Nobel-historikar: – Den får han ikkje

2 weeks ago 19



Trass i at USAs president har vore ein sterk pådrivar for fredsplanen i Midtausten, trur ikkje Nobel-historikar Asle Sveen at Donald Trump får ønsket sitt oppfylt.

 Jim Watson / AFP / NTB
FREDSPRIS: I 2009 blei Barack Obama den første amerikanske presidenten som fekk Nobels fredspris. Donald Trump håpar på å bli den andre. Biletet er frå 2017. Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Publisert 09.10.2025 11:32

– Eg ser mange meiner at no må han få fredsprisen, og den får han jo ikkje. Det er eg heilt sikker på.

Nobel-historikar Asle Sveen er ikkje i tvil. Sjølv om USAs president Donald Trump den siste tida har vore ein pådrivar fram mot fredsplanen som blei annonsert natt til torsdag mellom Israel og Hamas, så vil han ikkje få Nobels fredspris.

– Det er fint at Trumps jakt på fredsprisen har ført til at han har endra politikk og endeleg pressar Netanyahu, seier Sveen.

– Men trass alt så har Trump vore med på å gje Netanyahu grønt lys i åtte månadar til å bombe og fordrive palestinarar, både på Vestbreidda og særleg i Gaza. Han hadde ein tullete plan om å gjere Gaza om til eit slags Las Vegas med å fordrive palestinarane. Det veit jo Nobelkomiteen, legg Sveen til.

 Terje Pedersen / NTB
SKEPTISK: Nobel-historikar Asle Sveen trur ikkje USAs president får Nobels fredspris. Foto: Terje Pedersen / NTB

Trur Trump har vore viktig

Trump har i lang tid snakka om at han vil få slutt på krigen på Gaza. Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik trur Trump har hatt ei sentral rolle.

– Eg trur han har vore ganske viktig. Han har tydelegvis vore personleg engasjert, og det er bra. Det verkar som at han personleg har vore veldig rørt ved at så mange menneskeliv har gått tapt, og det har vore ei drivkraft for han, seier Bondevik.

– Men han hadde ikkje hatt moglegheit til å gjere dette utan hjelp. Og her er arabiske land som har vore inne i bildet heilt avgjerande. Ikkje minst Qatar, men også Egypt og Tyrkia. Dei har vore med å legge press på Hamas, og så har Trump sjølv lagt det avgjerande presset på Netanyahu, seier Bondevik.

 Maya Levin / AFP / NTB
JUBEL: Folk tok til gatene i Tel Aviv for å feire fredsplanen torsdag. Foto: Maya Levin / AFP / NTB

Om arbeidet er nok til ein fredspris står att å sjå. Historikar og tidlegare direktør for Institutt for fredsforsking (Prio), Stein Tønnesson, trakk i eit intervju med Klassekampen i førre veke fram fleire element som gjer at ein fredspris til Trump ifølge han er utelukka.

– Hans manglande respekt for val og rettsstatens prinsipp og demokratiske institusjonar, angrep på pressefridomen, truslar mot Danmark om å ta Grønland, truslar om å annektere Canada. For å nemne nokre døme. Eg er overtydd om at han ikkje får den, sa Tønnesson til avisa.

Takkar Trump

Israels statsminister Benjamin Netanyahu takkar Trump for hans bidrag til fredsplanen.

– Eg takkar president Trump og hans team frå botnen av hjartet mitt for deira innsats i det heilage oppdraget med å lauslate våre gislar, seier Netanyahu i ei utsegn.

Netanyahu, Pakistan og Aserbajdsjan er blant dei som har nominert Trump til fredsprisen.

 Andrew Caballero-Reynolds / AFP / NTB
TAKKAR: Israels statsminister Benjamin Netanyahu takkar Donald Trump for innsatsen med fredsplanen mellom Israel og Hamas. Biletet er frå då dei to møttest i Det kvite hus i september. Foto: Andrew Caballero-Reynolds / AFP / NTB

Presidenten sjølv har ikkje lagt skjul på at han ser seg sjølv som ein kandidat.

– Alle seier at eg fortener fredsprisen, sa Trump i talen sin til FNs hovudforsamling i september.

Han viste til ein påstand han har nemnt gjentatte gongar om at han har fått slutt på fleire krigar. Påstanden er omdiskutert.

Trump har også sagt at det vil vere ei fornærming mot USA dersom ikkje han får fredsprisen.

I juli tok han opp fredsprisen i ein telefonsamtale med finansminister Jens Stoltenberg (Ap).

– Det einaste eg kan seie, er det eg har understreka mange gongar, både offentleg og i andre samanhengar: at Den norske nobelkomité er uavhengig, sa Jens Stoltenberg til TV 2 tidlegare i haust.

Lar seg ikkje påverke

Sveen er sikker på at Nobelkomiteen ikkje vil la seg påverke av presset, og peiker på då demokratiforkjemparen Liu Xiaobo vann prisen i 2010 som eit døme.

– Då var det eit enormt press både frå Kina og indirekte frå den norske regjeringa at Nobelkomiteen ikkje skulle gje ein kinesisk dissident prisen, men dei gjorde det, seier Sveen.

Tildelinga førte til at Noreg og Kina ikkje hadde politisk kontakt på fleire år. Forholdet blei normalisert igjen først i 2016.

– Dei (Nobelkomiteen) forsvarte prisen etter kvart som regjeringa la seg flate for Kina for å kome ut av fryseboksen, seier Sveen.

– Dei må rett og slett forhalde seg til intensjonane i Nobels testament, legg han til.

Torsdagens utvikling vil uansett ha ingenting å seie for tildelinga. Ifølge VG blei avgjersla om kven som mottar fredsprisen, tatt på måndag.

Leiaren av Den Norske Nobelkomité, Jørgen Watne Frydnes, sa til VG og NRK denne veka at komiteen ikkje lar seg påverke av press utanfrå.

– Ser du på fredsprisen si historie, trur eg du finn alt mogleg av press, kampanjar og måtar som dei ulike komiteane har blitt forsøkt påverka på, sa Frydnes til NRK.

 Jonas Been Henriksen / NTB
LEIAR: Jørgen Watne Frydnes seier at Nobelkomiteen har blitt forsøkt påverka mange gongar opp gjennom åra. Foto: Jonas Been Henriksen / NTB
Read Entire Article