Nedbemanna? På SUS?

5 hours ago 6



KOMMENTAR: Sjukehuset vårt er snart tomme for pengar. Dei må kutta folk.

SUS-sjef Helle Schøyen må koma til styret med ein konkret tiltaksplan på styremøte 28. april. Å redusera årsverk er på lista. Foto: Fredrik Refvem
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Dei skulle gå 440 millionar i underskot i år, på sjukehuset. Altså rundt 36 millionar i minus i månaden. Men det har ikkje blitt med 36 millionar i minus verken i januar eller i februar, det har blitt over 80 millionar i minus. Både i januar og i februar.

Det går ikkje

Etter to månader ligg dei dermed nesten 100 millionar bak sitt eige budsjett. Det betyr at dei ikkje berre må halda budsjettet kvar einaste månad resten av året, nei, dei må i tillegg ta inn igjen dei 100 millionane.

Fortset dei som nå, er kassa tom når sommaren er over, og dei vil ikkje ha pengar til å betala ut lønn i september. Då kan dei bli sett under administrasjonadministrasjonet sykehus (helseforetak) i Norge kan bli satt under administrasjon, noe som i praksis betyr at det regionale helseforetaket (RHF) griper inn i styringen av et underliggende helseforetak (HF). . Dei kan mista styringa heilt, fordi dei har brukt opp alle pengane sine.

Les også

SUS-krisen: Styret foreslår nedbemanning

Årsakene?

Dei har lånt for mykje pengar. Dei har ikkje god nok økonomi til å betala lånet på det sjukehuset dei nå har bygd. I år skal dei betala 700 millionar i renter og avdrag.

Dei får heller ikkje opp aktiviteten på planlagde operasjonar, som er det dei kan få inntekter på, viss dei opererer fort nok.

Den aktiviteten måtte naturleg nok ned då dei skulle flytta, men med ny teknologi på nytt sjukehus og ombygging av det gamle, får dei ikkje aktiviteten opp igjen. Det er ikkje ein gong god nok forklaring, operasjonsstovene blir ikkje utnytta i meir enn 44 prosent av tida. Det burde vore oppe i 80, blei det sagt på styremøtet tysdag. Noko er gale, på operasjon.

Urealistisk

Dei får ikkje ned lønnskostnadene. Dei tilsette brukte meir tid og fleire timar på alt som hadde med flytting å gjera, enn sjefane hadde rekna med. Men lenge før det, månad etter månad etter månad, har det vore den største sprekken i budsjettet. Og år etter år etter år har dei tilsette sine folk i styret sagt at budsjettet på lønn er urealistisk. Dei har hatt rett.

SUS har også budsjettert med 250 millionar innspart frå dag ein i nytt bygg. Fordi eit nytt bygg blir meir effektivt, fordi sjukefråværet sikkert kom til å gå ned.

Det er også urealistisk, alle kan forstå at det tar tid før alt er på plass, før nye rutinar er innarbeidd og røyrpost og sengeheisar går som dei skal, utan at sjukepleiarar og portørar må springa og ikkje får gjort det dei eigentleg skulle.

Les også

Varsel om akutt­mottaket: – Gråter på jobb

Og sjukefråværet er høgt, det er over ni prosent. Men det er ikkje høgare enn dei andre sjukehusa i Helse Vest, det er til og med litt lågare enn på Haukeland. Er det realistisk å få det lenger ned, og det fort?

Leiinga på SUS har tenkt at overtid og ekstratimar måtte ned, effektiviseringa opp, sjukefråværet ned, og ledige stillingar helst bli verande ledige.

Alt det verkar ganske upresist. Lite gjennomarbeidd. Og langt frå nok.

Nå gjer det vondt

Sjukehuset vårt går tomme for pengar. Difor må dei kutta folk, og det hastar. For økonomien klarer ikkje lenger bera. Lønn står for 60–65 prosent av utgiftene, blei det sagt på styremøtet tysdag. Det er urealistisk å redda økonomien utan å kutta i den potten. Utan at folk mistar jobbane sine.

Det må gjera så inderleg vondt. For alle dei som jobbar der av heilt andre grunnar enn å spara inn pengar, for alle dei som står sjukesengene nærmast, for alle dei som har lagt inn det dei har av ekstra krefter. Over lang tid.

Og ja, det er heilt feil, den måten vi byggjer sjukehus på. Ikkje aleine fordi sjukehuset må spara pengar av eiga drift for å få råd til å byggja, og etterpå for å få råd til å betala tilbake lånet til staten. Men også fordi det ikkje er dette alt skal dreia seg om på eit sjukehus.

Det skal handla om gode helsetenester, om betre måtar å gjera ting på, om å bruka offentlege pengar på beste måte, om å la folka få konsentrera seg om det dei er der for. Om å sørga for sikker drift.

Det siste der? Det har ikkje sjukehuset vårt klart.

Publisert:

Publisert: 24. mars 2026 20:42

Read Entire Article