Nerissa gir ut medisinar utan å ta betalt

8 hours ago 4



– Kvar dag er det utfordringar med dette. Før var me alltid glade når me kom på jobb. No er alle så slitne. Me treng verkeleg hjelp.

Det seier eigaren av Nærbø Apotek, Nerissa Rae Booc.

I mai bytta alle apotek i Noreg dataplattform. Målet var å gjere samarbeidet meir effektivt.

Nærbø apotek gjekk over til ApoSys. Det datasystemet er utvikla av Norsk Medisinaldepot, som eig Vitusapotek-kjeda.

Løysinga skulle gjera alt lettare, men slik opplever ikkje Nerissa situasjonen no.

Etter dei nye systema kom, opplever dei nesten dagleg at dei ikkje får henta opp reseptane til kundar.

Nokre dagar går systemet heilt i svart, og dei får ikkje hjelpt nokon.

NRK har vore i kontakt med apotekarar fleire stader i landet som brukar same datasystem. Dei som fortel om same utfordringar som det Nerissa Rae Booc på Nærbø opplev. Dei ynskjer alle å uttala seg anonymt.

  • Frogner i Oslo med Oslo Rådhus og fjorden i bakgrunnen

    Truls Alnes Antonsen / NRK

    Apotekar i Oslo

    Eg har fått munnkurv, så eg kan ikkje uttala meg på dette. Men eg trur me tenker likt alle saman. Systemet er under utvikling, og det er ingen som er superfornøgde. Det er eit veldig stort forbetringsmateriale her.

  • grafisk brukergrensesnitt

    Randi Wilsgård / NRK

    Apotekar i Midt-Noreg

    – Ein arbeidsdag kjennest ut som å gå i ein hengjemyr med bind for augo. Når systemet fungerer, tek alt tre gonger så lang tid som før. Og når det går dårleg, tek det fem gonger så lang tid. Sidan alt tek så lang tid, står me på jobb og føler oss dumme framfor kundane.

  • en gruppe fargerike bygninger ved siden av en vannmasse

    Marianne Løvland / NTB

    Apotekar i Bergen

    – Eg tenkjer at det ikkje er nokon hemmelegheit at det har vore utfordringar med systemet. Eg trur det vil bli bra med tida, men akkurat no går det opp og ned, ja.

  • Drammen by

    Lise Åserud / NTB

    Apotekar i Drammen

    – Det har vore ein vanskeleg overgang, men det er betre no enn det var i starten. Systemet krasjar framleis, men ikkje like ofte. Problemet er at når det krasjar, kan det ta fleire timar før det fungerer igjen.

  • Sommeren 2020 i Posebyen i Kristiansand

    Tom Nicolai Kolstad

    Apotekar i Kristiansand

    – Eg kan vere så diplomatisk og seie at det har potensial til å bli bra.

– Det er ei stor påkjenning på eldre folk

Lillian Othilde Lancaster er ringevikar på apoteket. I tillegg har ho ei 90 år gammal mor som er avhengig av reseptbelagt medisin.

Lancaster kjenner ofte på frustrasjon på begge sider av kassa.

en person i blå skjorte

Lillian Othilde Lancaster er pensjonert, men jobbar som ringevikar på apoteket. Det har blitt meir krevjande etter dei nye systema kom.

Foto: Håkon Kummermo / NRK

Nyleg besøkte ho tre apotek for å finne smertestillande reseptmedisinar til mora.

– Alle apoteka hadde det same problemet, så eg kunne ikkje gjere meir enn å fortelje ho at ho må venta på medisinane.

– Det er ei stor påkjenning for eldre som ikkje får medisinane sine når dei treng dei.

Tilbake til papir

No har det gått så langt at eigaren av Nærbø Apotek bestilte ein bunke med ark dei kunne skrive ned bestillingane til kundane på.

En bunke med papirerResept som må betalast på ein anna dato

Bestillinga til ein kunde som skal kome tilbake og betala ein annan dag.

Håkon Kummermo / NRK

Dei som ikkje kan betala, skriv seg ned, og så kjem dei og betalar ein dag maskinen kanskje verkar. Om den ikkje fungerer då heller, får dei prøve igjen ein annan dag.

– Det er godt me bur i eit tillitssamfunn, seier Booc.

– Veldig dumt

Pensjonisten Britt Solveig Salte er ofte innom Nærbø Apotek. Ho ser at folk går tomhendte heim.

– Det er veldig dumt at folk ikkje får medisinane sine. Det kan jo vere livsfarleg.

Vanskeleg i oppstartsfasen

Ifølgje kommunikasjonssjef i Vitusapotek og Norsk Medisinaldepot, Camilla Tully,
er heile apotekbransjen i ei «endringsreise i innføring av eit nytt felles apoteksystem».

  • Kommunikasjonssjef Vitusapotek, Camilla Tully

    Camilla Tully

    Kommunikasjonssjef i Vitusapotek 
    og Norsk medisinaldepot

– Kor lang tid tek dette å fikse?

– Systema våre er fullt operative og i bruk kvar einaste dag. Og me jobbar kontinuerleg med forbetringar.

– Fleire seier at dei stadig opplever store problem med dei nye systema?

– Systema er for det meste operative, men å innføre eit nytt apoteksystem er utfordrande, og me jobbar med forbetringar.

Tully ønskjer ikkje å svare på spørsmål frå NRK om å konkretisere kor mange det gjeld, eller kor stor utfordringa har vore etter implementeringa av det nye systemet.

  • en mann med briller

    Jostein Soldal

    Kommunikasjonssjef i Apotekforeininga 

Det er Apotekforeininga som avgjorde at det skulle innførast ein ny IT-infrastruktur.

– Det vil ofte vere «barnesjukdommar» når store IT-løysingar skal bytast, men på sikt er me trygge på at dette blir bra for både kundar og tilsette, seier kommunikasjonssjef Jostein Soldal.

Publisert 04.07.2025, kl. 10.26 Oppdatert 04.07.2025, kl. 10.42

Read Entire Article