KRONIKK? Trur du herre-landslaget i fotball hadde kome til VM på ein sparepakke?
Helge Kristoffersen
Hovedtillitsvalgt i Norsk Lektorlag, Sandnes kommune
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Sjølvsagt må me spara i skulen. Sparing er ein viktig verdi i Norge. Dugnad! Alle må stå på for å få endane til å møtast. Kommunen har ikkje råd, og tidene er tronge. Om me berre greier ein skarve prosent til i kutt, så er det ikkje så mykje me må spara til neste år. Om me er heldige kan me satse – litt – på framtida neste år.
Når no ferien har starta og feriepengane snart tar slutt, sit eg her som lektor og tillitsvald og gler meg til august. Det skal bli bra å sjå att gode kollegaer. Men mest gler eg meg til å treffa den nye klassen min, 8B, som skal bli den aller beste klassen for alle. Som trenar Solbakken skal eg ta dei med ut i verda, bygga laget og visa at me får det til. Om me må slita med franske revolusjonar gjer me oss ikkje. Me gyver på og legg verda under oss.
Kan me spara oss til topps?
Kor mange skulebøker kunne me kjøpt for kostnaden av å sende landslaget over dammen? Det er vanskeleg å setta tal på, men det er snakk om mange tunge skulesekkar. Kva med om me berre droppa VM, og gav blaffen i å fylla lommebøkene til Trump og Infantino? Det handlar jo til slutt berre om pengar, og pengar må brukast klokt. Sjølvsagt er eg ikkje så dum at eg trur dette er mogeleg. Det er ulike pengar og budsjett. Men det eg veit er mogeleg, er at ein kan koma langt om ein berre vågar å satsa.
Så, la oss lesa ingressen på nytt. Trur du landslaget hadde kome til VM på ein sparepakke? Hadde det vore greitt om dei budde på eit motell i vegkanten og sat på skulebuss over prærien på veg heim frå Dallas? Kan hende dei fekk ei treningsøkt i Central Park på laurdag formiddag. Sjølvsagt skal me satsa på Erling og Martin! Men kva med dei andre i 8B? Kva med alle dei andre i skule-Norge? Skal me satsa på dei? Eller kanskje me berre skal så oss til ro med at «det går nok bra til slutt»
Eg kan takka skulen for mykje
Med meg gjekk det bra med til slutt. Eg er lektor og feira sølvbrullupp i går. Ungane får gode karakterar og skal studera lenge. Me har alt å takka skulen for. Likevel var vegen lang og hard. Fyrst etter 11 år på skulebenken fekk eg diagnosen dysleksi og forsto kvifor stilane såg ut som jordbæråkrar. Det var ikkje få dagar eg inderleg hata skulen! Slik var det på 80-talet, og eg sver på at ingen i min klasse skal gå ut med uoppdaga dysleksi. Nokre av dei eg gjekk på skule med hamna på gata, og det er ikkje sikkert alle fekk bli det dei ville bli. Det er ikkje sikkert at eg kan takka skulen for alt. Kan hende det var litt flaks og hardt arbeid.
Mor mi var faglærar i tekstilforming, og på bilen hennar var det eit klistremerke, «sats på skulen». Bilen er vraka og slike klistremerke finst ikkje lenger. Til hausten skal me ikkje spara meir i Sandnes kommune og på Høyland ungdomsskule, trur eg. Men minister Kari Nessa Nordtun har lova satsing på bøker, og «laget rundt eleven» skal styrkast på kommando frå eit samla politikar-Norge.
Konsekvensane av ein spareskule
Som hovudtillitsvald har eg sett budsjetta. Det er ikkje snakk om småpengar som vert brukt på norsk skule. Me e blant dei som brukar mest pengar på skule i heile verda. Takk for kvar ei krone! Takk for at skulen er gratis for alle! Det er berre det at me har ikkje dei aller beste læringsresultata. Det er mange skuleleiarar som opplever pengane knappast rekk til det lova krev. Det er mange unge som samlast i gamle og dårlege bygg og som ikkje har oppdaterte læremiddel. Meiner me faktisk «sats på skulen» i 2026?
Kva gjer det med eit barn å gå på ein spareskule i 13 år? For meg gjekk det heilt OK, men det er ikkje slik for alle. Det er noko med signalet me sender til dei unge. Heime veit eg dei er prioritet nummer ein for dei føresette, og for samfunnet er dei heilt openbert sjølve framtida. Er me sikre på at dei kjenner seg verdsette og ikkje berre som ein utgiftspost? Eg meiner ikkje at me skal ha skulebudsjett som sertaptas krukker, men kva om me gjer ord til handling?
Kan me satsa litt meir?
Når minister Nessa lovar eit tungt leseløft må det vera vekt i pengesekken og. Mange millionar vert ikkje alltid nok når det skal fordelast på så mange elevar. På min skule er det mange flinke folk på «laget rundt eleven», men me var fleire då me brukte for mykje pengar. Heldigvis er taket på Høyland ungdomsskule tetta, og det går rykte om oppussing. På arbeidsrommet har eg fått ein ny brukt kontorstol som er mykje betre enn den gamle brukte kontorstolen. Det er rom for å satsa meir på skulen!
Kva om me berre satsa litt meir på framtida? Ikkje berre minimalt. Elevane mine hadde sett pris på både bøker og eit supersterkt lag med vaksne. Kan hende vert dei ikkje best, og vinn verdsmeisterskapet. Men dei skal bli den beste versjonen av seg sjølv. Eg lovar dei på tru og ære at eg skal gjera mitt beste! Men eg greier det ikkje aleine. Det må satsast på skulen! Me må bygga laget som Solbakken. Me må ro for skulen.
Kjære alle ansvarlege: Kutt med varsemd! Stå ved store ord! Leit i pengesekken! Sats på skulen!
Publisert:
Publisert: 3. juli 2026 19:36

2 hours ago
1




English (US)