Noreg-målvakt fekk hjarteproblem: – Kom som eit sjokk

1 hour ago 1



– Kroppen svarte ikkje. I ein kamp merka eg at hjartet hoppa litt alle vegar.

Det fortel Viljar Myhra til NRK. Han er tilbake på landslaget for første gong sidan hjarteproblema oppstod i mars 2025.

Myhra, som til dagleg spelar i danske Odense, blei da tatt ut av kamptroppen på ubestemt tid mens spesialistar overvakte og undersøkte han nøye.

– Lang og tøff periode

Han fekk påvist hjarterytmeforstyrringar og ein stressliknande tilstand – og det tok heile fem månader før han var tilbake på fotballbanen og spelte kamp igjen.

– Det var ein lang og tøff periode. Eg synest eg har komme godt ut av det, det er herleg å kjenne at ting stemmer og at kroppen er i gang att, seier han.

Myhra

SER FRAMOVER: Viljar Myhra fekk hjelp til å overvinne frykta.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Kom som eit sjokk

Han møter NRK på spelarhotellet til landslaget i Nederland, der dei ladar opp før privatlandskampen fredag.

– Når ein høyrer noko er feil med hjartet, så tenker ein kanskje det verste. Kva tenkte du?

– Eg fekk aldri høyre at det var noko gale, det var noko heilt ufarlege hjarteting. Men det kom som eit sjokk at ting ikkje fungerte, og spesielt med hjartet. Det tok litt tid å komme seg over det og sleppe den frykta. Det var ein tøff periode med usikkerheit, seier han.

– Blei dei rundt deg stressa?

– Det er klart, når det er hjartet det er noko med, så blir ein litt uroleg. Det var tidleg klart at det ikkje var noko farleg, og eg trur dei hadde det greitt, men det blei ei bekymring. Vi kom oss gjennom det, alle mann, fortel han.

d

TILBAKE: Viljar Myhra og målvakttrenaren til landslaget Frode Grodås på trening i Nederland denne veka.

Foto: Bildbyrån / Vegard Grøtt

Fekk psykologhjelp

Den norske landslagsmålvakta, som drøymer om å vere ein del av VM-troppen som Ståle Solbakken tar ut i mai, fortel at han lente seg på ekstern hjelp frå både mentaltrenar og psykolog for å overvinne frykta.

Han er nøye med å takke den danske klubben sin for måten dei handterte og varetok han på i perioden han var borte frå fotballen.

– Eg har fått god hjelp, både av klubben og eksternt. All ære til klubben som gav meg tida eg trong, det var verkeleg stort gjort av dei. Det set eg pris på, seier han.

Kven bør stå i mål for Noreg i VM?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Kjenner meg betre enn på lenge

I dag merkar han ingenting til problema. At han igjen blei tatt ut på landslaget av Ståle Solbakken, tar han som ein bonus etter å ha komme bra tilbake mellom stengene i OB.

Han var på trening under pressekonferansen, men skjønte at det hadde komme gode nyheiter da han kikka på telefonen etter økta og såg at det hadde runne inn med gratulasjonar.

– Viljar har vore med oss før og stått bra i Danmark og hatt mykje å gjere. Og målvakttrenar Frode Grodås hadde ei god kjensle på han, forklarte Solbakken.

– Nå er ting bra og stabile, så det er berre å køyre på. Eg kjenner meg betre enn på lenge, det er veldig herleg, seier Myhra sjølv.

Dei norske landslagsherrane speler to privatlandskampar denne samlinga, først mot Nederland i Amsterdam fredag kveld, før Sveits ventar på Ullevaal tysdag. Kampen kan du sjå på TV 2 eller høyre på NRK Sport på radio.

Publisert 25.03.2026, kl. 05.38

Read Entire Article