen for ISS.
Jenter og kvinners interesse for romfart er aukande, særleg etter inspirasjon frå rollemodellar som Samantha Cristoforetti, Christina Koch, og Jessica Meir.
Organisasjonar som Girls Who Code, She Can STEM, og Women in Aerospace jobbar aktivt med å inspirera jenter til å satsa på teknologi og romfart. I 2020 tok Nasa inn det første astronautkullet med nesten lik kjønnsfordeling.
Verdsrommet er i oss og me i det
Dei færraste jordas menn og kvinner kjem aldri til å oppsøka verdsrommet aktivt, men strengt tatt er me jo alle i universet. Og kva har vanlege dødelege utanfor atmosfæren å gjera? Spesielt billeg og miljøvenleg er det jo ikkje.
Kvinner har for lengst erobra yrke som lege og advokat, dermed er det grunn til å tru at astronautvinga vil smykka stadig fleire kvinnebryst. Men for dei aller fleste folk med ein romdraum, vil det nok berre bli ein draum, for rommet er for rikfolk, eller folk som kjenner rikingar. Også verdsrom kjem med glastak.
Husmora blir fint nøydd til å passa moppen på jorda, men saman med oss andre kan ho ha kosmos å ty til når ein treng å kjenna skrekkblanda fryd over andres vågemot.
Og i draumane våre kan me jo alle bli astronautar og sveva lenger enn langt, for å sjå alt så bittesmått som der er. Me kan alle lukka auga og i tanken flyga til Mars. Snakkast aldri!
Det går an å kvila i slikt. For me er alle stjernestøv, verdsrommet er i oss og rundt oss alle. Det er demokratisk og elitistisk på same tid.
Publisert:
Publisert: 25. april 2025 09:59