– Eg måtte ta ei avgjerd. Eg har konkurrert «nonstop» den siste tida, seier Narve Gilje Nordås til NRK.
Nordås blei invitert til å konkurrere på 1500-meteren under Diamond League-finalen i Zürich denne veka.
Han var eigentleg ikkje kvalifisert til finalen, men fekk høve til å kjempe om førstepremien på ein halv million norske kroner etter at Cameron Myers og Jonah Koech begge sa nei.
Likevel valde Nordås å avstå frå tilbodet.
– Diamond League-finalen er stort. Det er vanskeleg å seie nei når ein får moglegheita. Men VM er det viktigaste, så det var ei hard prioritering, men rett prioritering, forklarer Nordås.
Jærbuen leverte sin årsbeste på 1500 meter med tida 3.30,26 under stemnet i tyske Pfungstadt førre veke.
Det var hans sjette løp på vel ein månad. Og det har kosta.
– Eg har konkurrert nok. For eg har tappa grunnforma og kondisjonen. Og det blei tydeleg under den første hardøkta etter Tyskland. Derfor treng eg ein god periode med trening, seier han.
TRØBBEL MED BELASTNING: Narve Gilje Nordås fortalde til NRK i Polen tidlegare i august at han sleit med ei overbelastning. Det skal vere i orden nå.
Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRKIngen fleire konkurransar
VM i Tokyo startar den 13. september. Forsøket på 1500 meter er natt til søndag 14. september. Semifinalen er 15. september og finalen den 17. september.
Nordås bekreftar overfor NRK at den neste gongen vi vil sjå han i ein konkurranse vil vere i forsøket på 1500 meter i Tokyo.
– Eg kunne sprunge i Zürich, og gjort eit brukbart løp der. Men det ville gått ut over VM. Så eg vil heller ha ein hundre prosent base til VM, forklarer Nordås.
Nordås rasa etter Diamond League-løpet i Polen tidlegare i august. Les kvifor her:
Akkurat nå er Nordås på høgdetrening i St. Moritz. Der har han hatt base mens han har reist Europa rundt og konkurrert den siste halvannan månaden.
– Det er nok ikkje så mange slår meg på talet på konkurransar, seier han.
Eige opplegg
Planen er å bli der så lenge som mogleg, før han tar to dagar heime i Sandnes. Etter det set kursen mot Japan.
Nordås køyrer eit eige opplegg utanfor landslaget saman med treningskameratane Kieran Lumb (Canada) og José Carlos Pinto (Portugal).
Dei tre skal ha treningsleir i Tokyo, mens landslaget held til i Fukuoka. Jakob Ingebrigtsen skal etter planen gjere seg klar i Kyoto.
– Det er ein oppladingsleir ei veke før kor vi skal trene saman. Kieran Lumb, José Carlos Pinto og eg. Så vi får den kvaliteten vi skal ha på øktene, forklarer Nordås.
KAMERATAR: José Carlos Pinto og Narve Gilje Nordås.
Foto: Paul S. Amundsen / NTBHan ønsker foreløpig ikkje å bekrefte om trenar Gjert Ingebrigtsen skal vere med på treningsleiren eller til stades under meisterskapen.
– Det gir ein tryggleik i førebuingane, og at vi får den matchinga vi trengjer på dei spesifikke øktene. Det er eit nytt land, ei lang reise. Og det er fint å ha den tryggleiken der borte i oppkøyringa, og trivselen, konkluderer Nordås.
Publisert 28.08.2025, kl. 06.52