Nederlandsk etterretning: Russland bruker forbodne kjemiske våpen i Ukraina

6 hours ago 4



Nederlandsk etterretning har avdekt omfattande bruk av forbodne kjemiske våpen frå russisk side i Ukraina, ifølgje forsvarsminister Ruben Brekelmans. Det melder Reuters.

Russiske styrkar skal blant anna ha brukt kvelingsmiddel som kloropikrin frå dronar for å drive soldatar ut av skyttargraver.

– Bruken er ikkje tilfeldig, men del av eit stort og systematisk program, seier leiaren for den militære etterretninga, Peter Reesink.

Nederland ber no om strengare sanksjonar og at Russland blir utestengt frå internasjonale organ som OPCW. Organisasjonen er førebels ikkje bedt om å etterforske saka.

I mai i fjor skulda også USA Russland for å ha brukt kjemiske våpen, mellom anna kloropikrin. Russland avviste den gongen skuldingane, og har førebels ikkje svart på Reuters si førespurnad.

Read Entire Article