Nesten ingen gjer som Amalie (21) – kan gå glipp av store summar

1 hour ago 2



«Alle» har kjøpt loddet, men berre halvparten av nordmenn leverer det inn. Verst er dei under 30.

 Emilie Holtet / NTB
ENKELT: Mange studentar er glad i iskaffi, men tenkar kanskje ikkje over at dei kan vinne 100.000 kroner med eitt enkelt grep. Foto: Emilie Holtet / NTB

Publisert 06.02.2026 23:53

Saken oppsummert

  • Amalie Sagemoen vann 10.000 kroner ved å skrive namnet sitt på ein mjølkekartong.
  • Grønt Punkt har arrangert eit gratis lotteri for å motivere til resirkulering av drikkekartongar heilt sidan 90-talet.
  • Berre ni prosent av unge under 30 deltar regelmessig i lotteriet.
  • Alle typar drikkekartonger kan brukast som lodd.

Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av TV 2s journalister. Les om hvordan vi jobber med KI

Nesten ingen unge gjer som Amalie Sagemoen (21) – og då kan dei gå glipp av mykje pengar.

Telefonen kom rett før jul, mens Sagemoen var på skulen. På andre sida av linja var Agder Renovasjon, som kunne gratulere studenten. 

Dei såg namnet hennar på ein mjølkekartong, og plutseleg var ho 10.000 kroner rikare.

– Det er som lotto

– Eg fekk litt sjokk. Eg har alltid tenkt at det er noko mommo har sagt fanst, men eg tenkte aldri at eg ville bli trekt ut sjølv, seier ho.

 Privat
TAKKSAM: Sagemoen er takkasam for telefonen, og Foto: Privat

Mormora lærte ho nemleg opp til å skrive namn og nummer på alle mjølkekartongane då ho var lita. Det har ho heldt fram med sidan då.

 I 1997 starta Grønt Punkt med «returkartonglotteriet», som er heilt gratis å delta i. Dei loddar ut 1,6 millionar kroner kvart år. Premiane ligg på 10.000 og 100.000 kroner.

Målet er å motivere nordmenn til å skylje, brette og sortere drikkekartongar. Fibrane i drikkekartongar kan brukast opp til sju gonger, og det sparar både trær og CO₂- utslepp.

 Ingvill Sunnby / TV 2
RUTINE: Sagemoen har gjort det til ein rutine å alltid skrive namn og nummer på kartongane sine. Foto: Ingvill Sunnby / TV 2

Men unge deltar ikkje i nærleiken så mykje som eldre. Det er berre ni prosent av dei under 30 år som gjer dette regelmessig, ifølgje ei ny undersøking frå Grønt Punkt.

Sagemoen oppfordrar dei som ikkje allereie deltar til å byrje no.

– Det er berre å skrive namnet på kartongen. Enten så ringer telefonen, eller så gjer han ikkje det. Eg har berre lagt det inn som ei rutine når eg kastar han.

Ho legg muntert til at det strengt tatt er den «lettaste måten å gamble på.»

Tal frå undersøkinga til Grønt Punkt:

  • 74 prosent kjenner til Returkartonglotteriet. Stabilt med året før.
  • Fleire kvinner (79 prosent) enn menn (69 prosent) kjenner til lotteriet
  • 60 prosent av dei under 30 år kjenner til lotteriet
  • 20 prosent deltar ofte eller stort sett alltid. Ein nedgang på 4 prosentpoeng frå året før.
  • 13 prosent deltar ein gong i blant.
  • Fleire kvinner (24 prosent) enn menn (17 prosent) deltar
  • Kun 9 prosent av dei under 30 år deltar regelmessig
  • 65 prosent av dei under 30 år kjenner seg trygge på at kartongane dei leverer blir brukt i produksjon av nye produkt. Det er høgast av alle aldersgrupper.
  • 30 prosent av dei mellom 30–44 år deltar regelmessig
  • 24 prosent av dei over 60 år deltar regelmessig
  • 50 prosent deltar aldri

– Det er jo som Lotto, berre at du ikkje legg inn pengar kvar veke. Berre kartongane du brukar.

Vinnarpremien gjekk rett inn på sparekonto.

– Det er veldig greitt når du er student og jobbar ein dag i veka.

For Amalie var det ein mjølkekartong som gav vinnarloddet – men ifølgje Grønt Punkt er det fleire måtar å delta på.

Avkreftar myte

Mange kallar denne ordninga for «mjøllkekartonglotteriet».

Men du kan faktisk bruke alle typar drikkekartong som lodd, ifølgje Anders Rage Johnsen.

Han er kommunikasjonsrådgivar i Grønt Punkt Norge, og han trur at denne misforståinga kan vere ein av grunnane til at mange unge ikkje deltar.

 Grønt Punkt
SKYLL, BRETT, STAPP: Det er gratis å delta, seier Johnsen. Foto: Grønt Punkt

Unge drikk ikkje like mykje rein mjølk som generasjonane tidlegare, men dei har framleis mange lodd klare til disposisjon:

– Som iskaffi, sjokomjølk, proteindrikke. 

Han held fram med oppramsinga,

– Til og med ting du ikkje tenkar på som drikkekartong, som tøymjuknar. Det gjeld alle kartongtypar som er væskebaserte.

Innhaldet må ikkje vere heilt flytande heller.

– Har du kjøpt for eksempel bønner eller linser, så har du jo allereie kjøpt loddet, om du berre skriv namn og nummer på.

 Sara Aarøen Lien / TV 2
LODD: Til og med kikerter kan få deg nærmare vinnarprisen. Foto: Sara Aarøen Lien / TV 2

– Litt snodig

Han seier det er «litt snodig» at unge har så låg deltaking samanlikna med andre grupper, og akkurat som Sagemoen så oppfordrar han dei til å bli med.

– Det er jo gjerne dei som treng det mest, som ikkje har fast lønn eller så mykje pengar.

Men det viktigaste er at avfallet blir sortert riktig. Han har ingen planar om å tvinge nokon til å skrive namnet sitt på alle sjokomjølkane sine.

– Dette er jo berre eit hyggeleg insentiv til å kjeldesortere. 

Read Entire Article