«Når Sparebank-bygget, Kirkegaten 7, i Farsund by no blir restaurert av den nye eigaren av eigedomen, bør dette vera til inspirasjon for kommunen til å ta vare på Storgaten 19. »

2 days ago 8



Leserskribenten: Bjørn Harald Mydland Foto: Cecilie Nilsen

Oppdatert: 10 minutter siden

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Når Sparebank-bygget, Kirkegaten 7, i Farsund by no blir restaurert av den nye eigaren av eigedomen, bør dette vera til inspirasjon for kommunen til å ta vare på Storgaten 19. Begge bygga ligg i same gateløpet. Litt høgare oppe i gata står eit praktfult raud- og gulmåla hus i omtrent same byggjestilen.

For ein rikdom Farsund by har med si særeigne arkitektur

For ein rikdom Farsund by har med si særeigne arkitektur. Dette bør inspirera fleire huseigarar til å tilbakeføra husfasadane til blandinga av sveitser- og jugendstil. Dei som kjenner historia bak denne byggjestilen bør forklara besøkande kvifor bybilete vart som det vart. Eg tenkjer då særskild på val av fargar. Noverande Farsund by er nemleg ikkje ein kvit sørlandsby opphaveleg. Farsund var råka av kvitmålinga då byen vart treft av sørlanderi-bølgja etter siste verdskrig.

Så vidt eg veit har ingen andre norske byar liknande arkitektur. Ålesund er det næraste, men framstår som ein rein jugendby. Mykje historikk ligg bak årsaka til at Farsund fekk denne særeigne byggjestilen etter den store bybrannen i 1901 og den påfølgjande i 1904. Her er massevis av flotte bygater og byhistorie å visa til turistane. Blir gatene fyld med folk bør det også vera grunnlag for å driva butikkar i Farsund by.

Beste helsing

Bjørn-Harald Mydland (Myddis)

Arkitekturhistorisk interessert innbyggjar

Publisert: mandag 25. august 2025 kl. 12:49 Oppdatert: 10 minutter siden

Read Entire Article